Da Tor Underberg fra Ål dansa halling for 11 000 tilskuere i Royal Albert Hall i 1932

hilda helkås

Hilda Helkås (1892-1973) fra Telemark, som har skrevet denne artikkelen i Norsk Barneblad i 1932, samlet hjembygdas ungdom til lagsarbeid omkring avholdsarbeid, norskdom- målarbeid, sang, leik, dans og amatørskuespill. Hun var den som sto i spissen for og dro mange andre med seg i arbeidet for å skape hygge og trivsel i Helgen, en typisk landsbygd med landbruk som hovednæring. Tiden var mellomkrigs- og etterkrigsårene. Hun var født på Værstad med røtter i bondeslekter på fars- og morsiden.

Hilda Helkås gikk først amtskolen og ble i 1913 uteksaminert fra Notodden lærerskole. I studieårene på Notodden møtte hun kulturstrømninger som ble retningsgivende for hennes liv -ikke bare som lærer i skolen, men i videre forstand som folkeoppdrager.

I 1916 ble Helgen mållag startet. Fra 1921 var hun lagets leder. Mållaget hadde i hennes ledertid en meget aktiv periode, og dit kom mange av landets kjente personligheter. Til kursene i folkeviseleik både før og etter krigen hentet Hilda Kjersti Midtbø fra Bø. På kursene lærte ungdommen sangtekster. Selv var Hilda lett på foten og glad i å synge. Blant spillemenn som deltok, kan en nevne Sveinung Bakka, Heddal, Anund Roheim, Kristiane og Einar Lund. Kristiane Lund, som en tid bodde pa Stokkan i Mælum, spilte på leikkursene og bodde da hos Hilda på Storebø. Det kan nevnes at pionerer i folkeviseleik som Klara Semb og Rolf Varme var i Helgen. Klara Semb skrev leikbøker der folkeviser med noter og rettledning står sammen med beskrivelse av dansemåten. Møteprogrammene omfattet foredrag, amatørteater, opplesning, musikk og dans.Mye folkemusikk ble det også. Blant dem som spilte finner vi mestrene Sigbjørn Bernhoft Osa, Gjermund Haugen, Torkjell Haugerud, Gudmund og Magne Manheim – og Kristiane Lund. Hun var ikke bare felespiller, men en av bærerne av folkedans- og folkedrakttradisjonene i Telemark.

«På Englandsferd.
Hilda Helkås.
Undrast på um lesarane av Norsk Barneblad vil vera med på ei Englandsferd? Me veit det er gamal, god skikk for nordmennene å dra i «vesterveg». Me var 22 «vikingar» som for frå Bergen 5. joledag 1932 med det nye store motorskipet Venus. Me skulde til London og syna fram gamal norsk songdans og gamle norske slåttar. Frk. Klara Semb var leidar pa ferdi. I Bergen mynstra ho troppene sine. Me hadde øving i møtesalen hjå Ervingen. Sunnmørs-vikingane Flø og Velle var ikkje komne enno, og leidaren var mykje ottesam, for båten skulde gå um tvo timar. Men dei tvo hadde gjenge og leita etter oss, og gleda vart stor då me møttest på bryggja. Stormsignalet var uppsett då me kom um bord, og me landkrabbane grua oss. So lenge me heldt oss innanfor skjergarden. var alt vel. Me åt middag i den unelege matsalen, song og leika og hadde det gildt. Men føraren vår hadde fare i vikingferd fyrr og visste korleis ein vinterstorm på Nordsjøen kann vera. Me vart bedne um å leggje oss, alle me som ikkje var sjøsterke. No ja, det døgeret over Nordsjøen gjekk no det og, men då me låg der so sjuke at me snautt greidde lyfta hovudet frå puta, trudde me snautt at me kunde vinna englendarane for norsk dans og musikk. Det var ein bleiknebbut flokk som steig i land i England kl. 13 sette jole-
dagen.

Det er um lag 30 mil å reisa med toget frå Newcastle til London, og me kom dit kl. 19. Kl. 20 skulde me møtast med dei engelske folkedansarane i Albert Hall. Den norske sjømannspresten, den norske generallkonsulen, tvo skotske leiklærarinnor og fleire engelske møtte oss pa stasjonen. Me vart fotografera og tok so bussen til hotellet der me skulde bu. Ja, no var me i verdsbyen. Bussen for gjenom  
nokre av dei breidaste og finaste gatone i London, og me let augo retteleg fara rundt.

Då me kom til hotellet, fekk me 10 min. til å stella oss, og so samlast me i matsalen til «dinner».  Me skulde vera i Albert Hall kl. 20, men me kom litt for seint. Albert Hall er det største og mest kjende konserthuset i London. Prinsesse Viktoria let det byggja til minne um prins Albert. Huset hev sitjeplassar til ti tusen. Det er bygt i same stil som dei gamle helleneske teatri. I midten er eit stort tile,og rundt ikring er sitjeplassane i 7 høgder. Der er eit utal med inngangur, gangar og rom å hengja kledi i, so ein lett kann gå seg vill. Me vort fyrst fotografera og so førde inn i eit vent klæderom.

Osa og norske dansere foran Royal Albert Hall på 30-tallet. Bildet er ikke nødvendigvis fra turen Helkås skildrer -han var tilbake i 1935, da med Sigurd Teigen fra Torpo i Ål i Hallingdal som danser.

Me hadde alle bunader, og staute var dei som bar dei, so eg trur nok at korkje bunadene eller me gjorde skam på landet vårt. Me hadde nok litt «lampefeber» då me fekk vink um å koma inn. Med spelemennene i brodden marjsera me inn pa tilet. Me slo ring og leika og song. Denne kvelden heldt dei engelske folkedansarane øving. Det var godt tvo tusen dansarar og berre dei beste ringane skulde få vera med på festframsyningi nyårskvelden. Me tykte det var gildt å sjå dei engelske folkedansarane. Det var berre musikkdans, og mange var svært einfelde, rettelege folkedansar der alle kunde vera med. Dei engelske folkedansarane hadde einfelde, vene bunader. Men dei var ikkje so staselege som våre, for dei hadde korkje saum eller sylv.

Um fyremiddagen nyårskvelden var me bedne til Fread House. Det er kvekarane som eig dette huset. Mange av dykk hev sakte høyrt um kvekarane. John Foch som skipa det, var engelsmann. Og mange av dei beste menn og kvinnor i England er kvekarar. Kvekarane var dei fyrste og fremste talsmenn for fredssaki og fråhaldssaki. Kvekarane tok hjarteleg i mot oss, og til takk leika og song me, og dei tykte vel um norsk songdans. Der var møtt fram mange fotografar, og dei tok bilete av oss medan me leika.

Festframsyning i Albert Hall tok til kl 8. Me visste at billettane var utselde lang tid fyreåt og at fleire av kongelyden skulde vera til stades. For denne agelege lyden skulde me tolka eit stykke Noreg. Kongesongen vart spela, og me gjekk inn å tilet og slo ring. Dei engelske folkedansarane slo ring um oss att og stod ærevakt medan orkestret spela «Ja, vi elsker». Det hende nok at ei og onnor tåre måtte turkast i all hast. Dei engelske skulde fyrst i elden. Dei var over 1000 og var bytt i mangeflokkar. Dei engelske folkedansane er einfelde, alle er songdansar med mjuk, fin rytme. Dansarane var «lette pa tå» og dansa mjukt og fagert.

So var det vår tur. Me dansa: «Eg rodde meg ut på seiegrunnen», «Småsporven» og «Bendik og Aarolilja». Den siste er vedunderleg fager, og det var kyrkjestilt i salen då me gjorde «liljeblomen»til slutt. Eg ynskte berre at alle dei heime som spottar folkedansen skulde høyrt den fagningi me fekk. Sidan dansa me «Falkvor Lomanson». Karane hadde faklar, og me kvinnone bar blomekransar i hendene. Dei fleste ljos i salen vart sløkt, det var som døkke sumarnatti. Og ljoset frå faklane skein att i dei glimande bunadene våre. Ja, det var reint hugtakande sjå. So dansa me «Firetur» frå Sørlandet og «Sekstur» frå Namdalen. Då me hadde dansa «Sekstur» vart frk. Semb kalla upp i kongelogen. Tvo prinsessor og ein prins var til stades. Dei vilde høyra meir um «Seksturen». Dei sa det var den fagraste dans dei hadde set, og dei bad um å få musikken til han.

Me hadde med oss ein sprek hallingdansar. Tor Underberg, han og frk. Mjelde frå Bergen dansa hallingspringar, og han åleine dansa halling. Både dei og spelemannen, Sigbjørn Osa, fekk sterk fagning. Me var glade då festframsyningi var over, for me hadde vunne ære for landet vårt. I næste brev skal eg fortelja um nyårsnatti i London.

Hilda Helkås.

Resarch og transkripsjon: Olav Sataslåtten. Opphavsrett til transkriberingen ved samme.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s