Spelemannen Levor Olsson Sundbreijordet 1870-1931

Av Olav Sataslåtten

Levor Olsson Sundbreijordet var fødd i 1870 og han døydde i 1931. Foreldra hass var Ola Larsson Sandåker Sundbreijordet og Anne Eivindsdtr. Sundbrei. Han var gift med Gro Olsdtr. Reinton Sundbreijordet 1871—1905. Levor var spelemann, han spelte fele. «Han Levor Sundbreijorde spelte ofte til dans, både i grenda og ova skogen, ein god spelemann». (Sandåker).

Ivar Jorde

Spelemann er Levor Jorde (Sundbreijorde). Biletet er tatt ova stugu på Sandåker, ca- 1900. Dei andre er, f.v Ola N. Sundbrei (nedre), Knut T. Breie, Olav L. Sandåker. Lengst t.h. Knut L, Sandåker f. 1880 d. 1969. Både Olav og Knut Sandåker spelte fele.

Torleiv Perstølen skriv om Levor Jorde i notatboka han skreiv i 1946, og som er bevart i Arne Bjørndals samlinger ved Universitetet i Bergen. Me tek med det Perstølen hev skreve om Jorde: ”Rett ned for bruket Hollebakken er småbruket Sundbreijorde, eller Jorde, som det mest vert nemnt. Der budde han Levor Jorde. Han var syskinbarn til Eivind Hollebakken, men noko yngre. Han var ogso spelemann. Han ikkje noko brukt som spelemann i gjestebod, men som spelemann ved andre høve var han mykkji nytta. Han «drivst av tonar», som Skard skriv um spelemenni i Setesdal. Han fortalde det råkte han laut upp alt midt på natti å ta fela. Eg hugsar ein gong eg kom uppover Strandaisen, det var på vårparten og soli skein so godt og varmt den dagen. Brått høyrer eg feleljod. Då sat han Levor i solveggebn nea stugumuren heime hjå seg og spela. Det var «Morbror» han spela då. Den låtten spela han mykji.

Han var ogso flink visekvedar. Catharinus Elling var hjå han ein gong og skreiv upp visetonar. Det råkte då han arbeidde i skogen sin på andre sida av fjorden her at me høyrde han like heim kor han kvo visor. Far hans skulle ogso vore flink til å kveda på gamalt. Og godfar hans på morsida, han Eivind Øvre- Sundbrei var ogso visekvedar. Han Levor var ein kjempekar, stor og breid. Litt seig og tung i rørslone, Heile karen verka som ei tung kraft, som ein bjønn. Av huglynde var han sæe og nærtakande, litt leljug? Og atterhalden.

920e546f-3fb2-425c-806e-13c4822c247a
Ivar Jorde. Foto: Ål bygdearkiv. Positivnr 82-5-7. Identitet sikker.

Lengste tidi hadde han ei liti gamal fele (3/4 storl.), reparert av Joohn Eriksen Helland, Bø Telemark 1869. Det var rart å sjå den store karen med den vesle fela. Men ho let godt i hendene hans. Det er sonen hans, Ola Levorsen Reinton, Hol, som har denne fela no. Han spelar ikkji, men han er ikki huga å skilja seg med fela. Ho hadde elles vore ute i hardt ver sist på han Levor hadde ho.

For ein 50 år sidan (skrive 1946) hadde ungdommen her i grendi lagt ned eit dansegolv i skogen ein 100 m upp frå ålmanvegen millom Halvorstølen og Tangeviken. Dei kalla det dansarsalen, eller berre «salen». Der samlast ungdomen mest kvar helgekveld til dans. Og der var han Levor fast spelemann. Då kom han gjerne spelande etter vegen med ungdomsflokken etter seg. Eg hugsar ein sundagskveld me var samla nokre ungdomar ved vegskilet upp til «Salen». Då kom han Levor og han Herleik Tunehago ruslande. Han Levor bar feleskrin. Det var fela hans Herleik dei hadde då. Dei sette seg i vegkanten. Då hadde dei tenkt seg til ”Lia-Ssalen» fortalde dei. Dei hadde ein slik Sal uppp i Lio i Ustedalen og. Det var nok ein 3 mil å gå, men kva rekna dei på å gå ein slik vegstubb i den tidi? «Her har me den som skal brølle åt dei» sa han Levor og klappa med handa ned på feleskrinet. Og fela hans Levor kunna nok brølle. Men han kunna brølle sjølv og, han, då han vart skriputt. Eg såg han slik i eit gjestebod ein gong. Bratteste’n var spelemann. So var det ein annan «go-kar» han Levor åste seg upp åt. Han brøytte fram som ein snøplog i dansarringen. Den breide ryggen satte ugg, augo skumla under den vide hatten. Han skar tenner so det gnistra og trødde i golvet som ein gamp og skreik ut at han «vågar alt» Men likevel høyrde eg aldri han kom upp i slagsmål. Det var vel ingen som likte å koma i klørne på han. Dei bau heller undan.

Der var ovmod ei tid. Det råkte han banka på den brui bringa si med neven og kytte:» Mitt breide bryst». Men han brotna. Det fyrste var han rauk i koll på hållisen og fekk skadd eine hofta. Sidan lagst det til so han vart heilt sengeliggjande til slutt. Kona hans var død nokre år fyrr. Dei hadde tvo barn, ei gjente og ein gut. Foreldri åt kona tok guten til seg straks han var fødd så han miste mor si. Gjenta vart gift og busette seg i Oslo. Han Levor vart åleine. Han låg på Hol gamleheim nokre år. Men då Ål gamleheim var reidug kom han dit og låg der ei tid. Der slokna han. Det sermerkte ved spelet hans var dei fine «sløyfune» som dei gamle kvedarane hadde i songen sin. Og ein stø, jamn takt”.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s