Bare Bjørndal kunne marsjen og tersen røyk: Arne Bjørndals minner fra spelemannsferda til Verdensutstillingen i Gøteborg 1923


Torkjell Haugerud, Lorentz Hop, Olav Moe og Gunnulv Borgen i Gøteborg 1923.
Bildet er trolig tatt av Sevat Sataøen, som leverte bilder til Noregs ungdomslag
sin bok Stemneskrå : 1923.

«Då seks kjende nordmenn spela høgt spel i Sverike. Eit 20-årsminne, etter Arne Bjørndal». Gjengitt i avisen Austland 27. mai 1943. 

«Då seks kjende nordmenn spela høgt spel i Sverike. Eit 20-årsminne, etter Arne Bjørndal
Det var på den nordiske folkedans- og folkemusikkstemna i Gøteberg sumaren 1923. Me var 6 spelemenner frå Noreg: Torkjell Haugerud og Gunnulv Borgen frå Telemark, Olav Moe frå Valdres, Sevat Sataøen frå Hallingdal, og Lorentz Hop og ArneBjørndal frå Vestlandet. Eg hadde fenge det «høgtidelige opdrag» å halda spelemennene i hop og vara dei for farar og freistingar.

Ja, so var det ein ting til: Eg skulde syta for at me kunde spela minst ein mars saman; me skulde ha dette greidt fyrr me for frå Oslo; men det var reint uråd å få alle til å samlast sopass, det var elles stutt tid.

Me kom til Gøteborg, trøytte og slitne, og på ei tid som me kjende oss mest upplagde til å
vera nedlagde. Og me var helst seint uppe um morgonen, endå me etter måten skulde vera tidleg «på an». Eg tala frampå at no laut me endeleg sjå å boga ein mars i hop for me skulde spela i festfylgjet og berga vår «nasjonale æra»! Men ein hadde det ansamt med eitt, ein annan med noko anna. Eit par av musikantarane tok det heile nærast for spøk og hadde det «roligt» på svensk. Men klokka tikka seg frametter. Og då det berre var ein liten halvtime att til den store mynstring, fekk eg endeleg karane til å skyna «situasjonens alvor».

Me stillte og stillte høgt; a-strengen (kvarten) var uppe i c. Og det var ei hard røyning for mine halvslitne strenger. Då eg i 1911 var i Teiemark på slåttesanking, fann eg millom anna ein brudemars i Seljord; eg skreiv han upp etter Hans Smeland. Slåtten heitte «Fiskestigen». Og utanum meg sjølv
var det berre Gunnulv Borgen som kjende slåtten; Borgen kunde han elles berre halvveges. So var det meg til å spela veki uppatt og uppatt til dei andre fekk nokolunde tak i melodien; fyrst kom Borgen med og litt um senn dei andre og; det var næme læregutar! Men då me hadde drive på um låg ti minuttar, kom ordren um «Klar til festferdi»! Og eg var framleis den einaste som kunde slåtten skikkelegt frå ende til annan; dei andre kunde berre sovidt «fylgja med». Eg sa då frå at dei fekk høyra på meg so godt, det var råd, so gjekk det nok bra likevel, tenkte eg.

So bar det i vegen. Og snart stod me uppstellte med spaning på korleis dette skulde bera til. Endeleg sette det store fylgjet seg i «bevægelse». Og som vel var, var det dei svenske spelgossar som skulde låta den fyrste marsen; men me stod for tur. Og no galdt det! Me dilta med og var reide til å «syna oss» for svenskane best me vann. Me klunka og små strauk og lydde etter um felone var i «slagorden»; eg merka at tersen min hadde sige noko. Og då eg vreid litt på stillepinnen, der rauk strengen med eit lite smell! Kva skulde me no gjera? Dei andre leit på meg, og me ottast for at svenskane snart var ferdige med sitt. Felekassa mi var i «fusketroppen»; der låg strengene mine. I ein dundrande sende me ein fjukande svein etter kassa; han var verkeleg ein helt til å springa! Og då han kom tevande att, opna eg brennfort felestokken og drog fram ein tersstubbe som eg so snøgt råd svarva rundt stillepinnen og tok til å vrida og strekkja på tarmtappen.

Alt gjekk for seg under rask marsgonge og med eit hav av folk på alle sidor, høgt og lågt.
Heile tidi gjekk me og serleg eg med anden i halsen, ventande på at svenskane snart hogg slåtten av. Me hadde order um å ta til med same dei slutta! Og korleis skulde det gå når den einaste som kunde marsen vår, tagde? Me var fullt laga på å gjera skam av fosterlandet vårt! Eg dreiv og stillte; strengen seig, eg sleit og vreid og lydde, og larka i veg so godt eg kunde. Han vilde nok siga meir endå; eg kald sveitta. Men betre ein kleint stillt streng enn slett ingen. Og då eg sovidt hadde fenge tersen nokolunde i stelle, der slutta svenskane å spela, og i same rennet drog me til med «Fiskestigen»; i fyrstningi litt nervøst og famlande av dei fleste. Men samspelet besna med kvart alle vart støde i slåtten. Det klang friskt og høgmælt, fengjande og festleg. Svenskane bisnast på dei underlege hardingfelene og lydde med forvitne til dei ljos dæmde tonane med sin eigen ukjende klangdåm og rytme. Og me spela betre med kvart. Det hadde vore ei spanande mynstring for nordbaggane; men me greidde oss bra. Og mor Noreg si æra var berga».

 Transkripsjon og eierskap til denne: Olav Sataslåtten

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s