Erling Lian frå Nes fortel om Tor Grimsgard, Gudbrand Østen, Lorentz Hop, Torkjell Haugerud og Kjetil Flatin

erling lian hol bBorghild Lian, Erling Lian og Jordmor Lian, Gjeilo hotell. Foto: Grøvo. Eigar: Hol bygdearkiv.

Av Olav Sataslåtten d.y.

Paul Breihagen gjorde et intervju med Erling Lian frå Dokken i Nes august 1980. Lian var ivrig hallindansar i ungdomen, og spelte også hardingfele, slik dette biletet frå Geilo hotell tatt ein gong mellom 1915 – 1925 viser. Paul Breiehagen skriv:

«Nei, han er ikkje noko hengehovud: I sin ungdom var han ein ivrig dansar og var med i mangt eit godt lag, kanskje særleg då han var i Hol. Der var liv! Han minnest Lars Holestøl som spelemann ut på morgonsida». Me veit at Kriostian Øvrevollseie lærde spel av Lars Holestøl. «Då Lian og Knut Holestøl endå dansa og flettesnudde so hallingstugu verka som ein snurrebass for augo. Som Holestølen spelte då -.Men han har høyrt mange gode spelemenn. Tor Grimsgard eller Brattestedn, til dømes. For ein spelemann! Det var gut som fekk liv i danseflokken. Då måtte dei danse sjølv då natta ebba ut og det trøytna på. Han tok fram av grålysingsslåttane sine og det vart fart i Dokken att».

Lian var elles lærar i Nes, og svært aktiv i styre og stell i ein mannsalder. Øyvind Brabant kjende han svært godt, og hugsar han som ein triveleg kar og slett ikkje verst spelemann. Han var voldsomt interresert i musikken og spelemenn.

erling lian
Lian rundt 1980.

Dokken i Nes må ha vore noko av eit kultursentrum i Nes, for Lian fortel vidare: « Dokken måtte dei innom, storspelemennene som var på ferd. Han minnest Torkjell Haugerud. Lorentz Hop og Ketil Flatin. Det vart speling til langt på natt, ja, til lyse morgon mang ein gong. Lian fekk tak i ei av felene som Flatin laga. Det var gode mange av dei han spikka. Han var ein del i samen med Gunnar Røstad. Trollmannen i norsk felemakarkunst har vorte kalla, og kjend langt utover landegrensene. Denne fela har han, og me stilte og spelte litt og det vart ei stemningsstund i sløydsalen i Dokken.

Han har ikkje noko problem med å høve inn både dans og spel i sitt kristelege livssyn: Les i den gamle skrifta, korleis dei både spelte, song og dansa for å vise glede… Men dette er ille: Lian ser bedrøva på spelehanda der veslefingeren har krøkna inn i handflata. No kan eg ikkje spela lenger, no eg har tid til det. Det er vel etter sundmannstida at fingrane har krøkna so til. Felespelet fekk han inn alt som barn. Onkelen, Sivert Sjursen, sat uppi takji og spelte. Han spelte helst for seg sjølv, men var samen med slike som Brattestedn, Gudbrand Østen og Thoingen, og lærde. Dermed har Lian slåtteformer nokså direkte fra desse kjende spelemennene. Han har spelt ein del inn på band til folkemusikkarkivet.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s