Anmeldelse av Olav Sataslåttens konsert på Geilo januar 1932 i Kongsberg Dagblad

Sataslåtten nr 3 frå venstre samans med ålinger på Geilo 1936

Olav Sataslåtten og Wilhelm Hop reiser i Hallingdal fylkeslag no um dagane, og skal gjesta mest alle ungdomslag i dalen. Dei var her på Geilo laurdagskvelden og hadde kveldsgaman for fullt hus i «Fjellvang».

Han Olav Spelemann som de vel alle kjenner frå spelemamnstevlingane på ungdomsstemnene, han spela so gamletida i Hallingdal stod ljos levande for oss — som eit for det «indre» auga. Han mane fram «de hine kårde dage» — ja, det var «Fanitull» som var god, sa’n. — Og ho Prillar—Guri steig fram i dei reinaste og mjukaste tonar, ikkje som nokon hulder eller «fe», men som ei ung-kåt dansande hallinggjente.

Springaren etter han gamle Ola Dekko frå Torpo laut han framatt å spela til slutt; det var ikkje bøn for anne det, endå han då hadde spelt gamle hallingslåttar både vel og lenge, — tykte spelemannen sjølv då. Sataslåtten synte au at ham kan tolka både Myllarguten og Mossafinn um han vil. —Han forsvarar sikkert namnet av «Meisterspelemannen i Hallingdal»; spelet hans har ikkje dette harde draget som alt i eitt minner ein um kniveblink og mannnefall, det er og noko mjukt og fint i det -ein dom over det som hallingspelet ikkje alltid har. I Sataslåtten bur det verkeleg ein kunstnar. Hallingslåttane vert mest noko meir enn berre danseslåttar frå fela hans.

Jau, Sataslåtten må de av stad og høyra — ja. han Vilhelm Hop au naturligvis. Han er ikkje frå Hallingdal han, og burde vel difor nemnjast fyrst ifylgje «god tone». De kjenner han vist, han har fare gjemom dalen fyrr saman med bror sin, han Lorents Hop. No, han Vilhelm er gut som er skoran for tungebandet det, so han kan tala um norsk folkemusikk og den nasjonale dansen mted slik patos og eldhug at du lyt koma med. Men han er au ein stor «skøier» skal du vita, som «skrønar» so det ryk av han. Og elles er han eit «beist» til å herma etter folk, både fiskargubbar og gamle originalar av Bergenslærarindar.

Jau, her på Geilo hadde folk møtt fram, det var stemning laurdagskvelden og båe karane vart vel fagna. Til andre bygder der Hop og Sataslåtten kjem, vil me segja: «Gå I bort og gjør ligeså!
S. F».

Transkripsjon og opphavsretten til denne: Olav Sataslåtten. Foto: Ål bygdearkiv. Olav Sataslåtten på Geilo stasjon i 1936.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s