Hans Smeland – artikkel av Aage Olav Værdal fra Syn og segn 1901 Vol. 7

«Naar det hende seg, at eg i kveldingi um hausten 1896
gjekk nedover fraa Uppebøen og eit stykke paa vegen til
Klomset, elder vonleg rettare : Klungerset, so kunde eg faa høyra
spel fraa stova etter stova. Stundom vart eg standande aa
lyda. Det var felelaat. Berre framandt læte, som det eg
hadde høyrt her nord, var det ikkje. Nei, det maatte og
vera slaattar av same slage som dei mor-mor mi visste um
fraa ho var ung, og som ho seinare hadde nemnt.
Noko sers heimslegt var det med denne feleljomen,
tykte eg. Skilleg mintest eg Sjur Helgeland og spele hans.
Ja, det er rart med dei heimlege lundane. Det gjer so godt
aa høyra dei. Ein kjenner seg stødare paa den grunnen
der dei hev runne. Ein skyner klaarare at live i Norig maa
ovra seg paa gamle gode tufter.
Godt gjer er det aa læra aa kjenne folk som paa dei
ymse leider trutt syner vegjerne til ein fullvaksen norsk
tjodskap. Slike menneskje hev helder ofte kome fraa mindre
heimar.
I Seljord hevt det livt mange trugne arvtakarar. Og ein
finn mange der enno: spelemenn og kvedarar og maal-
røkjarar og andre. Elles er det liksom noko sers norskt
med bygdi og med folke i det heile.
I heimen aat Hans T. S meland var eg mang ein
gong. Jordi hallar litevetta mot sør, so soli tek godt. Nett
attmed husi renn ei liti elv. Lauvskoglidi er paa øvre sida
aat stova. Elles ser ein fjelli liksom stengsla kring bygdi.
Fagert er det, til dømes ein klaar haustdag. Rimelegt er det,
at det i ein slik heim kan veksa upp spelemenn.
Ja, Hans Smeland er felespelemann. Han er no um
lag tretti aar. Far hans heitte Hallvor Torsson Smeland.
Han var og spelemann. Elles hev det vore spelemenner i
denne ætti so langt det kan minnast attende. Mori, Maren
Høljesdotter Smeland, hev vore ei gaaverik kvinna med skyn
og sans for spel. Ho var tolleg frisk hausten 1898, daa
eg sist tala med henne
— kring 67 aar gamall. Hallvor
døydde den tid eg var i Seljord mest 70 aar gamall.

Ei god fela vert likare, di eldre ho vert. Difor hev
jamt felorne gjenge i arv i lange tider i fleire spelemanns-
ætter. Soleis hev det og vore i Smeland-ætti. Fela som
Hans Smeland brukar er fraa far til beste-far hans — lang-
godfaren. Ho er um lag 250 aar gamall. Hans Smeland
tok til aa spela i fem-seks aars alderen. God lærdom
Tekk han hjaa far sin og Lars Fykerud og Leiv Sandsdalen
og andre namngjetne spelarar.
I Telemarki hev det vorte til mange slaattar. Det
kan ein skyna so godt, naar ein kjenner litegrand til natur
og folkelynde. Og so hev teledølerne ferdast saman med
baade hardingarne og vossingarne og setisdølerne. Alle desse
hev elska felespele. Og hjaa alle hev det vore vidspurde
spelemenner og slaattediktarar. Og folke hev lært slaattar
av kvarandre og laga noko paa dei stundom. Soleis er det
no slaattar som er kjende i fleire bygdelag. Og i kvar bygd
hev dei noko meire bygdalegt ved seg. Ingen kan visst
segja kvar dei fyrst vart dikta. Men norske og heimslege
høyrest dei alle stader.
Hans Smeland kom, som andre spelemenner, til aa leika
paa fela si fraa fyrst av i mange brudlaup. Ja, han hev
no ei tid havt mest alt brudlaups-spel i Seljord. Men meir
og meir hev han lagt seg etter det norsk-tjodlege spele
elles. Difor kan han no spela mange nas j on ale slaattar
svært godt. Fraa Leiv Sandsdalen hev han millom andre:
«Kivlemøyarne» og «Fanitullen» og «Langedrag-
Slaattarne» og «Systerslaattarne».
Syrgjelegt er det, at so mange gjæve spelemenner ikkje
skal ha raad til aa halda paa med spelingi til fullnads i
ungdomsaari. Hans Smeland er ein av dei som veit kva
det vil segja aa ha vilje, men ikkje raad. Mykje kan
likevel vinnast enno. Og mykje er alt vunne.
For mange aar sidan vann Hans Smeland ein bra pris
paa kappleiken i Bø. Og seinare hev han og kappast, og
fenge æra.
Hans Smeland strævar som skræddar og jordarbeidar.
Han hev arbeidt heime saman med dei fire systrane sine.
Dei hev spela alle. Og vesle dotter hans, Magnhild, synte
seg alt aa vera spelnæm, daa eg var hjaa dei. Ho var kring seks aar.
Gud gjeve at Hans maa vinna byggja ein
lukkeleg heim framleides saman med kona si -Aaslaug
fraa Øverland».

Aage Olav Værdal.
Transkripsjon og opphavsrett til denne: Olav Sataslåtten. Bildet er ikke fra artikkelen, men er hentet fra boken «Jørgen Tjønnstaul» av Knut Buen, Tuddal:Buen Kulturverkstad, 1984.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s