Spelemennene Ola A Strand og Ola A Øino dro saman til Amerika frå Strand i 1881

 

watermarked-Nr 6252
Ola A Strand (t.v.) og Ola A Øino på veg til Sjur Helgeland og Ola Mosafinn for å lære spel. Foto: Ål bygdearkiv.

Av Olav Sataslåtten d.y.

Ei sentral soge i hardingfeletradisjonen i Hallingdal er då springaren Krullafuru vart namngjeven. Det finst fleire versjonar av denne forteljinga, men ein opplysning i kyrkjeboka for Ål år 1881 understøttar riktigheten av den versjonen som legg til grunn at Ola A Strand vitja spelemannen Tor Grimsgard på Nes på veg nedover dalen, og lærde og namngav springaren under ei Krullafuru der i Nes.

zoom kirkebok strand øino
Kilde: Ål kirkebøker, F/Fa/L0007: Ministerialbok nr. I 7, 1865-1881, s. 283

Kva kyrkjeboka fortel oss, er nemleg at Ola A Strand ikkje reiste åleine den gongen, men drog saman med spelemannen Ola A Øino. I eit gamalt nummer av bladet Nu fortel Strand at han som liten gut lærde å spele saman med Ola A Øino. Opplysninga i kyrkjeboka gir også meining til historia om at Ola A Strand gikk ut av vogna der på Strand, og ba spelemannen Knut Skøro å syrgja for at ein lått vart lærd bort ( Asle-Knut). Ola A Øino sat saman med han i vogna, og det bygde vel opp under følelsen av å forlate ein speltradisjon. Sidan både Strand og Øino var spelemenn, gir det meining at dei skulle ta seg tid til å reise innom Tor Grimsgard, sikkert i håp om å kunne ta med seg nokre fleire låttar til Amerika. Det er viktig å understreke at bror til Ola A Strand, spelemannen Tolleiv Strand, allereie hadde reist til Amerika nokre år tidlegare.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s