Meisterspelemann og inspirator -Egil Syversbråten

Av Olav Sataslåtten

Gofaen min Olav Sataslåtten gjekk bort då eg var 6 år gamal. Eg har månge minner om han, til dømes når spelemenn kom på besøk og det ble fyra i «finstua» i andre etasjen i huset på Torpo. Det var nok Leif Rygg og Torleiv Stave som vitja då, hausten 1971. Heile huset rista då gofa trampa takta. I same huset, 30 år seinare, sat eg samans med onkelen min og høyrde Egil Syversbåten spelte. Han spelte så godt han Egil, at onkelen min, ein god hallingdansar i si tid, dansa einsleg springar på golvet der i stua. Seinare lente onkel Torstein seg over skuldra mi og sa: «Høyrer du understrengjan, Olaf? Det er «han andre» som spelar».

egil.JPGDen unge Egil  Syversbråten sit  i solveggen på Ål Bygdemuseum og spelar. Dei andre  medlemmene av Hemsedal Spelemannslag er f.v. Knut Fauske, Kjell Syversbråten,  Egil Syversbråten, Hermann Liahagen og Birger Liahagen. Bilete: Hallingdølen.

Neste gong eg skulle få høyre han Egil spele var på minnekonserten over gofa på Ål kulturhus same året. Det var han Egil, Øyvind Brabant og Jens Myro som satt på scenen då. Far vart så gripen at tåran strøyma. Sjøl var eg ignorant i forhold til hardingfela fram til eg lå med kreft i 2012. Då var det et eller anna inne i meg som fekk meg til å søke fram på strømmetjeneste den kassetten Knut Buen ga ut med gofa. Og dermed var det gjort.

sire
Olav Sire. Bilete: Hol bygdearkiv

I same stua på Vestenfor kom også ofte Olav Sire på besøk til onkel Torstein opp gjennom 70- og 80-talet. Eg var sjøl ofte på besøk der då. Onkel Torstein lagde småmat og dylle, og me drakk saft og vatn. Olav var ein så mild og flott person. No når eg ser attende, er det ein heilt naturleg forbindelse mellom gofa, Olav Sire og Egil Syversbråten, bindt samans gjennom denne stua, men og gjennom det faktum at Egil videreførar den sterke tradisjonen frå han gofa, gjennom overføringa av spelet hans til Olav Sire og vidare til han Egil. Han Egil betyr så mykje for så mange spelemen i dag, både gamle og unge. Eg gjengir derfor eit utdrag av eit intervju Hallingdølen gjorde med han i 1991.

egil2Bilete: Hallingdølen

– Hardingfela har etterkvart vorte ein viktig del av livet ditt?
– Når ein fyrst satsar på å utvikle seg som spelemann, tek det mykje tid. Det blir liksom ein livsstil. Du blir aldri nokon god spelemann av berre å gå på kurs og hardtrene. Du må lytte til dei gamle meistrane, nolevande og avdøde. Du må vanke i miljøet, rett og slett mognast. Alt frå eg var småfant, vart eg tiltrekt av folkemusikken. Både far og bestefar er spelemenn, og eg kom difor naturleg inn i miljøet. Men det var fyrst då Hemsedal spelemanslag vart skipa for 10 år sidan at det verkeleg vart eit folkemusikkmiljø i Hemsedal. – Eg har mykje å takke Knut Fauske for. Han har ei fantastisk evne til å inspirere og skape motivasjon hjå oss unge. Fauske tok initiativet til skipinga av spelemannslaget. Men han har også vore ei drivkraft i laget desse 10 åra.

egil 4
Egil for nokre år sidan.

– Mor mi har fortalt at ein vinterkveld Olav Sire var på eit av sine mange besøk hjå oss for å lære bort slåttane sine, vart eg funnen utpå morgosida i ei krå på kjøkkenet. Eg var fire år og hadde lurt meg unna senga. Hardingfeletonane frå stova vart så spennande for den vesle gutungen at han rett og slett gløymde å leggje seg. Eg minnest godt denne tidamed mykje inspirerande spel og mange flinke spelemenn som vanka heime.

Eg hadde enno ikkje noko instrument sjølv, men når eg fekk høve, lurte eg meg til nokre tonar på fela hans far. Men det skulle ikkje gå lang tid før han fekk si eiga hardingfele. Ei lita spesiallaga «barnefele». På denne lærte Egil dei fyrste veka av far sin. Bestefaren som opprinneleg kom frå Børtnes, vart også ein god læremeister i barneåra. Seinare vart det
ulike kurs i regi av Hemsedal spelemannslag. Men dei siste åra har Øyvind Brabant, Jens Myro og avdøde Odd Bakkerud vore læremeistrar for den unge hemsedølen. I tillegg har han lytta mykje til dei gamle meistrane på lydband. Eg har hatt mykje å lære av dei alle. Men eg har framleis mykje att. Ein spelemann kjem neppe på sine høgder før han har runda 35, seier Egil.

bd036222-7ac7-4dab-89ce-7097ac48c54c
Engebret og Egil Syversbråten i 1984. Bilete: Hemsedal bygdearkiv.

Egil Syversbråten hadde eigentleg ikkje tenkt å ta nokon lang vidaregåande utdanning. Han gjekk eit år på Ål vidaregåande skole og byrja deretter å jobbe. Men då tilbodet om folkemusikkutdanning i kombinasjon med allmenfag på Fagernes vidaregåande skule dukka opp, vart freistinga for stor. I desse dagar er Egil i ferd med å avslutte andre året på folkemusikklinja. Når han til neste år er ferdig i Fagernes, har han eksaman artium, med folkemusikk som hovudfag.

– Når det gjeld spel, har me kanskje ikkje så mykje å lære i klasserommet. Men det er
godt å få med seg litt musikkteori og historie. Utan å kjenne musikken og spelemennene
sin bakgrunn, kjem ein aldri langt som spelemann. Historia, lynnet og spelet er som ei eining hjå spelemannen, seier Egil.

Sjølvsagt lærer Egil nye vek og nye slåttar i løpet av utdanninga si i Valdres. Men mykje av det må han tilleigne seg på eiga hand. I vinter er det Olav Sataslåtten og hans spel han har konsentrert seg mest om. Gamle lydbandopptak har vore gode å ty til for å lære den avdøde meisterspelemannen betre å kjenne. Når ein skal lære spelet til ein kjent utøvar, er det etter mi meining best å freiste å kopiere han fyrst. Sidan kan ein prøve å legge sin eigen personlege dåm over spelet. Dette tek tid, krev konsentrasjon og må mognast, seier Egil Syversbråten. Olav Sataslåtten ville vore 100 år i år. Til minne om meisterspelemannen skal Egil Syversbråten saman med Øyvind Brabant og Jens Myro halde minnekonsert under folkemusikkdagane i år.

Gamle spelemenn fortel at dei har hatt stort utbytte av dyktige dansarar. Slik er det og med Egil Syversbråten. Han likar seg best når han får låte til eit godt par på golvet. Samspelet mellom dansarar og spelemenn er utruleg viktig. Mange spelemenn festar blikket til det beste paret på golvet og samarbeider med dei. Dette er både utviklande og spennande, seier han. Men sjølvsagt er det mange andre faktorar som også tel med i utviklinga av ein spelemann. Utan ei god fele er det lite inspirerande å vera utøvar. Egil Syversbråten har godt materiale å arbeide med i så måte. To toppfeler taksert til over 100.000 kroner ber han med seg på konsertar og kappleikar. Den eldste er laga av Gunnar Røstad i 1915, eit riktig klenodium som Egil kjøpte av Odd Bakkerud før han døydde. Den andre er bygd av bøheringen Knut K. Steintjønndalen i 1944. Det er med hardingfela som med god vin. Den blir betre med åra. Men fela må brukast. Heng ho på veggen til stas, blir forfallet merkbart etter berre få år. Ei hardingfele er bygd for å skape tonar. Ikkje som pyntegjenstand slik mange fungerer som i våre bygdelag, diverre».

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s