Dansere frå Ål under eit landsstemne i Oslo 1932

Tor Underberg dansar med Borghild Luksengård (seinare gift med Eirik Breie). Vidare ser me Birgit (Billa) Berg, saman med Lars Gjeldokk (som ho vart gift med i 1940). Det siste paret er Ola Guroplass som dansar med Margit Berg. Dette var tre sers flinke dansepar. Tor Underberg saman med Sigvat Tveito ivra sterkt for å yngja oppatt hallingdansen som på slutten av 20-åra held på å døy ut. Dei sette i gang kurs og vekte interessa att. Tor dreiv det langt som dansar og vann mange premiar. Han toppa premielistene også på landskappleikar, både i springar og laus. Lars Gjeldokk la og ned eit stort arbeid både for dans og leik. Ola Guroplass var ein stildansar av finaste slag og
toppa også premielistene i mange år. Nils Gjeldokk var spelemann då dette biletet vart teke. Nils fortalde at dei i 1932 hadde vorte bedne om å danse under eit landsstemne i Oslo. Det er truleg for å varme seg opp at dei tek ein svingom ute på gata.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s