Sevat Sataøens framføringar og innspelingar del 2 -1945-1962.

Av Olav Sataslåtten

Sevat Sataøen ble spilt inn av Kringkastingen i 1949, 1952 og 1957. Han ble spelt inn av Arne Bjørndal i Ål 12. august 1959. Hans Nestegard gjorde opptak med han i 1956, og Bernard Berg og Lars Hallingstad gjorde også opptak med ham på 50-tallet. Sataøen ble gitt ut på flere syvtommer-singler på 50-tallet, men alt dette er hentet fra NRK-opptakene. Den siste registrerte kappleiken han deltok på var kappleiken Ål november 1945, hvor han tok delt andre premie med Sataslåtten.

Nedenfor gjengis de offentlige fremføringene Sataøen hadde i perioden 1945 og frem til han gikk bort i 1962. Den siste kjente fremføringa hans var i januar 1959. Sataøen fikk angina, og ble gradvis svakere i sine siste leveår.

Samtlige opplysninger er med et par unntak hentet fra Hallingdølen. Bortsett fra rundt fem-seks større arrangementer er de fleste av speloppdragene hans i denne perioden små oppdrag for lokallag og foreninger. Jeg har tatt med litt tekst fra samtlige arrangement, fordi de gir et innblikk i kulturlivet i Hallingdal i denne perioden.

Verdt å merke seg er at Sataøen ikke opptrer sammen med sin elev Kristian Øvrevollseie fra Hol, og ei heller med Olav Sataslåtten. Til gjengjeld gjør han flere opptredener med elevene Lars og Nils Gjeldokk.

Desember 1945
Styret og arbeidsutvalet for Hallingdal Høgskulelag hadde møte på Aal no med helga. Planane for arbeidet framover vart drøfta. Når det gjeld kjøp av skulegard, kom det opp fleire framlegg både frå Gol, Aal og Hol. Styret skal arbeida vidare med saka og snarast mogeleg freista å finna ei løysing, gjerne i samråd med styret for Noregs Høgskulelærarlag. Elles deklamerte skodespelar Sigurd Haugstad dikt av Welhaven, Ibsen og Herman Wildenvey. Sevat Sataøen spela hardingfele og Aal
mannskor song.

Februar 1946
Aal maaalag tek oppatt arbeidet. Lærar Sigv. Torsteinsrud ny formann. Aal mållag hadde fyrste møtet sitt etter krigen på Solhov no sundag som var. Lærar Torleiv Tveito innleidde til ordskifte om arbeidsoppgaver i dag. Val på nytt styre. Lærar Sigvat Torsteinsrud vart vald til ny formann. Andre i styret vart: Ola Løkensgard, Torleiv Tveito, Botolv Sehl og Anna Myro. Om kvelden var det fest på Solhov der folkehøgskulestyrar Øystein Eskeland tala. Spellaget åt Sando fråhaldslag viste fram spelstykket «Elskhug og giftarmål» av Anders Hovden og Sevat Sataøen spela hardingfele.

Februar 1947
ÅI husmorlag inviterer til fest på Sundrehall lørdag 22. februar kl. 20. Foredrag av fru Bruun. Skuespill av Gol Husmorlag. Sang og viser. Fele av Sevat Sataøen. Musikk av Marte og Kalle Sonerud. — Bevertning. Flere verdifulle gjenstander utloddes. På inngangsbilletten kan vinnes et Ifi-lodd. Entre kr. 1,50.

Mars 1947
Ål venstrelag – Ål unge venstre. Kurs i samfunnskunnskap på Ål tingstugu 8. og 9. mars. Laurdag 8. mars kl. 15: Foredrag av domarfullmekt Rognlien: Forfatningsspørsmålet». Ordførar Breie: «Kommunal kunnskap.» Demonstrasjon: «Heradstyret i arbeid.» Kl. 20 årsmøte i Ål unge venstre. Vanleg årsmøteprogram. Sundag kl. 12: Foredrag av stortingsmann Svinsås-Lo: «Frå stortingsarbeidet. Atterreising.» Sekretær Audhild Scheie: «Organisasjonsspørsmålet.» Domarfullmekt Rognlien: «Venstre og finanspolitikken.» Sundag kl. 20 fest på Solhov. Tale av stortingsmann Svinsås-Lo og
sekretær Audhild Scheie. Helsing frå Botolv Botilstølen.
Felespel av Sevat Sataøen.
Mat og drikke. Alle velkomne.

Mars 1947
Ål Husmorlag hadde ein gild fest på Sundrehall førre laurdag. Elles var det eit svært godt program. Sevat Sataøen spela fele og Kalle Sonerud spela dragspel.

Mai 1947
Gild høgskulestemna i Nesbyen. Ola Perstølen samrøystes attvald til formann i Hallingdal høgskulelag. Ungdomslokalet Sollys. Etter foredraga spela Sevat Sataøen fele. Sataøen er ein sermerkt kunstnar, som maktar å få fram den tryllande stemninga som fylgjer med felespel. Han spelar slåttane på sin eigen friske og fengjande måte. — Ein verdig målsmann for folkemusikken i Hallingdal.

November 1947
Aal. Staden laurdag: SOLHOV! Ungdomslaget «Frams skipar til ungdomskveld på Solhov
laurdag 22. novbr. kl. 20 presis. Program: Tryllekunstnaren Olsen. Kapp-eting. Aktuelt foredrag av lærar Sørsund: «Den gylne middelvei». Bladet «Måltrosten» v/ Aslaug Sataøen. Felespel av Sevat Sataøen. Song: Viser og slagarar. Sketsjar. Truleg premitevling v/ Dr. X. Mogleg anna tidtrøyte. Alle er velkomne! Ul. FRAM.

Februar 1949
Årsmøtet i Hallingdal Turisttrafikklag på Sundre hotell. Fullmektig Norgren viste fram to fargefilmar frå natur og folkeliv i Noreg. Det var og framvising av nasjonal dans på scenen, medan S. Sataøen spela fele. Ål
Hornmusikklag spela så opp til dans.

Mars 1949
Årsmøte i Ål venstrelag og Ål Unge Venstre Ål venstrelag og Ål Ung Venstre hadde årsmøte saman på Ål Hotell siste sundag. Etter foredraget var det eit interessant ordskifte. Sundarskveld var det fest på Solhov. Eldre heradsstyremedlemer styresmenn i venstrelaget var innbedne, sameleis formannen i Hol or Torpo venstrelag. Neri Valen heldt festtalen og gav eit framifrå oversyn over den politiske utviklinga her i landet. Lars Gran las ein prolog som han sjølv hadde laga. , Olav Oleivsgard fortalde stubbar, Sevat Sataøen spela hardinzfele og Karl Krøvel Velle orgel.

17. mai 1949
Til musikk- og songtilstellinga på «Sundrehall» var det fullsett hus. Lærar Gran las ein mektig prolog, som var skrive i høve fridomsdagen. Dei som tok del i underhaldet var: Ål Orkester, Ål Mannskor, Ål Blandakor og felespelarane S. Sataøen og N. Gjeldokk.

Mai 1949
Breie Vanførelag i Ål hadde basar siste laurdag og sundag. Lærar Reinton og skuleborna sytte for underhaldet laurdag. Sundag tala fru Perstølen. Ho hadde og skrive ein prolog til vanførelaget der som ho sa fram. Sevat Sataøen spela fele. Frammøtet var godt og nettooverskotet vart kr. 533.02.

Juni 1949
Øvre Buskerud krins av Norges Husmorforbund har krinsmøte i Ål If. og 12. juni. LAURDAG 11. JUNI : Ope møte på Sundrehall kl. 20,30 (presis). Prolog av Marit Stølen. Velkomen til dei finske, danske og svenske gjestene. Flaggparade og nasjonalsongane. — Song av husmorkoret. Utlodding. Felespel av Sevat Sataøen. — Spelstykke. Inngangspengar kr. Alle er hjarteleg velkomne !

August 1949
Hallingdalsungdom til Sverige. Sist i vika reiser ein flokk ungdom frå fråhaldslaga i Hallingdal til Sverige. Dei har øvd inn eit program som dei skal føra fram i losjar og lag i,Vestmanland. Dette er eit ledd i det samarbeidet som dei siste åra har vore mellom Vestmanland Distriktslosje av N. T: O. og Buskerud fylke av D. N. T. Som sume kanskje hugsar, var ein flokk svenske ungdomar på programferd i Buskerud i fjor sumar. Programpostane som skal førast fram, vart tekne ut etter ei programtevling på stemna åt fylkessamskipnaden på Hønefoss tidligare i år. Elles vert det med nokre som skal visa fram springar og halling. Sataøen, Ål, skal spela fele. Det vert i alt 13 stykke. Lensmann Børseth-Bjørnsen skal vera leiar på ferda.

September 1949
Flott framsyning av skotsk folkedans i Ål. Dei venta vitjing av framandfolk, dei som samla i ungdomshuset Solhov fredag kveld. Mange av dei dansarar og songarar i bygda var møtt fram, alle kledde i hallingklede. Det kvilde ei høgtidsam stemning over folk, medan dei venta på gjestene. Ein og annan stakk tit gjennom døra, lydde om det kom nokon. Med eitt spissa folk øyro, ute frå den mørke haustkvelden kom det strøymande underlege tonar.

Det likna på ein fløytemelodi. Den store, tunge roseemåla døra til ungdomslokalet vart opna på vid vegg — og inn marsjerte eit tog med skotske studentar frå Cambridge. I brodden av toget gjekk sekkepipeblåsaren, og lokalet vart fylt med dei kraftige tonane frå den melodiøse og monotone skotske folkemusikken. Dei skotsk-engelske studentane vart ynskt velkomne av lærar Lars Tormodsgard. Studentane var komne med buss frå Bergen, og fr. Magnhild Karstad var tolken og reiseleiaren deira. Det var 21 studentar i alt. Sekkepipeblåsaren spelte opp, og dansen tok til. Skottane var kledde i nasjonaldraktene sine, og karane gjekk i dei verdskjente «skjørta». Dei kunne dansa. Ein dans som gav uttrykk for det skotske folkelynnet. Rørslene var elastiske, og dansen hadde ein vakker og ledug rytme. Ein vart reint hugteken. Dei nytta og trekkspel til eindel av dansane. Det vart dansa eit utval av ymse folkedansar, det var bondedansar, sverddansar og lodans. Sverddansen var ein eldfull og krigersk dans, som tolka mannsmot og mannsdåd. Dansarane hausta stor fagnad. Våre eigne dansarar synte og fram sine. Meisterdansaren Tor Underberg og fleire var tilstades. Etter felernusikk frå S. Sataøen vart det dansa springar, reinlender og halling. Norske songleikar vart og synt fram. Stor fagnad fekk tre av dei beste og eldste dansarar frå Ål, då dei sprette seg på golvet.

Den eldste av dei er no 72 år gamal. To gjenter frå Hol song «Brudeferda i Hardanger». Tilslutt dansa skotske og norske folkedansarar saman. Skottane var jamvel med på å dansa springar, og fleire av dei fekk den rette «slengen» med ein gong. Det er lærerikt eit slik møte med eit framandt folk, det gjev oss vidare og storre perspektiv, slik at tanken kan «gå i fred og brorskap til Skottland og England, landet som ein flokk studentar viste solsida av.

September 1949
Presten Jon Mannsåker og J. Torset talar på SUNDREHALL sundag 2. okt. kl. 17. av Sevat Sataøen og Nils Gjeldokk. Anna underhald. Buss frå Skarsgardhagen kl. 16.

Oktober 1949
Hallingdal Høgskulelag hadde årsmøtet sitt på Geilo siste helga i okt. og høgskuleringane på Geilo sto for tilskipinga. Årsmøtet tok til med ein festmiddag for møtelyden. Folkefesten. Om kvelden var det skipa til stor folkefest på «Fjellvang». Geilo Orkester spela. Diktaren Olav Sletto heldt festtala, og diktaren Henrik Rytter Ins opp to av sine eigne dikt. Det vart synt fram to sketsar, og Sevat Sataøen og Lars Gjeldokk spela hardingfele.

Februar 1950
Venstre i Ål. Ål Venstre og Ål Unge Venstre har årsmøte saman på Ål Hotell sundag 26. febr. kl. 12. Sakliste: Generalsekretær BØRNES : Den politiske stoda i dag. Ordførar LØKENSGARD : Aktuelle arbeidsoppgåver i kommunen. Val -— Organisasjonsspørsmål — Samtale. FEST PA ÅL HOTELL KL. 19. Foredrag av generalsekretær MAGNUS BØRNES. Ordet fritt — Politisk spørjetevling. Felespel av SATAØEN og GJELDOKK Kaffispleis! Tilgjenge for mediemer med ein kjend.

28. juli 1950
Hyggjeleg samvær med svenske gjester. Mykje bygdefolk var tilstades både under «lanskampen» og på samkoma etterpå på Sundrehall sist tysdag då gjestene frå Vestmanland var i Ål. Etter fotballkampen samlast lyden til eit kameratsleg samvær på Sundrehall. Lars Tormodsgard ynskte velkomen og gav romet over til svenskane. Etter at den svenske nasjonalsongen var sungen, gjekk svenskane i gang med sitt program. Formannen i Vestman- land distriktslosje av N. T. O. som og var reiseleiar, Algot Berqman, leidde programmet. Det bau på musikk, song, tryllekunster, morosarne leikar o. som alt saman gjorde stor lukke Svenskane er utan tvil komne mykje lenger enn vi nordmenn, når det gjeld å Iya lette, men gode program. Etter at programmet var slutt, spela Sevat Sataøen nokre slåttar

14. desember 1951
Avslutningsfesten for vevskulen vert på Solhov sundag 16. desember kl. 8 presis Festtala av fru Bruun. Prolog av Marit Stølen. Song av Ål Blandakor, Felespel av Sataøen. Mat og kaffe. — Trekning. Vevgjentene ynskjer allé vel møtt.

19. februar 1952
Ål Mållag hadde årsmøte siste sundag. Til nytt styre vart desse valde : Erik Brattegard, O. Adnegard, Botolv Sehl, Ola Tormodsgard og Per Perstølen. Med desse varamenn : Oddlaug Tveito, Lars Skrindo og Ola Løkinsgard. Om kvelden hadde laget fest på «Solhov». Professor Olav Midttun heldt festtala. Av anna underhald kan ein nemna at Sevat Sataøen spela hardingfele og Boris Borisoff spela balaIaika og domra. Det vart servert rjomegraut, kaffi og kaker.

28. mars 1952
Festen åt Hallingdal Høgskulelag i Ål siste sundagr. Utanom foredraget til Sletto spela Sevat Sataøen hardingfele og Ål Mannskor song.

Møte Ål husmorlag oktober 1952
Etter nokre feleslåttar av Sevat Sataøen bar fru Bruun fram ein takk til Ål Husmorlag for
den stønad som laget hadde gjeve henne den tid ho var krinsformann

Desember 1952
60-årsfesten i AI Venstrelag vart halden på Solhov sund g 30. november. Sevat Sataøen skapte mykje hyggje med fela og Eirik Trintrud viste seg som ein framifrå redaktør for lagsbladet. Festnemnda baud på både mykje og god mat.

Juni 1953
Som kjent var ein del hallingar med på festspela i Bergen og synte kunstene sine.


På biletet ser vi torpingen Kåre Rotneim i eit flott hallingkast. Fru Sissel Kirkedelen held pinnen med hatten. Sevat Sataøen spelar og Liv Breie står og fylgjer interessert med, spent på om Rotneim greier å få hatten av pinnne.— Men han greidde det fint.

Avisa Friheten skrev: «Magne Manheim spilte og spilte som «Myllarguten», Ole Bulls «oppdagelse», han spilte Rotnheimsknut, Brureslått, Fanitullen og mange andre slåtter
med ild og futt. Til dansene var både han, Lorentz Hop, Sevat Sataøen og Torleiv Bjørgum i ilden. og så danserne da! Uten å ville gå noens ære for nær må man si at høydepunktene her var Setesdalsgangeren, Rørospolsken, Hallingen og den dobbelte Fanaspringer. Rheinlenderen er litt for alminnelig og tok for stor plass. Trøndelagsdanserne, Hallingdals— og Setesdalsdanserne kappet med våre egne Fanadansere i popularitet, og ikke mindre populær ble den trivelige mannen med fenaknoken, som gavmildt sneiet av til både kongelige og borgerlige tilskuere. Stor lykke gjorde Guro av Seljedal med sin lokk, sin stevsang og den muntre visen. Da Ole Bull til slutt red ut på sin hvite ganger, etterfulgt av landdaueren med Felicié, av brurefølget og musikkorpset, var folk elleville».

Oktober 1953
Stor aftenunderholdning på Sundrehall lørdag 24. oktober kl. 20 til inntekt for barneparken. Medvirkende: Tor Underberg, Sataøen og Gjeldokk, Ål husmorkor, Fantomorkestret, medlemmer av Ål Husmorlag. Rikholdig program med lausdans, viser og Sketsjer. Strålende «sigøinerleir»! Se plakatene på Sundre. Velkommen til en hyggelig kveld. Entre kr. 1,50. Ål Husmorlag.

Februar 1954
Morsfest på Solhov Sundag 14/2. kl. 19,00. Program: Prolog. — Festtale av lærar Torleiv Tveito. Felespel av Sevat Sataøen. Sang. Blad. — «Tøffelhelten». Konkurranse. Mat og kaffi. Mødre går fritt, andre betalar k». 2,00. Alle hjarteleg velkomne. U.l. Fram.

Mars 1954
ÅI Mållag hadde årsmøte på- Votnahall siste sundag. Formannen i laget, Olav Adnegard, ynskte alle vel møtt, og heldt ei stutt minnetale over avlidne Sevat Tveito, som hadde vore formann i laget og mangeårig medlem. Etter årsmøtet hadde, Ål Mållag og ungdomslaget «Framtidi» skipa til fest. Der var det felespel av Sevat Sataøen og lærar Ødegård frå Geilo
heldt festtala.

Juni 1954
Ålingar skal opptre i festspela i Bergen. Festspela i Bergen held fram i sumar. Også denne gongen blir det mellom anna framføring av nasjonal dans og musikk. Frå ÅI skal 4 dansarar og ein spelemann ta del i tida 1. til 15. juni. Det er Ola og Dordei Guroplass og Knut Buseth og Randveig Skrindo som skal dansa, og spelemann er Sevat Sataøen.

Bergens tidende skrev:» Vestmannalaget hadde eit festleg møte kvelden fyrr Festspillene
i Bergen slutta. Det var 14. juni, og dermed 75-årsdagen sidan Henrik Krohn døydde.
Laget hadde då skipa til eit minnemøte på hotell Hordaheimen, og då det
leid litt ut i møtet, kom spelemenn og dansarar og brudlaupsfolk frå «Festen på Bergenhus». Fleire «brurepar» var med, og alt saman skapte fest og stemning. Det var som Henrik Krohns dagar i Vestmannalaget kom attende, og det vart ei hyggeleg bordseta. Dei mange kunstnarane måtte fram og gjeva prøvor på kunsti si. Myllarguten, alias Sigbjørn Bernhoft-Osa, var den fyrste med fela, og so fylgde Sevat Sataøen frå Hallingdal, setesdølene Torleiv Bjørgum og Søren Nomeland, østerdølen Jostein I Nytrøen som spela både fela og bles på seljefløyta og i lur, hardingen Halvor Sørsdal med fela, og Egil Storebekken frå Østerdal med tussefløyyta. Brurefylgjet var frå Valestrand i Hamre denne kvelden, og ei av konene derifrå Laura Reigstad er gamal premispelar frå Vestmannakappleikane og måtte fram med hardingfela ho og.

Februar 1955
Ål Mållag har årsmøte på Solhov sundag den 27/2. kl. 12,30. Vanleg årsmøteprogram. Fru Kaja Bruun kåserar. Fritt emne. S. Sataøen spelar fele. Mat og kaffi. Lagsfolk, møt fram! Styret.

April 1955
LANDSLAGET FOR SPELEMENN:
Spelemannsskeid i Ål, Hallingdal, frå 29. april til 7. mai. — Hardangerfele eller
Langeleik. Innmeling med kr. 10,— og alder på deltakaren må sendast Nils Gjeldokk, Ål, seinast 15. april. Husrom skaffast. Lærarar: Hardangerfele: Sigbjørn Bernhoft Osa, Sevat Sataøen. — Langeleik: Olav Snortheim.

September 1955
For fyrste i soga kom Buskerud Presselag til Hallingdal i samla tropp. Med ekstra jernbanebuss frå Drammen, kom selskapet til Ål stasjon laurdag ettermiddag. Mottakingskomiteen som møtte opp på stasjonen, var bladfolka frå Hallingdølen, Buskerud Blad og Fremtidens avdelingskontor Hallingdal. Journalist Paul Aasnæss ynskte pressefolka med damer velkomne til Hal- lingdal, og overrekte formannen i Buskerud Preselag, Ludvig Throndsen, ein bukett med blomar. Ål kommune spanderte ein middag på Sundre Hotell for gjestene. Kjø- kemeister var kontorsjef Per Ødegaard. Varaordførar Lars Tormodsgard heldt ein tale ved bordet. Journalist Oddmund Aaserud frå DT og BB takka for den gode mottakinga, og overrekte varaordføraren ein bukett med blomar, som han skulle ta med heim til kona si. Utetter kvelden hadde gjestene det hyggelig saman. Meisterdansarane Tor Underberg og Knut Buseth gav framsyning i halling og springar, med Sevat Sataøen som spelemann. Etterpå skulle gjestene freista å dansa laus og spenna hatten av staven, til stor moro for alle.

September 1955
Stortingsmann Helge Seip talar på Folkets Hus i Ål laurdag Lk. kl. 19. Felespel v S. Sataøen. Ymist anna program. Fritt tilgjenge for alle. I tilfelle mange frå Nordbygdene kjem heimover med bussen, blir det sett opp buss attende.

Juni 1956
Sletto-festen vart ei oppleving av dei sjeldne. Festbordet på Fjellvang stod duka og pynta i god tid før festen skulle taka til sist torsdag, festen som Samhald Ungdomslag hadde skipa til for å gje dei mange høve til å koma saman og hylla diktaren sin på den dagen han fylte 70 år. Over heile Geilo og Ustedalen blakra flagga. Etter talen (av Lars Reinton) var det felespel av Sevat Sataøen, og Kari Sataøen las ein bolk frå «Per Stavlang». Når det galdt det materielle, viste og tilskiparane noko av det beste: ekte hallingkost, småmat og lefsekling, og rømmebrød attåt kaffien. Og så kom den lange talarrekkia. Ordførar Medhus helsa frå Hol kommune og bar fram ei gåve, eit målarstykke med motiv frå Ruegrove.

Desember 1956
Ål Venstrelag hadde festkveld i møtesalen på Ål Hotell sist sundag. Frammøtet var mykje bra, og vitnar om stigande interesse. Sekretæren i Norges Unge Venstre, Torstein Slungard, heldt foredrag om retningsliner og oppgåver i det politiske arbeidet. Fru Ragnhild Øyo fortalte om arbeidet til venstrekvinnegruppa på Geilo, og oppmoda fleire til å gå i gang med det same. Formannen i Buskerud fylkesvenstrelag, Olav Vindegg, greidde ut om dagsaktuelle saker. Sevat Sataøen spela fele til underhaldning, og det vart køyrt magnetofonopptak med gamle viser og langeleikspel. Opptaka var ved Lars Hallingstad.

Mai 1957
I dag startar folk frå Kringkastinga med opptak av folkemusikk og folkeviser frå Øvre Hallingdal. Det er programsekretær Rolf Myklebust saman med to teknikarar som har arbeidet med å laga programma. MykIebust var som kjent her dalen for stutt tid sidan for å opptaka. Det er Hans Nestegard Hol som har vore drivkrafta for å få til eit Hallingdals-program. Opptaka tok til i Hol. Tre av dei mest kjende spelemennene bygda, Kristian Øvrevollseie, Olav Vestenfor og Olav Foss, skal spela fele. Ei av del gamle tømmerstovene på museumsgarden i Hol blir nytta til opptaka, då lyden blir mjukare og finare i eit slikt gamalt rom. Svein Nestegard skal fortelja gamalt frå Hol, og detteopptaket blir i den kjende «Trollstugu» på Nestegard. Det er også meininga å få ei utnytt holingskvlnne til å lokke. I Ål blir også opptaka i museumsgarden.

Sevat Sataøen og Nils Gjeldokk skal spela fele, og Håkon Sataslåtten og eit par til skal syngja gamle viser. Det er von om å tå Margit Tveito Gunhildgard og Gunnar Storeli frå Votndalen til å spela lange leik. Arbeidet med opptaka vil ta 4—5 dagar.

Oktober 1957
Hallingdal Fylkeslag Skipa saman med Ungdomslaget «Fram» til kappdans og kappleik på Sundrehall i ÅI no sundag. Om kvelden: Sevat Sataøen spela slåttar, og fru Stølen las diktet om draumen til småbrukarkona. Olav Bakke fortalte mange morosame Stubbar. Leikarringen til ung-domslaget Fram heldJt framsyning frå scenen. Turistsjefen i Notodden, Årneshaugen, saman med Ola Bergland frå same stad, hadde også eit innslag i progrmmet med tale og musikk. Den unge Olav Opsata spela munnharpe, og Nils Gjeldokk fortalte morostubbar.

Desember 1957
Det er ein sers flott utstilling Riksgalleriet har sett opp denne gongen, og som no er kornen til Al. I alt er det representert 14 kunstnarar «Frå J. C. Dahl til Th. Kittelsen.. Alle er kunstnerar som var med og skapte ein ny renessanse for norsk kunst både heime og ute. I alt er det 54 katalognummer som i eit skjønsamt utval representerer eit utval kunstarter som gjorde seg gjeldande i tida, og som skapte og la grunnen for dei ymse skulane innan målarkunsten. Mykje av denne kunsten er i dag i privateige, og det har sikkert vore mykje arbeid å få samla det. I alt er kunstverka utlånte frå II kunstgalleri og privatpersonar, og representerer samla eit verde på ein halv million kroner. Det er andre gongen Riksgalleriet har utstilling i Ål, og mange interesserte var møtt fram tysdagskyelden då ordførar E. E. Breie opna utstillinga etter formannen i folkeakademiet, Marit Hadland, hadde ynskt utstillinga velkommen til Å Ordføreren takka for dette gode tiltaket». No rei-ser kunstgalleriet ut til folket med kunsten, mot at tidlegare måtte folket reisa til kunstgalleria. Denne utstillinga er ein glytt av folkekunsten og bygde-Noreg, og vi oppe i dalane kjenner oss i slekt med dette, sa ordføraren. Etter Sevat Sataøen, Lars og Nils Gjeldokk hadde gjeve nokre vakre slåttar frå hardingfelene sine, som skapte ein ekstra stemning inn i denne romantiske kunsten, fekk utstillingssjef Jørgen Skaare ordet.

April 1958
Filmen om Hans Nielsen Hauge kjem til Hallingdal etter påske. Fyrste framsyninga blir i AI den 15. april, og så blir det ei rekkje framsyningar andre stader i dalen. Med filmen lår ein fylgja Hauge på forkynnarrerdene hans kringom heile landet, og blant anna til Hallingdal, der ei av beste filmopptaka er frå. Det er opptak frå museums-garden i Al og frå Gudbrandsgard i Sudndalen Hol. Sokneprest Huseklepp har rolla som Hauge. Det er den største amatørfilmen som er laga i landet, og han kostar 80000 kroner. Det er laga fleire kopiar av filmen. Biletet er frå eit opptak på museumsgarden i Ål. Eit fylgje med festglade personar kjem til «arresten» for å freista Hauge med spel og dans.

I brodden for fylgjet er hardingfelespelaren Sevat Sataøen, og dei tre mennene like etter er Håkon Sataslåtten, Ola S. Hajem og Ola Perstølen. Filmen har samla fullsette hus over alt, og han blir sikkert også møtt med interesse i Hallingdal.

Mai 1958
40 røysteføre representantar frå 21 einskildlag i tillegg til ein heil del andre interesserte var samla i Ål onsdag og torsdag til krinsmøte i Øvre Buskerud krins av Norges Husmorforbund. Representantane var spreidde over heile distriktet frå Hønefoss til Dagali. Heile krinsmøtet var lagt opp med skifttande arbeidsmøte og festlege tilstellingar som båe deler vart vellukka. Det gav sikkert ein ny glød i alle dei unge og eldre husmødrene som hadde funne vegen til møtet. Naturleg nok var det også ein del menn som ville vita litt om kva husmødrene gjer på desse møta, og nytta høvet til å vera med. Mange fleire ville hatt godt av å få høyra litt av tinga i tillegg til at dei av og til kunne vorte ein positiv kondensator. Krinsmøtet heldt fram torsdag som elt festrnøte der det var musikk av Sevat Sataøen og tale av fru Andbo. Ho tala om «Kvinnen i den nye tida, og hadde sin eigen humoristiske måte å leggja dette tram på. Etter gode snørbrod og kaffi hadde vorte servert, heldt møtet fram med ymse
saker og helsingstalar.

September 1958
Velkomen til Dølaheimen Vi har no teke oppatt drifta av Dølaheimen i Ål og har innreia moderne kaffistove i nybygget til Ål Samvirkelag. Den nye kafeteriadisken fekk god presse og rosande omtale på landsutstillinga i Oslo. Vi held ope kvar dag frå kl. 9 til kl. 21 med unnatak av sundagane då vi opnar kl. 10.30. Peisstove til utleige for møte o. a. MIDDAG. VANLEG KAFEMAT. FORFRISKNINGAR TYPISK HALLINGMAT: Lefsekling Rømme brød Einskilde kveldar blir det UNDERHALDNINGSMUSIKK frå kl. 18.00 til kl. 20.00. Onsdag I. okt.: Sevat Sataøen og Nils Gjeldokk. Onsdag 8. okt.: 4-mannsorkester frå Geilo. Onsdag 15. okt.: Jon Fylken, Gol.
Onsdag 22. okt.: Torpo Spelemannslag.

September 1958
Hallingdal Høgskulelag har årsmøte på ungdomshuset Vonheim i Gol sundag 28. september fk. kl. 12. Årsmelding, rekneskap, val og ymse anna. Omvisning i skulebygget på Skaga. Same dag kl. 19.00 skipar Høgskulelaget i samarbeid med Gol ungdomslag til fest på Vonheim. Høgskulestyrarane Hallvard Svello og Stein Fossgard. Museumslektor Reidar Sevåg spelar på gamle instrument og fortel. Sevat Sataøen spelar fele. Matkvil, song o. a. Inngongspengar kr. 2.00. Vel møtt.

18. januar 1959
«Sundag skipa Ål Hornmusikk til det andre programmet sitt med ynskekonsert. Den store -salen i Sundrehall var fullsett då konserten tok til M. 17.00. Dette var den fyrste verkelege ynskekonserten. Den som har vore tidlegare, var i grunnen berre ei -opptakt til det som skulle koma seinare. Det fyrste ynsket måtte frueneBrye og Storhaug syta for. Ynsket var Intermesso i Cavaleria Rusticana, innsendt av Strand Vangen, som altså var den fyrste til å få ynsket sitt oppfylt. Men elles var det ynske både om «hermetisk» og levande musikk. Tilskiparane hadde gjort det dei kunne for å imøtekoma ynska. Eit ynske om å få høyra Valdresvelven spela av Stordahl, var ikkje ,så lett å imøtekoma. Men sjølv dette løyste dei fint med å ringja til han, og fekk på den måten opptak over telefonen. Sjølvsagt vart ikkje dette så godt, men opptaket var heller ikkje dårleg. I tillegg til at dei kunne makta å imøtekoma eit ynske på den måten, var det også ein god teknisk prestasjon av amatørar. Men dei fleste mellom ynskarane ville ha levande musikk av lokale krefter. Fru Brye med fiolin og fru Storhaug ved pianoet måtte straks frampå, og Sevat Sataøen med hardingfela fylgde straks etter. Kveldens yngste aktør, Asbjørn Myro, som endå vantar fleire år på konfirmasjonsalderen, måtte frampå to gonger med trekkspelet sitt, og gjorde stormande lykke. Han Kalle sjølv måtte også i elden med trekkspelet».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s