Feler og felemakarar i Hallingdal

Av Olav Sataslåtten.

Denne oversikta er veldig langt frå komplett, og har hovedfokus på perioden fram til 1960-talet. Det har ikkje vært ambisjonen å beskrive fela til kvar einskild spelemann i dalen. Hovudkjelder har vore Arne Bjørndals eigne notater, Torleiv Perstølens notatbok bevart i same samling, artiklar av Magne Myhren og Sigurd Skrindo i Hallingdølen samt ulike numre av Dølaminne.

Torleiv Perstølen, Ål hadde ei Gunnar Helland-fele.
Ola Reinton, Hol, hadde ei av Helland, vølt av Eirik Jonson Helland 1869.

lars gjeldokk sletto perstølen

Lars Gjeldokk, Olav Sletto og Ola  Perstølen

Ola Perstølen, Ål hadde ei svært god fele, trolig Røstad, Helland eller Steinkjønndalen, som Jens A Myro lånte over en lengre periode iflg Halle Perstølen.

sataøen museet

Sataøen: Steinkjønndalfela til Sataøen er laga av Ellev Jonson Steinkjøndalen 1862. Fekk ho hjå Olav Helland 1942. Bildet er fra Ål bygdemuseum under eit NRK-opptak med Myklebust på 50-tallet. Sevat Sataøen nytta og Røstadfele. Røstad-fela fekk han i 1908 av doktor Hans Bruun på Sundre.

lARS T STRAND.jpg

Lars T Strand, Ål, hadde ei Eirik Jonson Helland-fele.

ola a øino

Ola. Øyno, Ål hadde ei Eirik Jonson Helland-fela laga 1860. Leif Øyno, son til O.A. Øyno tok over fela. På bildet ser vi Ola A Øyno med fela. Sataøen med svart lue foran døra.

Myreguten, Ål hadde ei Trondafela, Jens Myro kjende til ho.
Tor Grimsgard, Nes hadde fele laget av Knut Ellefsen Steintjønndalen 1884
Asle Øyno, Ål gjekk til Telemark og handla Hellandfele. Fela er i dag på Norges Musikkhøgskole.
Ola Dekko, Ål hadde Steintjønndalfele.

Ola Knutsen Ankerbråten
Ola Knutsen Ankerbråten

Ola Knutsen Ankerbråten ble født i 1822 på Hermundsbråten eller Åne i Liagardane i Nes. Ankerbråten emigrerte i 1880 til Amerika. Han utvandret med andre ord et år før sin mer kjente sambygding, spelemannen Gudbrand Østen. I USA brukte Ankerbråten navnet Ole K. Brandt. Han ble benyttet som spelemann i lag og i gjestebod i Nes. I følge datteren bygde han fela si sjøl. Den tok han med seg til Amerika, men han bygde i alle fall seks feler der borte i Amerika. I Nes var han da trolig en del av spelemannsmiljøet rundt Kittil Geiterygg født 1827, Knut Toen «Toingen» 1818-1872 og Gudbrand Skjellerud 1818-1901.

Toingen, Knud (Knut) C. Thoen var kjent som Hallingdals beste felespiller i sin tid. Knud eide gården Roløkken i Nes, Hallingdal. Han var en meget allsidig mann som var snekker, tømmermann, smed, sølv- og gullsmed og klokkemaker i tillegg til å være felespiller. Han var gift med Magdalene Marteplassen og deres barn inkludert Christian og Anders. Knuds sønn Anders K. Thoen emigrerte til Amerika i 1876, og da tok han farens fele med til sin bror Christian, som hadde emigrert tidligere, og som også hadde arvet farens musikalske evne.

Eivind Hollebakken, Ål: Torleiv Perstølen skriv om Eivind Hollebakken: «Fyrst då han var i 17-18 års-alderen fikk han seg ei nokonlunde skikkeleg fele. Det var ein snidkar i Granshagen i Ål, Ola Iversen, som arbeidde felor. Han spela litt og. Det var Iversenfelor Hollebakken brukte i fyrsten han dreiv som spelemann. Dei kosta frå 15 til 30 krunor. Det var pengar det og den tidi, – vissa for han Eivind. Likevel var det nok meir enn ein gong han kom att frå eit samvære med krasa fele. Men kring 1890 slo ungdomen i grendi seg saman og tinga fele åt han hjå Knut Ellefsen Steintjønndalen på Telemarki. Ho kosta 90 kronur. Det var eit fint leika? Perlemor på butt og kantar og elles so blank at det glitra. Den fela krasa’n aldri. Men då han tok til bli gamal og dreiv minder som spelemann let han ein av sønene sine få fela i pant for noko pengar. Guten selde fela seinare til ein spelemann frå Numedal, Steingrim Haukjem. Men han gamle Eivind syrgde og lengta etter fela si. Han var då å segja utan fele i fleire år. Ein son hans som er heime og fer med å spelar hadde nok ei fele, men det var som so like med ho, totte gammalen. Ein gong han skulde spela i eit gjestebod fekk han låne fela mi. Den likte han so framifrå godt. «Det er fele, det» sa’n. Han vilde fått kjøpt ho. Han Knut, son hans, skreiv til Haukjem for ei 2-3- år sidan um han kunna få kjøpe att fela. Han svara at det er beste fela han har, men då det er han gamle Eivind som ynskjer å få att fela si so lyt han vel la ho gå, lell. «Men ho vert dyr, eg har kosta ho 1000 krunor”, skreiv han. Då sa’n det han gamle Eivind: «Ja, hadde eg so sant ei kyr som eg kunna selja for 1000 kr, so selde eg ho, og kjøpte att fela». Det var ein 82 år gamal spelemann som sa dette. Eg kom i hug han «Per Spelemann». Men sonen kjøpte fela so no hev då gammelen fenge sett att gamlekjærasten sin, iminsto».

Jørgen Husemoen, Nes nytta Steinkjønndalfele.

Odd Bakkerud, Nes:  mest Steinkjønnsdalsfelor. Bjarne Herrefoss kommenterer i boka Dei fine tonane : meisterspelemannen Bjarne Herrefoss
– Odd Bakkerud hadde eit fyrsteklasses spel. Og me hadde eit godt forhold sjølv om me konkurrerte. Me møttest mest på stevner — elles lite. Men ein gong besøkte eg han heime i Oslo. Eg minns han budde på vestkanten av byen. Han hadde så mange gode feler. Eg veit ikkje kor mange det var men det var noko grusomt! Det måtte vera over femti — iallefall. Og dei var oppspela og reine. Mykje Steintjønndøler. Han var sjølv og alltid oppspela — han øvde nok ein god del».

Sevat Sataøen nytta Røstadfele og Ellev Jonson Steinkjøndalen 1862. Steinkjøndalen fekk han hjå Olav Helland i 1942. Røo-fela fekk han i 1908 av doktor Hans Bruun på Sundre.

Sigurd Skrindo, Ål: Kjetil Flatin-fele, seinare Knut K. Steintjønndalen, arbeidd 1953.

Ole Isakbråten 1889-1965 ble født på gården Isakbråten (opprinnelig navn Lauvbråten), mellom Bergo og Kvelvin i Nordhagalie i ytre Nes. Han forteller i et intervju i Buskerud Blad 11.7.1956 om hvordan Hop endte opp med feleskrinet: «For endel år tilbake, var den landskjente felespilleren Lorentz Hop fra Bergen innom meg,» forteller Ole. «Jeg hadde da to feler liggende og Hop prøvde begge. Han sa at mine feler «låt» like godt som den han selv hadde, men han var jo en spillemann som fikk det til å «låte» godt på hva slags fele han tok i. Ole viser meg en av felene han selv har laget, og at Isakbråten også behersker felebyggingens vanskelige kunst, er det ingen grunn til å tvile på. Foruten at denne fela er kunstferdig utført, har den også en ren og melodiøs klang.

Hallingdølen skriv i 1949: «Felene til Isakbråten er smakfullt utført. Dei vakre perle- morsmønstra glitrar og skin i alle fargane åt regnbogen. Eit vak-kert drakemønster er skore ut på feleskrinloket og i skrinet er det skore ut fleire bilete. Lakkeringa av feler er eit vanskeleg arbeid, men det viser seg å vera gjort på ein framifrå måte. I fela kan vi Iesa namnet åt meisteren og årstalet fela er laga, 1924 står det. Hardingfelene som Isakbråten har laga, har av fagfolk fått ros for «god klang». Isakbråten har laga om lag 20 feler og ei heil rekke med feleskrin».

amund dekko
Amund Amundsson Dekko Bøygard

Amund Amundsson Dekko Bøygard, Ål 1872—1954, bror til Vesle-Dekken og Store-Dekken, var felemakar.

Eivind Torkjellsson Sørbøensstølen Berget, Ål 1854—1935 skal ha laga feler.

Ola Håkonsson Haugen Bomberudsslåtta, Ål 1852—1917 laga feler — m.a. ei fele til Myreguten, og leverte mykje til husfliden.

Eilev Sevatsson Brennehaugen, Ål 1883—spikka skeier og sleiver, og gjorde tre
feler. Var ei tid i Belluteigen, reiste så til Viul. I 1925 kjøpte Eilev bruket Sværi i Sokndalen.

Knut Knutsson Brennehaugen, Ål 1846—1916flytte til Am. i 1878: Des Moines, Iowa. Knut heldt fram med måling og snikkering o.l. i Am., han laga også feler.

Nils Olsson Tuv Lien, Ål 1864—1903 var snikkar, hjulmakar, skomakar og smed, og han gjorde feler.

Nils Einarsson Moen, Torpo 1889—1971c laga feler.

Olav H Skrindo, Ål, skal ha laga feler

Per Olsson Perplass, Ål 1824—1910 Bråta-Per. Per laga feler, og i alt vart det 23 feler frå hans hand.

Lars Olsson Ulshaga Skardet, Ål 1863—1936 laga nokre feler som Aslak Sandestølen rosa. (Oppl. v/N. Gjeldokk)

Tolleiv Karlsen, Ål 1890—1965 var snikkar, treskjerar og felemakar.

Sigurd Teigen, Ål 1906– laga om lag 60 feler,

Olav Tidemannsson Hagen, Ål 1887—1975 laga om lag 20 feler.

Ola Ivarsson Asgrimplass Turrhaug (Ola Iversen), Ål 1856—1930 laga også feler. Ei fele er på Ål Bygdamuseum. Skriv Torleiv Perstølen: «Ola Iversen: Han budde i Granhagen i Ål. Han var spelemann og felemakar. Spelet hans var vel ikkje noko å kyte av, teknisk ialfall. Men han hadde «gneisten», han var glad i felelete og hadde stor hug til fela.

Felone hans var vel heller ikkji nokon meisterverk, vonleg. «Ja, Dekken hadde ei Iversen-fele, ho var kji so verst», fortel Hollebakken. Det var elles Iversen-felor Hollebakken brukte i fyrstni, hev me høyrt. Iversen levde i små kår all sin dag. Han vart tidleg ekkjimann. Då sette han seg uppp ei liti stugu attved vegen ved Langeland. Han dreiv med snidkararbeid. Ungdomen samlast i Iversen-stugun mest til kvar helgekveld og dansa. Då var det mest Ivsersen som var spelemann. Men so vart ein ungut ihjelslagen i slagsmål ved ei slik dansemoro. Då vart det slutt. Denne Iversen var ein som var litt ut um det vanlege. Dei fortel at då han kom heim frå eksis i sine unge dagar då samla han unggutanen i grendi um sundagane og dreiv eksis. Dei marserte etter vegenb, og Iversen kommanderte som den beste offiser. Han var so rak og kjekk vaksen. Brennsnøgg i rørslonene og lett på foten.

Ein gong var det ein liten felekapleik på ungdomshuset Solhov i Ål. Iversen var ikkji med å spela då. Salen var fullstappa med folk. Iversen og eg kom til å stå attmed kvarandre rakt fram for tile. Lars Brusletto frå Geilo var med å spela. Han spela ein telemarkslått, «Tinnemann», trur eg. Då han slutta slåtten, bråsnudde Iversen seg mot meg og sa:» Denne låtten høyrde eg uppmed Klyvset ein gong» Klyvset er ein heimstøl høgt upp i kambane over Strandagarane i Ål.

Ein gong kom det eit slags farande tivoli selskap og vilde ha framsyning på Solhov. «Direkstøren» spurde seg for um det var ein musikkar å få leigt til å spela mellim aktene. So var det nokre filurar? Som hadde stellt han til Iversen. Og Iversen let seg ikkji beda på det. Han vart med og spela. Straks det kom ei mellomakt kom «direktøren» fram og melde: «Ja, så får vi få en av disse fine frimusikantene igjen, da». Og Iversen skrapa og let det beste han vann, og publikum hadde moro. Iversen var ogso mykji nytta som sagmeister. So var han uheldig og kom burt i sagi med vinstre handi og fekk skadd eit par fingrar. Men fela kunna han ikkji slutta med lell. Han spela like «godt». Med Iversen budde i stugu si attmed vegen ved Langeland var eg ofte inne hjå han og fekk han til å spela åt meg. Han var aldri frå-beden. Og eg totte mun? i å lyda på han. Eg bryr meg aldri um tekniken då eg ksynar fela syng av ein «hjartans trong» hjå spelemannen. Iversen døydde på Ål gamleheim for nokre år sidan».

Eivind Torkjellsson Sørbøensstølen Berget, Ål 1854—1935 skal ha laga feler.

Aslak Olsson Sandestølen, Ål 1899—1975 var også felemakar. Magne Myhren vurderte Aslak Sandestølen til å være en av de eneste gode felemakerne i Hallingdal. Ingebjør Sørbøen intervjuet Myhren i sammenheng med sin oppgave om Olav Sataslåtten ved Ole Bull Akademiet våren 2010, og skriver følgende: «Magne kjende også Aslak Sandestølen godt. Han seier at hadde Aslak satsa på å bli felemakar, hadde han vorte svært dyktig. Han lagde nokre feler, men Aslak hadde svakeleg helse og fekk derfor ikkje utfolde seg heilt. Magne hadde avtale med å få kjøpe ei fele hjå han, men så døydde han dessverre før fela vart ferdig».

Sandestølen skriver i et udatert brev til Arne Bjørndal bevart i Bjøndalsamlingen følgende om sitt virke som felemaker: «Du spør kor mange felu omtrent eg har laga, og då har eg anslått det til ca 20. Nokon nye lok og basbjelkar. Eg begynte naturlegvis som smågut til å interessere meg for, kanskje helst for utstyret på felorne, og då eg hadde Kitil Lien, tremeningen til far, som granne –fekk eg der tidlig sjå å høyre fela. Han Kitil kunne laga alt –hans bror var snikker og spelemann Lars Skalet. Kitil Liens son har fele som eg har arbeid for han, han held den svært jæv og er også en dugande låtar».

Sletten Olav Skrindo, Ål 1913—2003 laga om lag 50 feler. Broren Knut monterte ei felemakar-utstilling av verktøyet hans og gav til bygdamuseet. Felene er stilt til disposisjon for Ål spel og dansarlag som lånar dei ut. 

Nr 4368Nokre av felene til Sletten

Ola A Strand, Ål hadde Steinkjønndalfele. Svein Hovet skriv i Hallingdølen 1941: «Ei Knut Ellevsen Steinkjønndalen hadde Ola A Strand. Han kjøpte denne fela av Halvor Jonson Lid, som Strand og lærde nokre slåttar av. Fela er i dag hos etterkomarar på Vestlandet. I eit intervju med Ola A Strand gjort for Hallingdølen i 1941 skriv Svein Hovet: «Til slutt leitar Strand fram sin gamle kjære ven: fela, ei gamal Steintjønndalsfele som han har havt alt frå ungdomen av. «Det er so sjeldan eg tek ho fram,» seier han og opnar loket. Så spelar vi skiftevis, og han blir interessert i å høyra nytt og framant spel. Sjølv spelar han «Skåren» så vakkert at eg berre undrast, og fingrane hans veit ennå kvar notane ligg. Det er som gamle Strand blir ung att i denne stunda. Tonar som i ungdomsdagar gjorde han varm og glad, får atter makt i hugen hans. Og det er gildt at minne om levt liv har evne til å varme alt opp i alderdomen.

I notatet «Historier om Ola A Strand fortalt av datteren Sigrid» forteller hun: « Hallstein var glad i å høyre på felespelet og fekk han gjerne til å spela på sundagane. Men så stivna fingrane, slik at han ikkje syntes han spelte bra nok. Då vart han umota og ville ikkje spela meir. Men han heldt alltid fela
stemt så lenge han levde. Og kvar gong pakka han fela forsiktig, nesten andektig, med
plagget rundt fela ned i fele-skrinet».

Sandlandfelene
I prosjektoppgava «Hardingfelene frå Sandland «av Bjørn Sverre Kristensen heiter det at «O & S Sataøen frå Ål i Hallingdal er ført opp som kjøpar av 3 feler, nr. 418 i 1924, pris: kr 200, og dei to siste i 1928, nr. 425 (kr 100), og nr. 428 (kr 120)». Brødren Ola og Sevat Sataøen fikk handlesbrev til å starte gullsmedforretning på Sundre i Ål 1920 BILDE. Bjørn Sverre Kristensen: «Fleire hallingdølar skaffar seg mange Endre-feler. Henrik Øverjordet kjøpar 5, Eirik Tufte og Lars Brusletto skaffar seg 4 og 6, medan Hallgrim Sævre kjøper opp mot året 1915 heile18 feler, mellom anna nr. 141, fela som vann gullmedalje på Husflidsutstillinga i Skien i 1911». Lars Brusletto var ein dugande felespelar frå Hol. Eirik Tufte og Henrik Øverjordet var også frå Hol. Hallgrim Sævre var frå Flå.

På eit bilete tatt av fotograf Per Braaten Gol sit Sataslåtten med det som ser ut å være Sandlandfela. Knut Buen har gitt følgende opplysninger til meg ut fra oversendt bilde: «Ser ut frå ljodhola å døma, at det er ei hardingfele av Endre Sandland». Fotograf Braaten flyttet til Voss i 1917, så bildet er tatt før dette. Sataslåtten sier på et intervju med Gudbrand Brager gjort en gang mellom 1962 og 1965 at han hadde ei dårlig Sandlandfele, og at han kjøpte ei Røo-fele senere. Sataslåtten var skredder på Kongsberg fra rundt 1914 til 1917, og det kan hende han kjøpte Sandland- fela der. Me veit ikkje kor det vart av fela etter at han kvitta seg med den.

Røo-fela hass Sataslåtten. I slektas eige.

Olav L Sandåker, Ål: «Det er ei Sandlandfele han har. Denne fekk han i læretida hjå Skrien. Både Gunnar Røstad og Olav Helland har hatt fela til veiing. Berre det er artig. Det er ein del år sea Olav prilla på henne no, men klangen er der framleis» . Og han har spelt på fela. Alt som smågut vart han interessert. Det var naturleg det ettersom dei to eldre brørne, Knut og Lars spelte. Han lånte fela deira og sat uti kleva lange tider og trena. Pånabogarden, Jorde, var Levor ogso spelemann, og hann var sunnomhjå han og fekk han til å spela. Oppe på Hollebakken, tett ovafor, var meisterspelemannen Eivind, som han seinare lærde mange slåttar av. Olav har spela inn fleireband og me fekk høyre ein del. Det er slåttar igamal form slik Hollebakken spelte dei, og ein høyrer dei ikkje slik i dag». Sandåker var født i 1890, og begynte hos Skrien som 16-åring, altså i 1906. So snart læretida var ute tok han til for seg sjølv». Han må altså ha kjøpt fela fra Sandland mellom 1906 og 1908. 

tragethon røo sandland
Inger Tragethon spelar på Sandlandfela hass Lars Røo. Foto: Hallingdølen

Lars Røo, Hol: «Lars fann fram fela laga av Endre E. Sandland i 1912. Lars har endå brevet i frå Sandland, der han skriv at han skal ha 34 kroner for henne, pluss ei krone i frakt».

————————————————————————————————————————————-

Kristian Øvrevollseie, Hol: «Virkeleg drag på spelet fekk han fyrst da han fekk kjøpte ei fele som Olav G. Helland laga i 1939. Gjermund Haugen hadde ei slik og han skaffa og Kristian ei. Denne var etter lynnet til Kristian, med ein djup, fyldig tone og eit kraftig mål. Eit vidunderleg instrument. Slektningane hans gav både fela og premiesamlinga til Hol kommune. Premiane er på museet og kulturstyret skal disponer fela. Den ypperlege felemakar, Ola Viken i Valdres, har nettopp hatt fela til reparasjon og ho er på veg til sine gamle høgder. Ho må ikkje hamne i eit skåp på museet, men spelast på. Det var eit samantreff, men Ola Viken hadde og fela etter Gjermund Haugen til ettersyn på same tid. Det fortelst at det er bode 55.000 kroner for denne fela. Men Viken skal ha uttala at  om han skulle velja ville det vorte fela etter Kristian».

Begge Nestegardskarane, Hol hadde Gunnar Røstadfeler. Røstad kom ein ærend til Hol med dem. Dette var i 1920-22 iflg Grethe Nestegard.

torleiv hans nestegard.JPG
Torleiv og Hans Nestegard

Nils Gjeldokk fortalde at Louis Noss, Ål hadde Røstadfele, men det er usikkert om dette stemmer.

Torgeir Lian, Nes «fekk tak i ei av felene som Flatin laga. Det var gode mange av dei han spikka. Denne fela har han. og me stilte og spelte litt og det vart ei stemningsstund i sløydsalen i Dokken».

Syver Einarsen, Ål hadde ei fele som Torleif Karlsen hadde laga.

bøygard
Arnfinn Bøygard, Ål hadde Steinkjønndalfele kjøpt av Anund Roheim.

Nils Gjeldokk, Ål hadde ei Røofele.

8-101.jpg
Nils Gjeldokk

Hans Lien, Stavn/Gol fortel i Dølaminne: «Sigurd Nybråten; Han både spelte og laga feler. Toralf Østvold hadde ei skikkeleg god fele, ei Heilandfele, denne et nok i slekta enno. Karl Dokka var kjend med felemakaren Knut K. Steinkjødndalen frå Bø iTelemark, og hausten 1934 lekk han tak i fleire feler frå han. Den fyrste var finast utstyrt og best, og den fekk Erik Østvold kjøpt for kr 150,-. Kjem det spelemenn til han, so er fela i orden og kan brukast enno. Den andre fela kjøpte eg for kr 130,-. Knut Kristian Reiersgård kjøpte ei som han seinare seide til Olav Sire, Torpo. Seinare kjøpte Martin Oppheim og Nils Plassen feler som dei betalte kr 110,-for. Det var mange pengar den gongen, for dagløna var 3,- kr. Som tidlegare fortalt, begynte Sigurd Nybråten å laga feler, og det finnst att somme av dei her i dalen. På Gjeldokk var det ei, Paul Breiehagen har ei, og det er gode feler. Han har gjort 5 feler som er gode, og den beste stilte han ut på varemessa på Gol i 1936, saman med noko anna handarbeid. Dette fekk han sylvmedalje for, men det var nok leia som gjorde utslaget. Men han slutta etterkvart som felemakar, for han dreiv snikkerverkstad med fleire arbeidsfolk, og då vart det ikkje tid til felebygging».

hans lien
Hans Lien

13
Paul Breiehagen

Anders Lunden Herfoss har supplert med følgjande opplysningar:

Nils Gjeldokk hadde Olaf Helland-fele, denne har Knut Myrann lånt i mange år, men no trur eg Jegeir Trøym har ho til låns?

Lars Gjeldokk hadde òg ei Olaf Helland-fele, denne hadde han bestilt og venta på toget på Ål. Bror hass Nils skulle hente ho og så gjekk det ikkje betre enn at Nils selde fela vidare på veg opp til Gjeldokk. Dette var Lars forbanna for all sin dag, men heldigvis fekk han låne fela av den «nye» eigaren (Arnegard?) så lenge han ville. Denne fela har Svein Inge Øen i dag.

Hellandfela etter Kristian Øvrevollseie eig Hol kommune i dag trur eg.

Røstadfela til Torleiv Nestegard har no Øyvind Brabant.

Odd Bakkerud hadde òg Røstadfeler, trur Harald Knutsen og Egil Syversbråten har ei kvar etter han. Bakkerud hadde elles haugevis av feler av mange forskjellige felemakarar, og handla og bytta stadig vekk.

Eg trur det er rett at Jens Myro lånte ei Røstadfele i mange år.

Felemakarar i nyere tid:
Ålingen Bjarne Haug. «Karrieren som felemakar starta i 1970. Då tok Bjarne på seg oppdraget å laga nytt lokk (framplate) på ei sund hardingfele til ein sambygding. No driv eg med nummer 33», iflg Hallingdølen.
Sigurd Nygaard, Hol – fem hardingfeler.
Ove Øen, Geilo
Odd Bakkerud

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s