Om

Olav Sataslåtten (d.y.) er tilsett i Riksarkivet, men har engasjert seg i folkemusikkfeltet på privat initiativ. Mellom anna bygde han sida Hallingspel for å gjera materiale frå denne tradisjonen tilgjengeleg. Sataslåtten har gjort utval i arkivmateriale, transkriberert og publiserert det han finn interessant og som er eldre enn åndsverklova sitt område.

– Då me flytta attende til Hallingdal for eit par år sidan, vakna ei sterk interesse i meg for folkemusikken i området. Aller først var det opptak med bestefar min eg søkte, han var ein kjend hardingfelespelar frå Hallingdal. Sidan har eg utvida interessa til både skriftleg material og til fleire tradisjonsområde, langt utafor Hallingdals grenser, fortel han.

Folkemusikksamlinga i Ål bygdearkiv kan delast inn i fire hovudsamlingar: Nestegardsamlinga, Bergsamlinga, Hallingstadsamlinga og samlinga etter Aal spel og dansarlag. Av desse var Hallingstad- og spel- og dansarlaget si samling allereie digitalisert då eg kom inn med mitt prosjekt. Me kan seia at det gjekk nokre parallelle løyp samstundes, ettersom dette med LoCloud som eit verktøy for tilgjengeleggjering av lyd kom inn som eit alternativ rundt desember 2015. Riksarkivet hadde utvikla tre av modulane i denne EU-baserte løysninga, som fram til nå nok i hovudsak rommar bilete. Riksarkivet har inkje hatt nokon rolle i prosjektet mitt. Det at Hallingdal gjeng på lufta med ei eiga folkemusikksamling er unikt i Noregs -samanheng, men elles i Europa fins det institusjonar som hev utvikla ganske omfattande plattformer for lydinnspelingar i Europeana Sound. Europeana rommar meir enn 4 millionar objekt per i dag.Om bygdearkivet ynskjer det kan samlinga speilast ut i Europeana og dermed vera synleg for heile Europa. LoCloud er serdeles godt egna til publisering av folkemusikk fordi den er samlingsbasert, slik at framvisinga tek utgangspunkt i den enkelte utøvar, og at låttane strukturerast under kvar og ein tå desse.

På vårparten i fjor vart lydsamlinga etter Hallgrim Berg og far hans, Bernard Berg, innlemma i Ål bygdearkiv, og eg satt i gång digitaliseringa av denne. Samstundes tok Grethe Nestegard initiativ til same overføringa, og eg gjorde då tilsvarande digitaliseringa der. Både samlingar er no digitalisert tå meg, og Berg-samlinga er og indeksert, det vil si at kvar lått på ei band er identifisert og lagd mp3 tå.

Frå eit folkemusikkperspektiv er samlinga i Ål bygdearkiv heilt unik i og med at den inneheld sers gode privatopptak med spelemenn inkje berre frå Hallingdal, men og frå Vestlandet, Telemark, Valdres og ein rekke andre områder kor folkemusikken hev stande sterkt. Ål bygdearkiv vart den fyrste institusjonen i landet som tilgjengeliggjer samlinga si på dette viset. Det er ulike orsakar til at noe slikt inkje er blitt gjort før av dei ulike bevaringsinstitusjonane i landet. Ein del ynskjer inkje å dele, mens andre inkje har ressursar til å utvikle verktøy for nettbasert tilgang. LoCloud er i slik forstand heilt eineståande ettersom det er gratis, og det hev og ein relativt låg brukarterskel i forhold til opplasting. Løysninga er og søkbar, båe på utøvar og låttenamn, og soleis heilt einståande i sitt slag.

For min del har motivasjonen vart å gjera folkemusikken tilgjengeleg for utøvarar og entusiastar. Eg sit inkje og rekna på kor månge timar er har brukt på dette arbeidet –det er naturlegvis meir enn tusen, men for meg ligg gevinsten utelukkande i å fremme Hallingdals betyding nasjonalt og regionalt, og å gje eit verkty til dei fantastiske utøvarane som set folkemusikken og dansen frå Hallingdal på kartet.  Eg har med unntak av eit dusin låttar vore aleine om denne jobben: det er sånn sett inkje tale om noko dugnad. 1500 låtter gjeng på lufta no, men eg hev omlag 500 som ligg klåre til publisering ettersom vi månad for månad tek igjen 50-årsgrensa for retten til eit arkiv til å publisere lydmateriale ut frå innspelingsdatoen.  Eg har klart å finne ganske omfattande mengder kveding, ein god del langeleik, noko lur og til og med noko så eksotisk som opptak med salmodikon, eit eitt-strengs instrument som ein spelte låttar på i mangel tå skikkeleg fele.