Sjur Helgeland intervjuet i 1911 på Grand hotel på Vossevangen av forfatteren Haakon Garaasen

Sjur Helgeland av Haakon Garaasen.
«Sjur Helgeland er ikkje meir». Det tok meg saa underleg saart, no eg frette detta. Det livna i hugen min, mange minne, baade fagre- og vedkjømelege, fraa ei kvorvi tid av live mitt, dagar som aldri kjem att. Ung og fus og heit og braa la eg midvinters ut ein vaagal gut fraa øvst opp i ein gudbrandsdalsk avdal den lange leida fraa austland til vestland.

Pengar? 25 kr, var heile min kapital her i verda. Sleit vondt gjorde eg i ømse maatar. Ein skarve kuffert aatte eg men den reiv dei tvers av for meg: han laut harvast hop att med ein reipende hell to. Eit skarve ski-par hadde eg og. Dei heldt eg saa «dyrebare» at eg sende dei med bankopostkjøraren fraa Valdres til Sogn. Da bar det ikkje likare til enn eine skie vart kjørd tvers av i ei snøfonn paa Filefjell. Da hivde eg det skie som att var og ga bort stavane. Fulla var eg dette leite ein av fader Trysil-Knuts fremste arvtakarar i skirenning og heller ikkje så lite byrg baade av Trysil-Knut og meg sjølv, om eg skal tru noko som nyleg vart skrive om meg i eit bondeblad; Gaa med 1 stav på 2 ski, det er inga kunst; men gaa med 2 stavar paa 1 ski tvers over Filefjell, det greidde eg ikkje. „

Sikkert er det at eg sende den hopharva kufferten pr. jønnbane og dampbaat via Kristiania og Bergen til Voss. Sjølv sende eg meg avgarde paa mine to bein ned den seks mil dryge gudbrandsdalske avdalen via Veslehamar til Gjøvik der eg hos ei snild og pen frue fekk baade mat og husrom. Derifraa bar det med ny kraft og friskt mod ut paa dei blanke isar all Valdresdalen nord og opp . Strandafjorden og Slirefjorden og kva dei no heiter alle. Ein herrelaus hund kom og gjorde reiselag med meg. Men ein dag tykte han at eg vart for vaagall. Eg sette beint aat ei svart vik der isen låg berre nattgamal. Da sette den herrelause hunden seg ned paa sin blankslitne ende, retta nosa mot himilen og klemde ut or strupa si nogre langdregne, klagande hundehyl innan han snudde og kom seg undan og sikkert for tid og æva kvarv ut or alle mine vegar.

. . Men lengre nord i dalen møtte eg ein gamal valdris. Han aatvara meg og sa meg vel fyri hoss eg skulde bera meg aat. Gjorde eg saa som han sa da trudde han at eg med Guds hjelp skulde naa Voss folkehøgskule med helsa og live! Og fram naadde eg, takk vere ein snild mjølkekøyrar i Lærdal og ein gjerandslaus skreddar paa Gudvangen. Reint sjølvmint leigde den gjerandslause seg ein skottgamp og tok paa seg —- nb. mit fyriaat betaling ! -aa fragta meg til Voss. At nysnøen tinte vekk og jønnstengerne skreik i veggreden og eg lange leite laut dra baade skottgampen og skreddaren, sjaa det er ei sak for seg! I alle høve: eg naadde Voss. Og der treivst eg og vart verande
baade vel og lenge.

Voss er i ømse maatar ei festleg bygd og vossingen er i mange maatar eit festlegt folkeferd. Lel tykte eg at ingen ruvde fram meir festleg i gata enn just Sjur Helgeland meisterspelemannen. Dette var i januar 1906. Fem aar etter, ein brennande heit dag sist i juli anno 1911, høvde eg til aa møte Sjur Helgeland i hagen aat Grand hotel paa Vossevangen. For seg sjøl sat han, ved eit lite steinbord i skuggen under tre. Paa borde stod flaske og glass…

Hatten hadde han slengt like sælt fraa seg paa grassvorden. Vinden ruska i det kvite Bjømsonhaare. Ein røseleg og russkallrugg laut det vera, retteleg ein landsens bjørn.
— Og du bor fraimleides deroppi Myrkdalen paa Vossastrondi? spør eg da vi har prata ei stund.
— For det meste, ja. Eg er fødd og opvaksin der i Myrkdalen. Eg er odelsgut. Men det var fela
og ikkje garden som drog. Eg var visst ikkje lengre enn som saa her da eg laga meg ei einstrengfele ogklunka slaattar paa den eine strengen. Da nikka dei gamle og meinte at det «blir nok spelemann av’n Sjur, lel!»Og Sjur Helgeland er aat aa smile, der han sit og stirer fram føri seg i tankar.; «Spela eg slaattar, ja; jah, jah !’» tar han uppatt. Han har sin eigin maate med dette aa ta uppatt, somme ord og seie «jah, jah!»

— Var ikkje far din au spelemann ? — Spelemann var han, jau. Han hadde lært «Gamle-Hagjen», han far. Gamle-Hagjen var frispelar, han. Han sa ein gong aat far min at du kan bli namngjetin spelemann du, om du vil. Da svara far min «aan nei, ikkje eg: men kan henda han Sjur, son min!» .

Her kjem Per-Ola, ein kjend Vossa-spelemann, og ein til, bort aat borde der eg og Helgeland sit.  Per-Ola er godt i lag, og vil gjerne prate. Den andre ser helst ut til aa vera «natt-rakkjin», som vi seier i Trysil (Natt-rakkjin : som har tura fleire dagar og næter i slag).

— Nei kan du hugse den gongen paa den gamle utstellingsplasen, da far din stod paa ein høg  tram og spela, og du dansa laus i skinnbrok ? tar Per-Ola frami, og drer nokre sterke drag paa pipa.

Du var ikkje saa tjukk den tid som du er no. Snaudt om eg trur det fanst mage paa deg, Sjur!  Snøgg var du til aa snu deg. Du gjekk i tunn saa lett som ei staalfjør. Eg hugsar enda det draus  sølvpengar or Iommune dine. Du hadde nok vori spelemann om dagen, og teki inn skjellingar. Far din var ein skruve for seg sjøl, han. «Stidler ikkje du fela mi høgre, so fan dragse drep eg meg, Sjur!» hugsar eg han skreik. Helgeland nikkar; ja, jah,„ jah!, seier han.

Den florde i lage tøygjer opp augo : «Ja far din Sjur, da va ein kaldo kar! Ja da va gut som kunde ga laus paa live, da!» seier han. Her er berre klinkande sterkt Vossa-maal.
— Er du spelemann du au ? snur fjerdemannen seg aat meg.
— Nei…
— Ja da er du komponist, da ?
— Nei, eg er nok ikkje det hell.
Han sit ei stund og grundar.,
—, Ja da maa du vera ein utsending, da!»
— Utsending ?
— Utsending ja. Fraa eit blad,veit eg!
Og eg seier meg samd i det at eg er ein «utsending»,
— Ja du skal ekrive vel om «n Sjur. Han Sjur er vaar han„ ser du! Den einaste namngjetne vi eig der paa Strondi. Desse andre dei kan vera bra nok. Men dei naar aldri «n Brita-Lars-Sjur i Myrkdalen, det vaagar eg ei flaske blankt brennevin paa! — hunden rugge meg om dei gjer! seier fjerdemannen.
Per-OIa tar frami att:
— Nei hugsar du eingong for mange aar attende, du -Sjur, Det var endatil bort midt føri stasjonen. Vi var just ferdige med eksisen, og da vanka der drikke. Dermed-saa deiste digre Mass Sæve til deg saa du vart liggjande. Men best det er der sprett du ende opp, og ropar: «Her er kjett ate kar, du,!» Mass fortalde meg seinare at det gjekk saa kaldt gjenom «n med same du stalp. Men da du spratt oppatt da «vart eg so gild at eg hoje-skratta! sa han digre Mass Sæve! Ja da va skavande, hentande løgje, du Sjur!
Helgeland smaalær: ja, jah, jah!
Den fjorde i lage vil ikkje gi seg ; han tøygjer opp augo saa godt han kan :
— Nei eg lyt hugse ein gong uti tune paa Finne, du og gamle Mosafinn spela kvar si stund. Naar han spela da gret du, og naar du spela da gret han! Helgeland smiler ; ja,jah, jah,
— Du spelar i brudlaup ? spør eg.
— Eg driv fra det eine brudlaupe og til det andre. No i det siste er det lite eg har sovi. I natt
vi hadde lutte eg meg nedaat litt paa noko halmrusk einkvan staden, med fela attmed meg; og
snork snork ! der sov eg. «Eg har vori sterko kar, sterko kar, nett so ein bjødn: Ja. jah, ja! nikkar Helgeland gaat seg sjøl, og held fram: Men det skal mykje til aa halde ut. Det er ikkie alltid berre brudlaup aa vera Sjur og ungkar og spelemann. Trangsyn og pietisme er her enno nok av, og
ikkje minst i avstengde bygder og dalar. Her ein sumar kom eg ut for ein flokk som tilbad Vaarherre med noko som dei nemnde «at rulle sig i istøvet». Og dei rulla seg «i støvet» ja og spann og sparka, mannfolk og kvinnfolk om kvarandre.
Og somme — serskilt av dei yngste og vænastc gjentone
— spann vonom høge. . Og meg og fela og alt mitt dømde dei beinvegen nord og ned. Saa dei  var nok fine Guds englar allesaman, visst var dei vel saa!

— Fraa det eine til det andre : var ikkje du kjend med Edv, Grieg ?
— Grieg kjende eg. Og han kjende meg, Eg hugsar ein gong eg hadde lagt meg til aa sova ved aalmannvegen, ikkje langt fraa hotel Opheim. Eg var slitin og trøyt, og dagen var varm. Da kjem ein storkarskjuss durande. Dei stanar, og ein liten mann ropar : «Er det ikkje Sjur Helgeland?» Den vesle mannen var Edv. Grieg. Han køyrde i lag med Frantz Beyer fraa Bergen.

Dei sette paa at eg maatte bli med til Stalheim. Eg sa nei. Eg hadde vori der, sa eg. Men der var saa fullt av tyske musikantarar saa der var visst ikkje rom aat nokon Sjur Helgeland ! Aa skitt i tyskarane! meinte Grieg„. Eg vart med. Eg hugsar at ei skoespelarinne gjekk i kring med ein stor hatt og samla inn pengar. Ein annan gong paa hotel Ophus spela eg aat Grieg til kl. var 1 om natta. Du spelar godt, du! sa Grieg. Aa, det er no berre smaatt stell. Eg vantar utdaning! svara eg. Eg takkar deg mest når
du inga utdaning har! sa, Grieg.

Edv. Grieg møtte alltid naar eg hadde konsert. Og han var den som mest av alle ga meg fagning. Det eg sjøl har laga lika han best. Serskilt «Vaarlengting» og «Budeiune paa vikafjelle». Ja dei spelar «Budeiune» nokon kvar; men sjeldan nemner dei kven deter som har dikta dette tonestykke. Ein telemarksspelemann fortalde ein gong i Kristiania at det var han som. hadde dikta «Budeiune paa Vikafjelle». Men da var der ein liten mann som tok til motmæle og avsanna dette, og sa at det er Sjur Helgeland som er far til «Budeiune paa Vikafjelle»; Den vesle mannen var Edv. Grieg, det. Den fjorde i lage tøygjer opp augo, og dultar meg i sida: Skriv no! seier han.-.

—- Høyrde du Ole Bull nokon gong ? spør eg.
— Eg hugsar ein gong han spela paa Engja i Bergen, Men der var saa pakka med folk at eg fekk lite høyre og sjaa. Stundom vart eg letta oppfraa og borin fram i trengsla. Og ein gong var det paa nære nippe at eg e hadde vorti nedtrampa. Men saa greip eg tak i frakkeflake aat ein mann, og sleit meg oppatt.  Ein annan gong fylgde eg Mosafin. Ole Bull hadde sagt til Mossafin aa møte paa hotel Fleischer her pan Vangen. Men da det bar til herdinga da vaaga ikkje Mosafin aa syne seg for Bull. Mosafin hadde faatt tilsendt 20 dalar fraa Bull. For dei dalane skulde han koma til Bergen og spela, Men sjaa det gjekk ikkje likare enn Mosafin drakk opp pengane og aldri naadde Bergen !

Du veit kanskje at eg er utanom premitevlingane i «Vestrnannalage», no? Eg har vorti liksom frispelar, maatru, Saa var det ein gong eg var i Bergen. Pengelaus var eg, og svoltin attpaa. No hadde dei just kappspeling i «Vestmannalage»; og førstepremien var paa 80 kr., det visste eg. Gjekk eg da beinast inn der dei heldt til med tevlinga, fekk tak i ei framand fele som eg aldri hadde havt i mine hender før, og tok aat aa klunke og stille; dermed saa strauk eg opp med ein av dei beste eg kan. Da eg var ferdig kom ein mann bortaat meg, helsa og sa at sidan far hans døydde hadde han ikkje vori saa tekin av nationalt felespel.
Saa? Kva heitte far din? Spurde eg Ole Bull! svara han.
Nei så du er han Alexander, da? sa eg.
Eg er nok det, ja! Svara han.
Gjekk han saa bort aat prisdomarane og tala litt med dei. 0m litt kom Lavik bort til meg og sa at «det blir nok saa du, lyt faa førstepremien no au, du Helgeland!»
Og eg vil seia at dei kronone for meg kom vel med !

Da eg eksera hadde eg ein oberst som var son aat Ole Bull. Obersten kom ofte bort aat meg naar eg sat og pussa børsa : skitt, det kan ein korporal hell einkvan annan gjera! sa han. Eg skulde spela eg, meinte Bull. Ein gong bad han meg inn paa hotel Stalheim. Frua hans kjende meg ikkje, og saag hellst ein grand skakkøygd paa ein slik som meg, kan du vita. Det er Sjur Helgeland! sa oberst Bull. Han skal spela aat oss! Og eg spela, og oberst Bull dansa..

— Kven held du for aa vera den gjævaste nationale felespelaren som no lever i lande ?
— Mosafin, Mosafin ! «Eg tala ein gong med ein namngjetin musikk-kjennar i Bergen. Og han sa at slik som Mosafin spela rudl og springar og halling slik har korkje Ole Bull hell nokon annan i heile Noregs land spela dei. Og det held eg for aa vera sanning, Naar det gjeld Vossaspel da er vi alle smaagutar mot gamle Mosafin !

— Nytt emne : Du er vel maalmann du au, Helgeland ?
— Maalmann er eg, ja. Eg lyt hugsa ein gong eg var i Bergen, i lag med kaptein Hellesnes. Vi raaka ei Vossagjente, ei som tente i Bergen.
Er De i byen og spiller nu da, hr. Helgeland ? sa ho. Jau eg er i byen og spelar ! svara eg. Svært saa fint som du har lært deg til aa tala no da! heldt eg fram. Ja jeg kan nu ikke snakke saa klodsete som den tid da vi var hjemme! svara ho, og slengde med nakken. Da tok kaptein Hellesnes meg i armen. Kom, gaar vi! sa han.

Den fjorde i lage tøygjer opp augo og ser harm paa meg : Du skriv ikkje, du! — Teg no du berre still! Dette greier vi, di hjelp utan, seier Helgeland Stutt. Den fjorde sit ei stund. Men truleg tykkjer han det er harmlegt aa gji seg med saa-gjort, og dermed saa bit han frami : To ting likar eg: Hansa øl og Langaards tobakk Helgeland drar paa smilebadet og svarar at «tri ting skulde al komi inn i Noregs land: kaffi, tobakk og bayers!» I gamle dagar drakk dei mjød og heimabrygg. Saa skulde det enno ha vori !
Vil du ikkje spela litt ? spør eg.

— Ja, ja. Du faar gaa etter fela du da, Per-Ola. Ho staar paa kontorborde.
Per-Ola kjem- med felekassa. Og felekassa er gamal og sliti, og fela han kjem fram med er enda eldre. Sprukki er ho au. Denne fela kiøpte han far i Bergen da han gjorde garnisonteneste ! seier Helgeland; han tar fela varsamt, snur henne og ser paa henne, og smiler aa henne som er det eit lite kjært barn som ligg der i fange hans. Ja ho er gamal og sprukki med,Samnanger-fela hans far. Men sjaa paa desse Ijodhola her, du Per-Ola. Og denne halsen, og desse skrune! — ser du ikkje, Per-Ola ? Per-Ola smiler, og seier at han ser det nok. Da nikkar Helgeland nøgd, og seier ja; jah, jah! Og med eitt tar han den andre i handa : Eg likar deg, Per-Ola! Du forstaar deg paa felespel. Og du likar spele mitt, det veit eg. Du skal helse han Per-Ola-Per, son din, fraa meg Brita-Lars-Sjur, og seie at eg liker spele hans! Han er no den som her paa Voss skal ta arven etter Mosafin og meg. Ja eg likar at einkvan av dei unge vinn seg opp og fram. Paa den maaten vil spele leva om vi gamle døyr og blir gløymde . .

Og han legg den sprukne fela opp aat bringa, lyfter bogen og tar nokre drag ; stiller, Stryk han saa opp med «Budeiune paa Vikafjelle». Augo er mest heilt attIatne. Og han blir saa væn i andlete, saa barnemild. Eg tykkjest forstaa at det strøymer inn paa «n alt det som han har lidt og stridt og lengta all den lange tida han har gaatt aaleine oppi Myrkdalen millom kalde menneskje som ikkje forstod kJangen i fela hans
—minne om détte, saman med minne om alle dei herlege stunder han hadde levt ute i lag med vener og kjenningar og kunstskynarar….sigeren i dei store og største stunder. «Budeiune» er eit rikt og ser-rnerkt tonedikt, med varm daam av jonsoknatt og ung elsk. –

— Da eg kjem med handa til farvel da ser eg noko saart og hjelpelaust i andlete aat meisterspelaren. Med han har det helst gaatt paa den maaten at di meir han Iærde di mindre tykte han det var tess det som han kan, seier han.
«Stundom: har eg beste hugen til aa læse feleskrine og aldri lese det opp att» .

Eg ruslar vegen bakkane oppetter. Sett meg da eg naar morellalleen i Brekke-jorde. Her er skugge, og her er utsyn. Vangsvatne beint nedføri, der kvifmaala baatar stemner-paa, med krusing og solglitring kring stamnen. Og oppetter fraa vatne er høge aasar, med snøflekkute fjell lengst undan. Ender og gong stryk ein linn og Ijuvleg vindgust langs dei syrstilkbrune bakkane, raslar i morellalleen og ber med seg ange fraa alle dei tusun markblomstrar.

….Sjur Helgeland. Det namne fekk for meg i den stunda ein forunderleg saar klang, no eg sat einsam og lydde paa slaamaskinen og Ijaaslipinga, og laut hugsa at no bar det paa nytt lag mot hausten og vinteren».

Opprinnelig gjengitt i Gula tidend og 28. og 29. april 1926. Transkripsjon og opphavsretten til denne ved Olav Sataslåtten. Bildet av Helgeland eies av Ole Bull akademiet. Opprinnelig gjengitt i Håkon Asheims bok «Ole Bull og folkemusikken». 

Haakon Garaasen (født 6. juli 1887 i Galåsen, Trysil, død 7. juni 1957 i Trysil) var en norsk journalist, lokalhistoriker og forfatter. I romaner og dokumentarbøker utgitt mellom 1908 og 1925 skildret han hjembygda og dens historie.Han var det yngste av ti barn på gården Jons i Galåsen. Han gikk på Voss Folkehøgskule 1905-06, samtidig med Tore Ørjasæter, og var også knyttet til skolen senere, med opphold vinteren 1910-11. Ved siden av forfatterskapet livnærte han seg av jordbruk og journalistikk. I ungdommen drev han med idrett og han var aktiv i ungdomslaget Trysalir. Han debuterte i 1908 med novellesamlinga Frå skogbygda, og skrev i alt sju bøker.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s