Tor Grimsgard intervjua av Klara Semb i avisa Den 17de mai i 1928

«Når eg har spurt hallingar kven dei rekna for den beste spelemannen i Hallingdal, so har dei gjerne svara Thor Grimsgaard. Men han er gamal han Thor no, so han kjem nok ikkje lenger på kappleikane. Gamal av år er Thor Grimsgaard no. Heile 75 år fyllte han i mai månad. Men fingrane leikar enno mjukt og lett over strengene, og bogen fører han like fritt og fast. Det hadde eg høve til å sjå då eg vitja Nes i Hallingdal ved juletid. Det var gildt at eg fekk høyre Grimsgaarden spela. Du skulde vore i «Leikarvollen» for lenge sidan, du Thor. Men no høver det so vel med desse 75 åra, det er slike runde tal som folk gjerne plar gjera stas av. På kappleikane har du aldri vore, so høve til å få deg i bladet vårt har ikkje vore der fyrr.

— Å, eg er ikkje verdt å gjera stas av no lenger, eg tek til å bli gamal. Og på kappleik har eg ikkje brydd meg om å fara. Eingong fekk dei meg avgarde til ein kappleik i Aal likevel, og der fekk eg 1. premie. Men sidan du nemner runde tal og jubileum so kan eg no fortelja deg at eg no kan halda eit slags jubileum som brudlaupsspelemann. No har eg spela i 350 brudlaup. Og når ein reknar med at eit brudlaup vara i fleire dagar, og at spelemannen lyt hanga i både natt og dag, so veit du det vert ikkje lite av det. I gamle
dagar vara gjerne eit brudlaup i 8 dagar. Og alltid var det nokon som Vilde dansa. Det kunne vera opptil 300 gjester i slike storbrudlaup. Dag og natt. Eg lurde meg av vilde sova innimellom, men dei gav seg ikkje før dei fann meg og eg laut til å spela att. Det hende eg var i tri brudlaup i eit renn, og alle vara i 8 dagar. Då var eg ikkje rare karen på slutten.. Det var berre springar og halling dei vilde ha den tid. Det var friske og fine dansar det.
Men dei brukar vel desse dansar i brudlaupa enno?
— Ja, det gjer dei, men helst uppe i bygda. Her nede tek denne nye skarvedansen til å bli bruka jamsides. Slik styggedom. —
— Kvar eg er fødd? Jau, det er i Brattested i Nes i Hallingdal, det. — Det høyrer du vel på slåttane mine og det at eg er halling.
«Leikarvollen» ynskjer Thor Grimsgaard tillukke med dei 75 åra og dei 350 brudlaupa. Og so sprek som Grimsgaarden framleides er, so er det ei von at han enno kan greie mange brudlaup. Spel du, Thor Grimsgaard. Spel dei fine eldfulle hallingslåttane. Spel dei slik at hallinggutane og hallinggjentone fær dei i blodet, so dei lyt dansa sine fine gamle dansar. Spel so dei fær avsmak for «Skarvedansen», som du kalla han. Skal nokon kunne greie det, so er det du».

Transkripsjon og opphavsrett til denne: Olav Sataslåtten

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s