Spelemannen Olav L Sandåker, Sandlandfela og hallingkastet for Fridtjof Nansen på Solhov i 1910

Av Olav Sataslåtten

Olav Larsson Sandåker var født i  1890 og han gjekk burt i 1984. I 1916 var han på Sørensen Vogn- og Bil-fabrik i Kr.ania. Olav bygde hus i Gol sentrum i 1923 og dreiv som målar. Butikken vart sidan leigd ut. Han kjøpte Tunehagen i Ål i 1941 og vart bonde.

Olav L Sandåker er ein svært interessant kjelde til låtteformane etter Eivind Hollebakken, både fordi han lærte direkte frå Hollebakken og fordi det eksisterer opptak med Sandåker. Formene til Hollebakken skil seg ganske mykje ut frå formene til t.d. Myreguten og Ola Dekko. Opptaka vil bli digitalisert og tilgjengeleggjort av Olav Sataslåtten d.y. 

Olav Sandåker fikk fele laga av Endre Sandland som lønn av malemester Ola Skrien på Sundre i 1909, i staden for 14 kronu som han hadde til gode i arbeidslønn. Røstad beisa fela mørkere, og la inn perlemor. Olav G Helland forbetra ljoden i fela.

sandland sandåker 3

Feleskrinet laga av Olav Sandåker

Alt som smågut vart Olav Sandåker interessert i felespel. Det var naturleg, ettersom dei to eldre brørne, Knut og Lars spelte. Han lånte fela deira og sat uti kleva lange tider og trena. På nabogarden, Jorde, var Levor ogso spelemann, og han var sunnom hjå han og fekk han til å spela. Oppe på Hollebakken, tett ovafor, var meisterspelemannen Eivind, som han seinare lærde mange slåttar av.

olav l sandåker
Olav Larsson Sandåker 1890-1984.

Paul Breihagen skriv om Olav Sandåker i Hallingdølen: «Olav vart ein god dansar og me har frå andre hald høyrt at han spente slike gode kast, svært høgt og på gamalt vis. Alt i gjetletida tok han til med å trene på kast. Han minnest at han hengde huva si på ein stav han stakk inn i ei nov på ei gamal bu og flette og spente, og sleit ut mange sokke-par etterkvart. Dette var elles av den sporten ungdommen dreiv den tida.

sandland sandåker 2Sandlandfela

Og medan me er inne på dette må me nemne at Olav seinare vart mykje med i dans og til festlege tilstellingar. Særleg hugsar han ein fest på Solhov omkring 1910. Då kom Fridtjof Nansen dit. Han budde hjå distriktslækjar Hans Bruun og Bruun ville vise gjesten ein hallingfest. Dei beste dansarane skulle fram. Olav har jamt vore smålåten og drog seg unda men var dregen fram. Dei andre som var med var Arnfin Breie og Sevat Tveito som begge var gode dansarar. Fyrst vart det ein springar. Då den var slutt stakk Olav ut. Men Nansen og Bruun ville sjå ein ekta lausdans med. Då kornmo dei ut og fann Olav, og han måtte innatt og gjorde eit par reale hallingkast».

Sandåker sa ein gong «Ein måtte vera temmeleg krakjin om’n ikkji skulde danse etter o Olaf (Sataslåtten)!”.

Olav Sandåker skreiv om gamle spelemenn i Ål i eit nummer av Dølaminne på 70-talet. Me ta med utdrag frå denne:

«Det var mange som dyrka musikken her etter Strandafjorden, især like etter hundreårsskiftet, og også før. Men det er dei etter 1900 eg har best kjennskap til. Eg skal då nemne ein del tå dei.

sandland sandåker 1
Sandlandfela

Ola Skrien let mykje, både til dans og elles, hadde fyrst ein-rader, men var den fyrste som fekk to-rader. Frå Skriun til Perstølen er det ikkje lang stubben. Og der kunne me råke fire felespelarar, Ola, Tolleiv, Asle og Erling. Dei ville ha det til at han Tolleiv var den beste tå dei. Men han var smålåten, så det var kje så jamt me fekk høyre han spela. Ingen av dei dreiv det større, men avløyste gjerne rette spelemenn når dei måtte puste på lite. Systra deira, ho Kari, spelte på langeleik. Knut T. Breie spelte godt på prillarhorn (bukkehorn).

På Sandåker var det tre som spelte på fele, Knut, Lars og Olav. Dei sa at Lars spelte finast. Ingen av disse dreiv det til noko meir enn til husbruk, men dei kunne avløyse rette spelemannen når det kneip.

Han Levor Sundbreijorde spelte ofte til dans, både i grenda og ova skogen, ein god spelemann.

På Hollebakka var det fire som let på fele. Det var no faren som var meisteren, Eivind 0. Hollebakken. Sønene hans, Ola, Eivind og Knut, spelte alle fele, men mest til husbruk.

I Haugerud var det Henrik som spelte noko, helst når det ikkje var for mange som høyrde på. Sameleis var det med Torleiv Sandåker på Hago. Han spelte svært fint, men han ville ikkje at mange skulle høyre på.

haugerud tunehago
Henrik Haugerud og Lars Tunehago. Foto: Ål bygdearkiv

Lars Tunehago var fødd på Klyvset, men dei flutte derifrå til søre Tunehago. Der levde han dei fyrste ungdomsåra, men reiste til Amerika i ung alder. Var der rundt 20 år og kom så attende til gamlelandet og overtok bruket. Han var ugift. Mor hans stelte for han så lenge ho levde. Ho vart omkring 100 år gamal. Sidan levde han på Hago og dreiv godt eigedomen. Han var aleine, men hadde fela. Det var nok eit godt tidtrøyte for han. Han var så tilbakehaldande. Me ungdomane var no ofte hjå han for å høyre det fine spelet hans, og det hende me fekk han til å ta eit par låttar.

sandland sandåker 4
Feleskrinet laga av Olav Sandåker

Bror hans Lars, Herleik, let godt. Han hadde i lengre tid vore i Rukkedalen før han kom til Hago att. På Nes hadde han høyrt mange gode spelemenn, og han hadde lært mange gode nesningslåttar. Eg var ofte sør hjå han, og då kom fela fram. Så sat me let eit bel kor. Syver, son til Herleik, var svært musikalsk. Han spelte både hardingfele og trekkspel. Men det var som med onkelen hans, han Lars, at me sjeldan fekk høyra kva han virkeleg var god for. Og slik var det med dei fleste. Dei spelte for at dei hadde hygge av det sjølve.

Så kjem me til Strand Larsstugu. Helge 0. Strand var ein god lurblåsar. Det var også 0. 0. Strand, og som før nemnt syster deira, Ragnhild Halvorstølen. Dei fleste musikarane eg har skrivi om, er alle slike som ikkje har stukke seg fram, men har dyrka musikken, som dei har fått i voggegåve. Den har vore tidtrøyte og hygge for dei sjølve og har også kunna glede andre».

Stor takk til Bjørg Karin Brataker for verdifulle opplysningar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s