Sigbjørn Berhoft Osa, Tor Underberg og 24 hallinger på leik og spelferd i Danmark 1936

«Med 25 hallingdøler paa leik og spelferd til Danmark.
Felespelaren Sigbjørn Osa er nyleg attkomen fraa ei ferd til Danmark i lag med ein leikarring fraa Aal i Hallingdal. Dei var 25 i alt. Lærar Knut Tveito var leidar for turen, og Osa var spelemann. Dei var innbedne av „Det unge grænsevern“, ein samskipnad som ein best kann samanlikna med Noregs ungdomslag.

danmark 2.PNG
I København sammen med norsk russ

Turen varde i tvo-tri vikor og dei vitja mange av dei danske høiskoler, der dei synte fram songleik og spela. Danskane var mykje uppglødde for den norske songleiken og felespelet, og me hausta ei stor mengd med æra og fagning fortel Osa, daa me raaka han jonsokaftan inne i Oslo. Ein tropp paa 5 gutar dansa halling, millom dei var den norske meistaren Tor Underberg. Sjølv spelte eg mange slaattar til dei, og eg spelte ofte Bjølleslaatten av Mosafinn. Den var dei storleg uppglødde for alle stader. Dei skyna
godt hardingfelemusikken, og var svært interesserte.

danmark 1
Ved Fredriksborg folkehøgskole der de bodde i fem døgn

— Korleis likte du danskane elles ?
— Det er eit gildt og straalande folk paa alle maatar, einestaa-ande gjestfrie og hyggjelege aa vera saman med. Eg kann beintfram ikkje tenkja meg ei gildare mottaking nokon annan stad, og turen er ein av dei gildaste eg har vore med paa.
— Og kvar gaar turen no ?
— I kveld skal eg til Aal, der det skal vera avslutningsfest, og 29. juni skal eg vera med til Nord-Noreg paa ein tur som Noregs ungdomslag skipar til. Me vert 7 mann i alt. Underdal skal tala og syngja, andre skal syna fram skodespel og eg sjølv skal spela, Me reiser med eigen baat og ferdi kjem til aa vara til sist i august, og endar i Karasjokk. So skilst me. Han bed oss helsa til vener paa Voss, og me ynskjer han lukka paa turen og bed han helsa fraa Voss til vaare landsmenn langt der uppe i midnattsolens land.

Fra avisa Horda Tidend (Vossingen) 04. 07. 1936. Bildene er fra Ål bygearkiv. Research og transkripsjon ved Olav Sataslåtten.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s