Då Olav Moe og Olav Sataslåtten spelte på Torpo framfor 1200 mennesker i 1938

Frå Hallingdølen 8. juli 1938

«Ei strålande Hallingdalsstemne -1200 menneske på Lya leirplass.

Sundag 3. juli hadde Fedrelandslaget stemne på Lya leirplass på Torpo. Det var tydeleg at hallingdølene og folk langveges frå hadde hug til å høyre dei landskjende talarane. Med bil og jernbane kom det folk heile dagen til dess det hadde leira seg ca. 1200 menneske ikring lundane på Lya. Alle stader i skogsnara høyrde ein like godt, takk vere høgtalaranlegget. Aal hornmusikk opna stemna med ein gild konsert. Formannen i Torpo Fedrelandslag, soknekasserar S. O. Opheim helsa den store møtelyden velkomen til stemna og fest og gav ordet til generalsekretær Ursin, som heldt ein manande tale for dagen. Heile talen var boren fram av ein indre glød, som ein inntrengjande appel om å slå ring om fedrelandet i ei vanskeleg tid. Ikkje med klassekamp men med samarbeid kan det skapast levelege kår for alle i dette land. Bidragslina førde ikkje fram — berre til korrupsjon. Etter talen reiste lyden seg og song «Gud signe vårt dyre fedreland».

Så tala bonde Olav Moe. Han er ein talar av Guds nåde. Han spelte på dei nasjonale strenger også i talen sin og reiv folk med. Han lika så godt dei spreke gutane og livsfriske gjentone som onnar og strevar på gard og for fedreland — som slit tilmed nokså hardt mang ein gong. Men tal. var slettes ikkje viss på om det var nokon lukke med for stor velstand heller. Rikdom og overflod har så lett for å lame vilje- og tiltaksevna. — Vil som ein mann så er du ein mann — vil som ein hund så er du ein hund Det syner all soga — tenk på Hellas og Roma er det blitt for flust så sig folket ned i tiltaksløyse og njotesjuke og så er det ute med den einskilde som med heile nasjonen. Lyden reiste seg og song «Ja, vi elsker».

På folkefesten tala først major Trygve Gran. Majoren rulla opp eit bilete av verdssituasjonen i dag, så tragisk, så uhugleg at det kunde gå ein til merg og bein. Han synte også på ein overtydande måte kor forferdeleg nær vårt eige land er vulkanen. Kan vi ikkje makte — alle politiske partier i dette land — å stå samen på ei nasjonal og heilt ut nøytral line, så må det ende i forferdelse for vårt folk. Det er ikkje ein klok utanrikspolitikk som går fram med krenking av andre land. Det er på høg tid å få istand
ei verkeleg nasjonal reising og samling og å reise forsvaret. Eller så kan det bli for seint. Og det er ikkje noko som er så svært som desse orda: For seint. Så song lyden «Jeg vil verge mitt land». Lyden var veldig gripen. Den eine som den andre følte nok trong til å legge sitt besyv med i major Gran si stormtale.

Etterpå fekk vi høyre felone til Olav Moe og Olav Sataslåtten og livsfrisk døleungdom trådde halling og springar ut i dei små timane.
Torping».

Transkripsjon og opphavrett til denne: Olav Sataslåtten d.y.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s