“Faremoane» del I og II av Hallvard Rysstad. Fædrelandsvennen 1935

Hallvard Rysstad (fødd 22. april 1870, død 3. april 1937) var spelemann frå Rysstad i Hylestad. Foreldra var Salve Aanundsson Rysstad og Gunnbjørg Hallvardsdotter Rysstad. Knut Jonson Heddi var den første læremeistaren til Hallvard. I folkeskulen fekk han Torgeir Bjørnarå til lærar, og han hadde samhug med fela. Seinare var han til Fyresdal og fekk lære fleire slåttar av Petter Veum. Hallvard brukte dusinfele dei første åra. Men etter turen til Fyresdal brukte han hardingfela.

heddi
Heddi. Foto: UiB

Etter år 1900 var Hallvard ute på fleire konsertreiser. I 1904 reiste han til Amerika, og heldt også der nokre konsertar. I 1911 kom Hallvard heim igjen til Norge. Han oppsøkte Halvor Flateland i Bø i Telemark, og lærte mange slåttar av han. Dei seinare åra var han mykje saman med meisterspelemannen Gunnulf Borgen frå Bø. Gunnulf kom lange turar på vitjng til Hallvard og broren Såvi Rysstad i 1930-åra. Hallvard og spelemennene Olav E. Risdal og Gunnar Austegard frå Hornnes var også mykje saman. Best kjend skal Hallvard vere for si utforming av faremoslåtten Norafjellsen.

Hallvard Rysstad var sterkt knytt til Telemarksspelet. Dansespel med rask takt, som var meir brukt i Setesdal, brydde han seg mindre om. Det var tonane, ikkje takta, som var det viktigaste for han. Kjennarar meiner at han kanskje av den grunn var mindre påakta og verdsett av sambygdingane sine enn han hadde fortent. Ved sida av felespelet leste Hallvard mykje litteratur. Han var mykje interessert i gamalt, i gamle soger, segner og forteljingar. Han skal ha vore ein stor naturelskar, som lika blomar, heier og fjell.

“Faremoane
For “Fædrelandsvennen” av Hallvard Rysstad. Del I og II

«Gjev keisaren det som
keisarens er.»
Naar eg brukar nemningi Faremoane som overskrift til dette vesle bladstykket mitt, so er det spelemennene fraa Faremo eg tenkjer paa, for dei var so nemngjetne i heile Setesdal og so mykje umtala at nemnde du ein »Faremo«, so tenkte folk paa spelemennene med det same. I leik og lag og brudlaup i seinare tid vart det alltid spurt etter Faremoslaattar. Dei hadde eit sermerkt spel, noko uvanleg fram um dei andre spelemenn som me seinare skal faa høyra. Naar dei flinkaste spelemenn i seinare tider spela »Faremoane«, so reisste dei gamle paa hovudet og sa: — Du spelar ’kje rett! kan ’kje som Faremoane!Um spelemannen daa spurde:— Kan der vera so stor skilnad? so svara dei gamle:— Ei, ei ,ei, det er plent sovidt eg kan kjenna att slaattane! Tradisjonen vart broten.

Med Faremoane døydde spelet, d.v.s.slaattane deira burt. Prestar og lekpreikarar sa at det var stor synd aa spela, ein kunde likso godt ha djevelen i buset som ei fele, sa dei. I dei tider stod ikkje upplysningi høgre hjaa aalmenningen, dei vaaga inkje segja imot prestane og lækpreikarane, men ein og annan var det som hadde so stor hug til fela at han løynde seg til aa spela i fjøs og stall eller uppe paa myrkelofti.

Spelet degenererast og slaattane vart gløymde. Men det somer att av Faremoslaattane idag, det vart halde uppe av kleine spelemenn og trallarar. Um prestane og lækpredikantane dømde trallarane ihel kjenner eginkje til. Det var kanskje mindre synd aa bruka kjeften hell fela. No er her mange gode spele menn i Setesdalen, nokre er meisterspelemenn, men dei hevhavt ein tung veg aa gaa foraa vinna fram, for slaattane dei ervde var mest berre skjelett, beingrinder som dei sjølve hev maattet gjeva sjel og aand og kjøt og blod. Resultatet vart: Dei beste spelemenn i dalen no, dei vart drivne av aandi ut or dalen til andre bygdelag og andre spelemenn der tradisjonen var ubroten, der musikken levde heil og rein fraa gamle tider. Dei maatte fylla seg med musikk so godt dei kunde, leva seg inn i daam og rytme for aa kunna restaurera vaare eigne slaattar. Dei maatte spela i leik og lag og brudlaup for aa faa stilen, d.v.s. det rette laget i dei slaattar som høvde best aa dansa etter. Dei hev maattet reist inn paa heidane og levt der aaleine i solblanke sumardagar og sett fjell og nutar gyIdte av morgonsol!. I einsemdi hev dei sete i støylsbuder seine haustkveldar og høyrt vinden hvina i bunovi, regnet drasa fraa butaki, høyrt kalde bylgjor skyla upp etterufser og skjær og vaska steinane i strandi. Dei hev sett viddane i bleikt maaneljos i ei stille og ei tagal einsemd som kunde føra til vanvit. Alt dette laut leggjast inn i musikken, inn i slaattane, for fela skulde bera det fram att, fela skulde tala. Med fela ber sogemannen fram sitt eige sjelelivsjeleliv. Men spelemannen maa «føle« og liksom leva sitt bygdefolks liv — samla det att i seg sjølv, so folk kjenner seg att i sjølve musikken, men fyrr spelemannen rekk so langt hev han gjort eit kolossalt arbeid. Dette hev vaare flinke spelemenn i dalen gjort, og dei hev restaurera godt upp att mange av dei gamle slaattane.

Kvar Faremoane hadde sine slaattar ifaa, kan me inkje vita. Truleg hadde dei lært dei av spelemenn av ein eldre generasjon — at dei var ein arv fraa ætt til ætt. Men heilrendt og godt samansatte var dei sikkert, liksom stev, segner og viser. Um musikken i Setesdal var paaverka av musikk fraa andre bygdelag er ikkje so godt aa segja, truleg er det at slaattane var ei vidfarande vare daa som no, i sameleis som eventyri og segnene. Men slike ovspelemenn som Faremoane var, so støypte dei slaattane um etter miljøet og sitt eige lynde. Det vil segja: gjorde dei setesdalske. Ikkje lenger ifraa kvarandre enn Setesdal og Telemark ligg, so er der ikkje so liten skilnad paa folkelynnet. (Sjaa Vetle Vislie: »Telemark og SetesdaIen« i «Syn og Segn«).

Fraa gamalt av hev telemarkingar og sæbyggjar havt mykje umgjenge baade i arbeid og i andre vendingar. Soleis slost hylstringar med fyresdøler um heidebeiti og valdølene slost med skofsdingane. Det var i »gamle« dagar. I dei seinare tider hev venskapen vore so stor at dei kunde vera saman i arbeidslag. Setesdølene reiste til Telemark og tok seg arbeid som slaattekarar, timberhoggarar og jordbrjotarar. Telemarkingane kom hit til Setesdal og tok seg arbeid som slaattekarar. I Setesdal varhaustonni lang, dei slo 9—10 vikor paa heidi, so det er truleg at ein slaattekar tente meir der enn i Telemark, der haustonni kanskje ikkje var lenger enn 7—8 vikor. Nok er det: Me veit for visst at slik ein namngjeten kar som Tormod Knutsson Borgegjordet var slaattekar i Valle. I Valle var det han fekk emne til »Graamannsvisa« si. Tormod las upp visa si for »Graamannen« og fekk mykje kjøt i betaling. »Men», sa Graamannen, hadde eg visst kven visediktaren var, daa Han las ho upp for meg, so hadde eg sjølv gjort han til spekekjøt!« Gamle Lars Kaavenes sa at Øystein »Langedragen« var slaattekar i Valle. Langedragen var, som me veit, ein namngjeten spelemann. Eg hev høyrt dette berre av Lars. Men det er ikkje utruleg dette. Det kan vera sant. Men tente Langedragen i Valle, so kan me vera sikker paa at dei spela saman, han og Faremoen, helst Tarje, og bytte slaattar. Daa Myllarguten i 1848 spela i Oslo, hadde han eit nummer paa programmet sitt som han kalla »Systerslaattane fraa Setesdal». Kvar hadde Myllarguten desse slaattane fraa? Myllarguten og Torkjell Austad raakast i Bykle — dei spela der i kvar sitt brudlaup, men dei var lite saman. Av Torkjell kunde ikkje Myllarguten ha lært »Systerslaattane«, dertil var deira samvær for stutt. Men Myllarguten kom attende til Telemark og fortalde at han hadde tapt i spel for Torkjell Austad». Kvar hadde so Myllarguten fenge tak i »Systerslaattane« ? Truleg av Langedragen. Rickard Berge segjer i si bok um Myllarguten, at Myllarguten lærde mykje av Langedragen. Kvar hadde so Langedragen fenge Systerslaattane fraa? Kven hadde han lært dei av? Eg tenkjer helst han hadde lært dei av Tarjei Faremo.

Spelemannen Petter Veum i Fyresdal, far til stortingsmann og kyrkjeminister Ivar Tveiten, lærde meg Systerslaattane. Petter hadde lært dei av Langedragen og vore i lære hjaa han plent liksom Myllarguten. Men Petter spela ikkje »Draumen«. Slikt eit lagedrag hev eg aldri sett fyrr, sa han, daa eg spela Slaatten for han. Men Langedragen att, han hadde sikkert lært dei av ein av Faremoane den tid han tente i Valle, Ein ting til vil eg gjera folk merksame paa: er Systerslaat tane upphavlegt fraa Setesdal, so vil dette prova at det ikkje var berre »gangaren« som var i hæve i den tid Faremoane var i brage, for nr. 2 av dei 3 Systerslaattane er springdans. At ikkje alt Faremospel var »ekte« setesdalsk, kan me og vita av det at her reiste nokre vardøler (taterar?) som var svært flinke spelemenn, med desse vardølene var Faremoane mykje i lag, for dei (vardølene) stogga lenge her i bygdi og fekk seg arbeid som »koparslagarar«.

Det er elles lite eg veit um desse Faremo-spelemennene. — Daa dei levde dei eldste eg kan minnast og som mintest vel Faremoane, daa var eg so ung at eg hadde ikkje vit til aa spyrja dei ut. Men eg vil likevel fortelja det vesle eg veit: Bjug 0. Rysstad (født 1814) snakka ein gong um Tarjei Faremo. Han sa so paalag: TarjeiFaremo var underoffiser. Han spela ein gong innmed kyrkjeporten i eit brudlaup. Presten vart sint og spurde kven det var som torde spela innmed kyrkjeporten. Tarjei steig nokre steg fram, gjorde militært honnør og svara: Tarjei Olsson Faremo!

Naar han spela i brudlaup so kravde han stundum at folk skulde betala. Daa banka han med felebogen paa fela og sa: »De fær vera so god aa betala litt; eg kan ikkje sitja og streva her for utan løn«. Ein gong snudte han ryggen til og synte dei buksebaken: »Sjaa, her hev eg tvo augo i buksa mi — vær so god og legg i fela.« Ein gong eg sat hjaa han og drakk kaffi, sa han: «Slaa uaa koppen din, Bjug, so skal eg spela for deg.« Daa han hadde glaapt i koppen ei stund, sa han: »Eg er redd at eit av borni dine kjem snart til aa døy«. So gjekk det. Plent som han hadde vore vis.

Men so var han no reint som ein daare sume tider. Som daa han sette seg til aa bora hol i eit graasteinsberg øvst i Haukedalan, tenkte der var mineralar. Og naar han kom paa dei »raame« slaattane, so han ikkje fekk slutta aa spela — det var au fælsleg. Ein slaatt vilde han spela nåar han stod upp av gravi, sa han. Den slaatten hadde han dikta sjølv. Ja, han var so mykje i hop med nokre reisande koparslagarar fraa Vardal — gud veit kva han kunde læra av deim. Dei var svære spelemenn vardølene. Tarjei var visst født paa Faremo anno 1793 eller 1797. Han flutte til Rysstad og budde i Minemo til han reiste til Amerika. Sidan høyrde ingen gjete honom meir.

Olav Tarjeisson Faremo, son til Tarjei Faremo, var fødd 1823. Han spela faren sine slaattar, og mange sa han spela betre enn Tarjei sjølv. Han spela i brudlaupet til Herjus Haugeland, fortalde Ragnhild Haugeland. Olav var med til kyrkja med fela si. Men daa dei kom att fraa kyrkja og hadde rukke upp aat utmarkshagen,daa tok Olav spranget fraa brudlaupsfolket og inn i brudlaupsstoga som nyleg var upptimra, for aa høyra kor godt og fint fela kom til aa lyda i dei nye husi. Berre denne vesle tingen fortel mykje um spelemannen. Han hev nok røynt kva akustikken hev aa segja for ein spelemann.

Det er fortalt at eit brudlaupslag fraa Austad sokn møtte til kyrkja den same dagen for aa verta vigde. Budgomen var fraa Hegland, men brudi var fraa Hovet i Hylestad. Brudlaupslagi møttest i »Heimegard« paa Rysstad, og mannen i Heimegard let kvart lag faa ei stova til aa dansa og morre seg i. Torkjell Austad var spelemann i Heglandsbrudlaupet. Daa er det sagt at Tarkjell satt etter berre med eitt menneske i si stova medan Olav Faremo hadde baae brudlaupslydane. Og dei gamle fortalde dette paa den maaten at han som fekk mest folk, han var ogso den beste spelemannen.

Olav Faremo var tenestgut uppe i Berg. Mannen han tente hjaa var lesar eller haugianar. Han likte ikkje fele. Han baud Olav nye klæde fraa , »topp til taa« attaat aarsløni um han vilde slutta aa spela. Det var mykje i den tidi, for klædi var ikke so lite kostbare. Olav prøvde eit bel aa leggja fela vekk — dei vikor han var paa heidi og slo — hev eg høyrt. Men daa han kom heim av heidi, treiv han fela so fort han hadde høve til det. Han vilde heller halda seg klæde sjølv —og spela.

Hadvaar Aanonsson heitte den seinste gode spelemannen av faremo-ætti. Mor hans var syster til Tarjei Faremo. Han byrja spelet med han var liten gut. Dei sa at han sat paa eit skaap og spela til dans for ungdomen. Det er hermt etter far hans: »Tak anten fela eller boki, boa!« Hadvaar var fødd 1837, um eg ikkje mishugsar meg. Han døydde 1863. Far og mor mintest han godt. Dei dansa visst etter hans spel — visst dei dansa daa. Mor kunde mange slaattar etter Hadvaar. Men Hadvaar lærde nok slaattane av morbror sin, Tarjei, og systkin-barnet sitt, Olav Faremo. Dei sa han »reiva« orvet sitt naar han skulde vera slaattekar um sumaren. Asbjørn Knutsson Rysstad fortalde at han og Hadvaar ekserte paa same tid. Ole Wergeland var general. So var det ein kveld at generalen var paa »moen«. Han bad um aa faa høyra spelemennane. Det vart ei fæl speling — kappspeling. Hadvaar fekk 20 kr. Av generalen, men dei andre spelemenn fekk ingen ting. Hadvaar, eller »felungen« som han og vart kalla, døydde seint um vaaren, eller tidleg paa sumaren. Truleg var det mykje flugor paa den tid inne i stoga. Hadvaar hadde fela si hangande paa veggen. »Naar han fekk dei verste sjukdomsrider, daa klunta det paa felestrengene«, sa dei gamle. Dei kom «kje i hug at det kunde vera flugor som surra rundt fela og »klunka«-paa strengene».

Det skal være en tredje og siste del til denne artikkelen, men det har ikke lykkes meg å finne denne.

Transkripsjon og opphavsrett til denne: Olav Sataslåtten. Gjengis etter tillatelse.

Kilder:
Fædrelandsvennen 24. og 26.april 1935
Gunnar Lande og Hallvard T. Bjørgum, Setesdal Spelemannslag 50 år. 1930-1980, jubileumsbok 1981,
Såvi Rysstad, Hallvard Rysstad, stykke i Jol i Setesdal 1969.
Bilde av Rysstad hentet fra boken Agder i segn og soge. B. VIII : Feleljom frå dalom

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s