«På livet laus –eit møte med meisterdansaren Sigurd Teigen. Avskrift tå NRK-intervju frå 1995.

Hans Lien og Sigurd Teigen utanfor Nidarosdomen ifm eit stemne i Noregs ungdomslag i 1936.

NRK: Er det ein spesiell halling du likar å dansa?
ST: E dansa mykje Rotneims-Knut, e forlangte den mest, eg syns den var eggjande.

NRK: Fela ville han ha til dansen, sjøl spela han til dans på trekkspel.

ST: Det va reinlender, dans og springar. Det var det noså mykje av til å begynne med.

NRK: Det starta i ei lita hallingstove på Rotneim, med eit eitradars trekkspel og dei fyrste dansetrinn. Og dansen skulle føra han vidare, til Aulaen, til Bislett, til Albert Hall, ja til og med det engelske slott vart dansegolv for meisterdansaren.

ST: Så e var inn der då, me fongo håndhilse på kongen, og e dansa halling der, og spende kast. E spende nokso godt ettersom dei sa, og det var moro å få danse der. Og so hadde me ein veldig god spelemann, det var Sigbjørn Osa ifrå Voss. E har ikkje hug til å prate så mykje om meg sjøl, for det blir liksom so mykje sjølskryt, og det må e si e lika ikkje.

NRK: Koss kom dansen inn i livet ditt?

ST: Det var ifrå unge år, for e prata mykje med spelemenn og det var mange gode dansarar. Det var onkelen min, som heite Olav Torshaug, og han var e nabo til, og e lærde mykje tå han, og det var ein meisterdansar, han var burte i Amerika, tror det var ein 250 upptredenar han hadde. Han dansa springdans, han hadde med seg syster si. Og han hadde ein spelemann med seg, det var ein i frå Voss.
I dag er det nesten ingen som spenner riktig hallingkast. Det er en selvfølge at en må stå rett under hatten når en sku spenne, og rotere rundt og lyfte seg upp og kvelve seg i sama du råka hatten. Og dei sku koma fjellstøtt ned med samla bein, og uppreist. Det er riktig hallingkast. E må seia rekaspenn dei kalle, der ein fot i taket og ein i gølvet, det er ikkje att noko fine kast som blir gjort.

NRK: Kan du disse gamle kasta?

ST: Ja, det blir mykje skryt, men eg spende veldig mykje stemplakast. Det var meir rytme i dansen enn det er i dag. Dei dansa meir med kroppen. Men eg syns det er veldig moro å sjå når dei unge dansar godt, det synes eg er veldig moro blir børe vidare. Mor mi dansa veldig bra.

NRK: Men ikkje far din?

ST: Jau, og han spelte fele. Eg lærde mykje av de. Eg lærde å stemme fele før me lærte å lesa, får e si. Men e kom til å velja trekkspelet då. Det var so gjevt det, den tie. Det var de gamle som spelte fele, og det vart nedlagt mykje den tie, det vart burte. Då kom trekkepelet, og det var mest på fest.

Dei hadde mykje dårleg råd den tie veit du. Det var månge syskjen tå uss. Dei turde ikkje vera
engsteleg for barnehage, det var barnehage på kor gard. Dei måtte arbeide frå dei voro små. I hvert fall burt å gjete. Eg hugsa e gikk og gret i skogen, e lengta heim. Ein e kje stor når ein e ein sju år, veit du. Om dagen hende det me trefftest, fleire gjetarar. Og då vart det moro, då fongo me vore i samans. Då hende det vorte burte nokle krytera, me vore for lenge me einannan. Det var å væra ute i all slags vær, for me måtte vera med kryteru heile tie. Så me hadde med uss ei brødskive. Det kunne vera to brødskiver. Ein måtte stå ute i regnet. Ein fekk ein sekk under ryggen som skulle holde ute vatnet, som vart veldig tung då. Om vintro då måtte me vera med far, hogge timmer, frå eg var 10 år Me jakta og fiske veldig mykkji. Det var veldig med fisk den tie.

Og so var det dessa haugafolket, sa me den tie. Det var to some logo på ein støl der. Dei var på jakt. Og ein kveld hadde ein skote borte i eit berg der, og han syns det lo og skreik burt i der. Om natta so vakna dei, eg veit ikkje om det er sant, og då kom det to fine jentu te desse karo, gut. Og dei spurde om dei kunne få ligge inne der. Og han eine tå dei tok te å undersløke dei, og plusteleg fekk han tak i rova på den eine, og så skrike dei upp og sprunge ut fort avgårde. Den eine tå dei sprang ut med geværet og ville skote, og han skaut, men han skaut burt i eit fjell, og då opna det seg ei dør der, og der kom det ut ein gubbe og skreik, og så forsvunne desse to inn der. Dette fortalde dei, men det var fortald so mange slike historier. Eg lå på denna stølen e me, og eg tenkte kanskje det kunne koma ein der, men det kom ingen då (god latter).

Det var um somaren det var mest dans. Vinteren vart det på lokale, men det var ikkje så månge. Det var bestemt i ungdomslaget kor månge fester dei kunne ha, to-tre i året.

NRK: Hadde dykk noko fikarar?
ST: Ja, på ein måte. Om ein var veldig god, så. Det måtte være ein som hadde vore mykje i slagsmål og vann. Då vart dei redd han, og han kunnde gå som frikar. Eg fikk nå gå som eg vilde.

NRK: Ja, krangla du litt?

ST: Nei, ikkje eg. Men eg hjølpte månge som kanskje vore hardt ute. Eg sto og spelte og så kor dette føregikk. Så eg hoppa tå scena fleire gonga og kasta tå einkort. Det var mykji slagsmål den tie. Det var ikkji musikken som gjorde det, det var alkoholen. Eg kjende ein som brukte kniven veldig mykji, dei sa han skar syv stykji på ein natt. Det var i grunn mykji alkohol den tie, heimebrent. Dei brende på kor gard. Det var kje bra soleis. Eg hugsa månge slagsmål.

Før dansa dei veldig mykji på gardane, for då vore skyldfolket fløtt te stølen og ungdomen fongo danse heime. Det var veldig morosame dansa. Anten var det der eller på desse dansarflato. Ein eller to var i alle bygda. Så eg dansa der då. Det var ikkji så nøye koss sko ein hadde den tie. Dei komo i sko som hadde høljødn, den tie. Um kveldo om hausten dansa dei så værmefrasen fauk bortover. Dei komo bort i stein då, veit du.

Eg har dreve litt gymnastikk. Det er nok veldig bra. Ein må holde seg mjuk. Eg tar ein dans av og til. Det blir ikji så ofte no.

NRK: Den gongen var det vel veldig gjevt med en som kunne danse på den måten? Du var vel i vinden.

ST: Ja e var no det, får ein si (ler). Eg kom til Oslo lysverker. Eg har vore der i 30 år. Der klatra eg i masten.

NRK: Ka meina du om di eiga aldring då?

ST: Eg tenkjer vel eg skal vera her for alltid e, men det blir vel ikkje slik, veit e. Men eg e inkje redd for noko, ingenting.

No på mine pensjonistdagar har eg drive med felebygging. E har bygd over 60 felu. Både hardingfelu og fiolinar. Eg har hatt veldig mykji slikt å gjort, og då trur e tie har gjunge veldig fort. Sit til langt på kveld å jobba. Det er seint å bygge ei hardingfele, det går 3-400 timar.


NRK: Kunne du sparka av hatten no?

ST: Det har e ikkje prøvt no, då er ein vel kome dit, då skulle det vel litt trening til. Eg e freista te å spenne iblandt når e ser dei spenne, men som sagt skal det trening til det, skal en få til eit ordentlig hallingkast.

NRK: Kor høgt hoppa du då?

ST: E ha spent 2, 70, men onkelen min han har spent 2, 83.

NRK: Når du er såpass gamal som du er blitt nå, ka syns du om livet ditt når du ser tilbake?

ST: Eg synes sjøl e har vært veldig heldig, e har fått ei god kvote tå livet. Ein kan ikkji forlange meir, trur e.

NRK: Ka er det for slags dans ein 89-åring kunne tenke seg nå da, om ein skulle fram på golve?

ST: Det må bli ein springar, med ei sprek jente (ler godt).

Intervjet ble gjort av NRK ved Åshild Ulstrup, og ble sendt i P2 den 21. april 1995. Transkripsjon og opphavsrett til denne: Olav Sataslåtten

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s