Noko om sampelet mellom Sevat Sataøen og Olav Sataslåtten

Av Olav Sataslåtten

Det er mange som i nyere tid hevdar at det var eit knallhardt konkurranseforhold og likeframt uvenskap mellom Sevat Sataøen og Olav Sataslåtten. Dette er ikkje riktig, noko opplysningar i aviser og på opptak ber tydeleg vitnessbyrd om.

Artikkelen «Stemneferd, frå Fylkesstemna i Ål, 52-aarsgildet paa Solhov» i Kongsberg dagblad 06. juli 1927, skildrar Sataøen og Sataslåtten i samspel:

«So byrjar kappleiken paa fele og tevlinga i halling og springar, som no lagar sluttningsakta av det stilfulle festgildet. Nasjonalkledde spelemenn med meisterane, Sataøyn og Sataslåtten, kjem i upptog til tevlinga. Og snart liljar springaren or fela fint, medan guten svingar sig jenta kringt. Vare og kløkke tonar dei gamle feleslaattane ut i den stille sumarlufta, tryllande gildelyden inn i dis og draum og eventyrdaam, so ein lyt atter draga i minne Garborg sin trollhatt i Haugtussa».

Det same gjør ein artikkel i Kongsberg Dagblad 22. mars 1932, i artikkelen «30 års høgtid i Aal mållag»:

“Ola Perstølen las upp eit handskrive blad, som var noko, ja langtover det vanlege. Det borgar då ogso initialene,H. B., E. B. og O. P. for (Referenten vonar å få sjå at heile bladet kjem på prent). So kom «gamle» Bottolf Botilstøl. Som vanleg hadde han so mykjeløgje å fortelja og referenten lo slik, tillike med allle andre, at han mista blyanten på golvet.

Det leid no ut i dei små timane og då eg gjekk høyrdest tonane frå felone til Sataøyn og Sataslåtten, og har dei ikkje slutta so spelar dei endå. Og lenge kjem eg til å minnast denn eovgilde festen. Eg sender mi helsing til Aal mållag. Ref».

Om ein kappleik i Oslo forteller Sataslåtten i et opptak gjort på Venstenfor av Leif Rygg og Thorleiv Stave (bevart i Ål bygdearkiv): «Fela mi va kji akkurat i greie, og so budde me i lag, e å’n Steingrim Haukjem og han Sevat. Ja, då gikk det hardt førr se. Han Sevat reiste burt på pole veit du, og kom att me ei bøl me brennevin, og me tura å drokko gut, veit du. Og Ieto so forskrekkele, ja slik låting skull du alder ha høyrt. Og so skull me fram då dagen ette å spela, veit du, kappspela. Og de va uppsett ein pokal for beste hallingspel, og e lånte fela hass Sevat, og so tok e pokal’n. De syntes han Sevat va moro.» Haukjem IG Sataslåtten kjende kvarandre frå før, sidan Haukjem lærde låtten «Numedølen» av Sataslåtten før 1925, jfr Feleverkene.

Folk i Ål fortel og framleis historier om brudlaupet til Tor Underberg og Margit Helgesdtr. Hove i 1941, der Sataøen og Sataslåtten spelte samans.

I forhold til traderinga av låtter i Ål er det interessant at Sataøen og Sataslåtten då tydelegvis hadde dei same formane. Dette er ein viktig kjensgjerning, ettersom det i hovudsak er dei to, samans med Kristian Øvrevollseie, som har bært tradisjonen vidare frå dei eldre spelemenna som levde i Øvre Hallingdal på 1800-talet.

Bildet viser Sataøen foran Solhov ein gong på 1920-talet. Ål bygdearkiv.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s