Arne Bjørndals kritikk av Myllargutens sønn, Torgeir Torgeirsons utgivelse av noen av slåttene etter Myllarguten i 1924.

av Olav Sataslåtten

Myllarguten sønn, Torgeir Torgeirson søkte i 1919 Kirke- og undervisningsdepartementet om støtte til utgivelse av hans fars slåtter. Departementet ga etter anbefaling fra Kulturminnerådet i 1919-20 kr 1200,- til støtte for arbeidet. Slåttesamlingen ble utgitt i 1924. Torgeir Torgeirson, født i i november 1857, gikk bort i oktober 1923, 66 år gammel.

Bjørndals anmeldelse sto på trykk i Gula Tidend 20. mai 1924. Han skriver innledningsvis:

«Son åt Myllarguten, Torgeir Torgeirson, som ikkje lenge sidan fall frå, hadde teke seg fyre å få prenta ein del av faren sine slåttar. Han fekk for nokre år att ende ein liten statsstudnad til dette fyremålet. Og fyrste hefte av denne slåtteutgåva, 10 nr. er nyleg utkomne på Håkon Zapffes forlag i Oslo.
Det var prisverdugt av Torgeirsson at han fekk desse slåttarne ihoplagde og prenta. Og forlaget er takk verd som tok vågnaden på seg.
– Derimot kann det vera ymse å lasta på sjølve uppteikningi. Korrekturen og tilskipingi i det heile.
— Alt ved fyrste augnekastet i i det utkomne heftet vert ein vis med slurv både i tekst og tonar.
Og uregelrett skrivemåte finn ein mest på kvart bladet. Myllarguten og «Møllargutten» vert soleis
blanda saman alt i eitt. Og avlegs skrivemåte som «af» stend gjerne jamsides «av», som no er vanleg nytta både i dansknorsk og norsk. Solenge det er reint riksmål er det bra nok. Men sosnart uppteiknaren hev nytta landsmål eller teledialekt er korrekturen fæl. Det stend soleis «upteikno» (for uppteikna), «almendeleg» (for vanleg) , «holshoyos» (for halshoggast); «Abilhaugen» (for «Apalhaugen») osb.
Titlarne er i det heile so meiningslause og misstydande at det beintfram er skam for forlaget å bjoda det fram. Hev dei slett ikkje brydt seg um å Iesa korrektur? Det ser i minsto soleis ut.

Sjølve noteuppskrifterne er heller ikkje soleis at slåttarne fær sin rette dåm og drag. Det finst fælt lite av det som fyrst og mest er sermerkt for dei gamle feleslåttarne, som t. d. forslagi, etterslagi, merkelege tvigrip og utfylling elles. Og jamvel ikkje bogeslagi, som er so vigtuge for denne musiken, er anten burte eller iminsto oftaste slurva med soleis at slåtten hev vorte uegte i drag eller avhogd og uphakka. I det heile finn ein lite av det som heiter logik og regel. Difor vert ogso desse slåttarne helst eit vonbrot for alle som er uppglødde for folkemusikken. Og at uppskrivaren ikkje hev att den turvande teoretiske kunna gjer ikkje tingen betre. Han hev soleis fleire stader misstydt både toneart og rytme. Og på uppstillt bas hev han stødt den feilen at ciss og d (dissonansar) kling saman. (Det burde vore
kvadrat for ciss).

Slåttarne i det utkomne heftet A er gamle kjenningar alle saman, — men rett nok noko ukjenneleg i ham og hold mot so som dei hev synt seg fyrr».

I lys av at flere kjente spelemenn benyttet seg av Torgeirsons oppskrifter, blir Bjørndals innvendinger kanskje ennå mer interessante. Einar Mjølnes skriver i sin bok «Slåttane var mange : frå notesamlinga etter Sigbjørn Bernhoft Osa», at «Sigbjørn B. Osa nytta mykje oppskrifter for å lære seg Telemarksslåttar. Det var oppskrifter av Gjellesvik, Groven, Johan Halvorsen, o.fl. Nokre av desse oppskriftene som lite kjende, m.a. nokre originaloppskrifter av son til Myllarguten, Torgeir Torgeirson Men Sigbjørn B. Osa har også skrive opp nokre få slåttar direkte etter kjende telemarksspelemenn, så som Johannes Dahle og Torkjell Haugerud. Her er teke med eit utval av det som tykkjest mest verdifullt frå ein dokumentasjonssynsstad, dvs. originaloppskriftene og eit døme på Sigbjørn B. Osa’s bruk av oppskriftene til Torgeir Torgeirson».

Deretter tar Bjørndal for seg hver enkelt slått i samlingen. Titlene Bjørndal oppgir skiller seg på et par punkter fra titlene i Øystein Gaukstads «Norsk folkemusikk : ein bibliografi», utgitt i 1951.

«Nr. 1 «Gibøen». gangar, er soleis ein av dei game som Mosafinn (og andre vestlandsspelemenner) hev nytta mykje: (Jfr. «Norske Slåttar nr. 3»). Gaukstad oppgir denne som «Forspil: Torgeir Augonson».

Nr. 2 «Hildalen», springar, er noko mykje umskapa og uppblanda. Ei par småmotiv minner både um «Storemylnaren» og «Rjukanfoss». Men elles er det nok den slåtten som no gjeng under det nylaga og noko meiningslause namn «Myllargutens siste minne». Og namnet «Hildalen» skulde styrkja ein i
den trui at slåtten er komen vestanfrå.

Nr. 3 «Skuldalsbruri» er nok ein slått som Torgeirson hev døypt gale. For dette er ikkje «Skuldalsbruri»! Det er ein annan erverdug gamall slått somber dette fine namnet. Og han gjeng i 6/8 dels takt (mot denne i 2/4 dels takt). Knut Dale i Telemark lærde den verkelege «Skuldalsbruri» av sjølvaste Myllarguten på Aamyre ved Kongsberg året 1860. Og frå Dale fekk underskrivne den, so det er ikkje tvil um kva som er rett her. Elles er det ei no noko nyetomylogisert «Skuldalsbrur»-form som er ålmenn
både i Telemark og vidare. Slåtten som her heiter «Skuldasbruri» er ei blandingsform av ein annan velkjend slått, som inkje namn hev — det eg veit.

Nr. 4 «Sævlien», springar, (truleg eit gale namn, for det er serleg ein haIling som ber namnet «Sævliden»). Denne slåtten er egte teledøl og hev det meir draum-lyriske draget som ofte sermerkjer teleslåttarne. Men formi er mykje ulik den vanleg kjende.

Nr. 5 «Luråsen», gangar, er venteleg ein vestlandsslått som Myllarguten hev bygt noko på. Hovudmotivet er i alle høve ein mykje gamall vossarull (halling) som vart sers mykje nytta i eldre tid. Truleg hev Myllarguten fenge han av Luråsen (difor dette namnet) . Og Luråsen lærde mykje slåttar her vest, serleg på Voss. M. a. var han ogso saman med Anders Gamlehagen og Nils Bygdatrå i Myrkdalen.

Nr. 6 «Abilhaugen» — Apalhaugen eller «Siklebekken» ter seg ogso her i ein heilt annan bunad enn ein er van med. Ein skimtar brotstykkje av andre gamle kjenningar; ein snertar av og til burti noko som smakar av «Apalhaugen» («Siklebekken»), men brådt er det burte att. Og det er i vissa ikkje «Siklebekken» me no kjenner.

Nr. 7. «Gangar»: Det er nok «Bordstapelen» skal vera. Men heller ikkje denne fær sin rett. Han er ikkje av dei verste nett. Men jamfører ein denne utgåva med Schart si uppskrift etter Myllarguten sjølv i 1857, vil ein finna ikkje so liten skilnad likevel. Og som elles i dei andre slåttarne er heller ikkje Torgeirson uppmerksam på det lyriske melodidraget i denne slåtten.

Nr. 8. Brudeslått, (Brudemarsj) er ei forvitneleg form av den beste brudemarsjen me kjenner av dette slaget. I denne saknar ein ei tvo-tri vik. Men stort teke finn ein dei fleste grunnmotiv til brudemarsjen i «Norske Slåttar» nr. 31. Og etter tradition hev han kome frå Telemark.

«Nr. 9. «Gangar» er teleslått; men uppskrivaren hev misstydd og missteke seg både på rytme og toneart. Seinste viket skulde soleis slutta i c-dur». Gaukstad opplyser i sin biografi at tittelen i slåttesamlingen er «Fjølman jenta uponde lie, drak, aa dansa, aa aka paa skji, gangare».

Nr 10 «Treskreppa», springar, er kjend både aust og vest. Han er ein av dei som er lettaste attkjenneleg; men han verkar noko stiv og avstumpa med den skrivemåten som er nytta. Og han vert noko fargelaus når mykje av det mest sermerkte av feletekniken vantar.

Ved å lesa eller spela gjenom desse Myllarslåttarne, fær ein i det heile sterk tvil um at dei er sogerette. Det tykkjest vera uppteikningar som er noterte etter meir eller mindre gode hugs. Og difor hev det vorte mykje blanding og påslump-arbeid, tykkjest meg. Namni på einskilde av slåttarne er derimot forvitnelege; dei peikar i ei viss leid. Og ein fær ei sterk kjensla av at Myllarguten auste med heil hug av
slåttetilfanget her vest.

I det heile lyt ein vel diverre segja at korkje Myllarguten eller Telemark vinn stort på ei slåtteutgåva som vert bode soleis fram som denne. Sovore ervesylv lyt handsamast både med vyrkskap og vyrdnad. Både namnet Myllarguten, den bygd som fostra han og folkemusikken hev rettvist krav på det. Og forlaget bør
syta for at det som att er av samlingi vert grundigt saumfare og at det vert både samvitsfullt og skynsamt frambore til sams hugnad for alle partar.

Arne Bjørndal».
Bildet av Torgeirson: Bjørndalsamlingen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s