Eivind Groven: TORKJELL HAUGERUD. Frå Syn og segn. 1955 Vol. 61

Torkjell Haugerud er ikkje meir. Fela hans hev tagna. Det er berre i minne me no gøymer hans klåre mjuke bogedrag, som av og til kunde sprette so leikande lett, og hans rappe treffsikre fingrar. Men fram gjennom tidene vil me spore åndskrafti som lever etter ham. Eit varmhjarta og vensælt menneske med den sterke kjærleiken til musikk, verkeleg høg, storfelt musikk som speglar av det beste i menneskjelivet. I soga vil namnet hans leva på line med Myllarguten, Gibøen, Mosafinn, Helgeland, Fykerud og Knut Dale.

Torkjell Haugerud var fødd på garden Haugerud i Bø, Telemark — ein kan segja, midt i det rikaste spelmiljø, og i tidi då åndskrafti etter Myllarguten endå bylgja friskt gjennom bygdene. Og spelmannsarv var det og i blodet. Han var av den vidgreina Folkestadætti. G. O. Nordbø hev skrive um denne ætti, og hev fylgt lina frå Torkjell Haugerud 18 ættleder attende til rundt 1350. Myllarguten var av denne ætti og elles trimenning av bestefar til Torkjell. Desse tvo skulde og vera mykje like einannan i utsjånad. — Lars Fykerud var og av same ætti.
— Mor til Torkjell var mykje musikalsk og song so vent i kyrkja, er det fortalt. Far hans,
Mattis Haugerud var like eins sers musikalsk, tralla kor han for og lydde på spelmennene. Han var ofte med far sin på Møsstrand der han sat til støls, og der fekk Mattis, som då var berre gutungen, leike i lag med Kjetil, son til Håvar Gibøen. Dei var på same alder. Kjetil vart seinare kjend som god spelmann og heldt uppe arven etter far sin, og var ein av deim som Torkjell Haugerud fekk lære mykje av.

Torkjell miste tidleg foreldri. Då han i 9-års alderen vilde byrje å lære å spela, sette fosterforeldri hans seg imot. Det var vel religiøst trongsyn som gjorde det. eEg laut lova dei at eg ikkje skulde bli lags- eller brudlaups-spelmann, då vart det betre,» fortalde han, og denne lovnaden hev eg merkeleg nok halde». Og so kom ei rik læretid. I Bø var det mykje godt spel og ein rik tradisjon. Spelet i Bø og Seljord var skapt og utforma av tradisjonen etter Myllarguten, — i Bø serleg ved Flatlandkarane i Seljord serleg ved Leiv Sandsdalen. Desse tradisjonslinone hekk so nøgje ihop at ein no til vanleg talar um berre eitt slag spel, Bøherings-spelet, som altso i grunnen med likso stor rett kunde kallast Seljord-spelet. Den unge Haugerud-guten fekk naturleg nok inn Bøherings-spelet som den fyrste musikalske næringi. Det var Halvor Jørgensen Lid i Bø som fyrst fekk vesle Torkjell i sving med fela. Men so reiste han til Amerika. Og då kom Torkjell til Halvor Flatland. Og han skyna at guten var meir enn vanleg musikalsk og vilde gjerne lære han alt han kunde. Torkjell skreiv sjølv um dette: «Han er den spelmannen eg lærde mest av. Fram gjennom ungdomsåri var det Flatland-slåttane som surra i hausen, og eg var so heldig at han ynskte og vilde lære meg.»

Men ein spelmann kan ikkje livberge seg med berre spel- Torkjell hadde hug til gå skulevegen. Men so fekk han ein helseknekk i 19-års alderen, Og so vart det stogg i dei planane. «Då treiv eg fela», skriv han, «og ho berga meg or elendet». So var det å prøve lukka med konsertar. Og i og med dette fekk han koma ut på dei «Skulane» som fekk so mykje å segja for han. Han kom i nye bygder og i samband med nytt spel, som han saug i seg i fulle drag. 1 1897 kom han fyrst til Vest-Telemark. Og her møtte han eit rikt melodistoff som levde att etter Myllarguten og Gibøen. Og her vakna skaparevna og inspirasjonen. Lufti og geitemjølki på Rauland gav og kveik til den sjuklege kroppen. Han fekk mod på livet. Han laga sin fyrste komposisjon, «Huldregjenta».

1 1898 gjekk turen til Valdres. Her møtte han Olav Moe som han bytte slåttar med. So bar det til Voss til Mosafinn og Helgeland. Um dette fortalde han: «Hjå Mosafinn stana eg ei lengre tid, og me spela mykje saman, og før eg drog heimyvi, Spela me ein konsert i Ungdomshallen på Voss. Då me tok farvel med kvarandre, gret me båe to. 1 1899, året etter drog eg til Voss att, og var då saman med Sjur (Helgeland) uppe i Murtedalen, Vossestrandi i vikevis. Me skifte ei mengd med slåttar. På same turen råka eg saman med treskjerar og spelemann Magnus Dagestad, og mykje godt lærde eg og av honom.»

I åri som kom var det nye konsertferder i Austlandsdalane og Trøndelag. Og det er forvitneleg å sjå kor godt dei tok imot hardingfelespelet i desse bygdene ög. På ei av ferdene kom han til Krødsherad. Um dette fortel han: «Vart sjuk då eg kom til Krødsherad, men kom inn til sjølve storspelaren der, Vilhelm Sorteberg.Han tok imot meg som son av huset, og eg stann der i 14 dagar. Då var forkjølelsen yver, men dåhadde me bytt mange slåttar og.» Dette var i 1902. Haugerud var altso då 26 år gamal. Men det er ein ting som me rnå undre oss over: At han til denne tid faktisk ikkje hev vore serleg i samband med Aust-Telemark-spelet, som serleg gjeng under namnet Tinndøl-spelet. Det er ikkje fritt for at det var eit visst motsetningshøve millom Bøherings- og Tinndøl-spelet. Det er gjerne so med tvo bygdelag som ligg upp til einannan og som hev ulike dialektar. Dei hev ikkje so lett for gå saman. Saki var vel at når dei i Bø spela ein slått på sin måte, og dei spela same slåtten heilt onnorleis i Tinn, so var det vel slik at kvar heldt på sitt som det «einaste rette». Det var difor ikkje vanleg i dei åri at representantar frå det eine spelet lærde noko av det andre spelet. Men Torkjell Haugerud hadde eit større vidsyn. Det var vel heller ikkje mange teler som den gongen drog til Voss eller Valdres og vilde lære spel. Og i åri etter 1903 finn me han hjå «storkulten i slåtterikdom, Knut Dale på Tinn,» som han segjer. «Honom hev eg mykje å takke for at eg saug i meg det vene Håvar Gibø-spelet. Signe Knut Dales minne, å for ein fin natur det var i han.» Isen millom Bø og Tinn var broten. Og Torkjell Haugerud kunde samle i seg det han lærde, og ta vare på det sermerkte i Dalespelet utan farge det for sterkt av sin eigen «Bø-dialekt». Og no kan me vel og segja at Torkjell Haugerud stend som ein sterk samnemnar for alt det beste i hardingfelespelet. Læretidi skulde vel no vera over. Men nei — han måtte lære notar og koma inn i den store europeiske musikken og. Og han lærde seg å handsama både vanleg fele og orgel, noko han seinare fekk bruk for. Han var organist i Seljord kyrkje i mange år frå 1917 av.

1 1903 gifte han seg med Birgit Sigurdsdotter Nes, goddotter til diktaren Jørund Telnes. Og med det vart det gardsbruk og plikter i det praktiske livet som tok romet ei tid, og spelet måtte liggje. Dei fekk dotteri Anne, som synte seg å vera sers musikalsk og Iærde seg spela både hardingfele og piano. Fram gjennom åri finn me Haugerud og dotteri saman ved pianoet. Han spelar violin og ho akkompagnerer. Og det var ikkje sjeldan på festar og stemnor å høyre dei spela m. a. Beethoven og Mozart saman til hugnad for folk. Og han fekk lukke til halde hardingfela ved like. Det vart kappleikspeling, spel til moro og konsertferder. Og på kappleikane vann han alltid fyrste prisen. Han vann både sylvmedalje og meisterskapsmedalje i gull (1922), som Telemark ungdomslag hadde sett upp.

Han hadde ein uvanleg fin musikkgivnad. Det var noko varmt og mjukt og fantasifullt over spelet hans. Det var so heilt igjennom kultivert, bore fram av eit godt menneske. Med det suverene oversyn over alt spel i heile Sør-Noreg, og den uhorvelege slåtterikdomen han sat inne med, Var det å vente at Torkjell Haugerud kunde føre fram slåttane i si fulle mynsterform. Sjølvsagt hadde Haugerud ein høgt utvikla spelteknikk. Men det som alltid gav åhøyraren noko utanum det vanlege, var at han kunde koma med vendingar i slåtten som berre han kunde. Han hadde kvar slått ifrå so mange kjeldor. Og når han spela slåtten, hende det ofte at han tok med vendingar frå ymse spelmenn. Han fekk difor alle slåttar uvanleg rike på vendingar og brigde. Og hans skapande fantasi fyllte ofte ut med små brigde etter som inspirasjonen greip han. For so vidt var han nok og skyld Myllarguten og Lars Fykerud. At visse slåttar som «Siklebekken», «Ligangaren» og «Langedragen nr. 2» er slik som dei er i dag, er nok mykje Haugerud å takke. Han fekk og restaurere slåttar som «Kivlemøyane» på sin måte. Dette utbyggjingsarbeidet syner ein serskild smak og visse personlege drag. — I samband med dette vil eg nemne ein slått som Haugerud hadde lært i Valdres. Denne slåtten vart svært populær i Telemark, og snart var han høyre frå alle felor. Men da vart Haugerud leid slåtten, og for å få slutt på gnaget, bygde han ut slåtten på sin måte og vreid um slik at han ikkje berre vart vanskelegare å lære, men og nokso vriden å spela. Men då var det liksom dei andre spelmennene tagde meir stille med slåtten. Og Haugerud fekk fred for gnaget.

I dei slåttane Torkjell Haugerud laga, nyttar han stort sett same prinsippet som dei gamle spelmennene ofte gjorde. Han tek ofte eldre små stubbar, set saman eller byggjer vidare.
Den mest reine, frie nydikting er vel «Huldregjenta», men lyder me godt etter, fær me høyre vendingar frå ein gamal springar, «Kari Kantebakke». «Tårån i troppene» er og mykje nydikting. Men her finn me og innslag av ein eldre springar som på Tinn heiter «Saltevju». Um «Tårån i troppene» fortel Haugerud at han laga denne i 1906: «Kona mi las diktet «T. i. t. i diktsamlingi «Koll» etter far sin, Sigurd Nes. Dette greip meg slik at eg stillte fela og laga slåtten. «Tussen i Busmannhaugen» (1932) gjeng ut frå ein eldre halling på tvo vek. Men Haugerud komponerer fritt vidare ei rekkje vendingar, ofte med ei Mozartsk lineføring og eleganse. Heilt nyskaping tykkjest «Jørånnatten» vera. Eit par tak er nærskylde vendingar frå «Sålebindaren». «Jørånnatten» er laga i slutten av 30-åri og er ein vedunderleg slått med line som kunde ha symfonisk bereevne. «Leikarvoll-bekken» byggjer og merkeleg nok på «Saltevju»-springaren, men denne gongen på fyrste taket, medan «Tårån i troppene» nyttar eit seinare tak. — Siste slåtten Haugerud laga var «Glima» og skriv seg frå deisSiste tvo åri. Denne slåtten er i moll og er kanskje ikkje so fullt utbygd. Hadde han levd lenger, vilde vel og «Glima» fenge større vengjefang.

Alle stader i Haugeruds komposisjonar finn me sansen for å ta vare på det nye, friske, det uhøyrde. Han kunde skilje ut og halde fast berre på det stoff som hadde styrke og livsnerve i seg, det ekte som er bore fram av kjærleik. — Den sterkt kritiske vurderingsevna hev nok gjort at me berre hev nokre få, men då og verkeleg gode komposisjonar etter han. Det er eitt spursmål som naturleg nok melder seg no då Torkjell Haugerud er burte: Er alt hans rike tonestoff teke vare på for ettertidi? — Nei, diverre, ikkje alt på langt nær. — Haugerud var sjølv flink til å skrive ned slåttar. Me hev fleire døme på uppskrifter som og vart prenta. Eg minte han ofte på at han måtte setje seg til skrive ned alt han hadde. Men det vart visst ikkje so mykje han fekk gjort. So seint som ifjor bad eg han skaffe seg lydbandupptakar og spela inn alt han hadde, men han svara i brev at ein måtte vente til det kom elektrisk straum til Nes. Og so vart det for seint. I Norsk rikskringkasting gjorde me i 1936 og åri frametter upptak til å få spela inn på lydband. Og dette vart til i dag ei samling på 170 nr. i alt, som Haugerud spela inn. Sjølvsagt hev mange lært av han, og dei slåttane lever nok vidare i tradisjonen. Dette er helst dei vanlege storslåttane. Men det var dei mange avvik og variantar Haugerud sat inne med som me ikkje fekk gøyme, og dertil hadde han ei rik mengd med småstubbar som kunde ha gjeve næring til vidare utbyggjing. Han trudde sjølv han hadde ikring 500 alt i alt. Dessutan alt han visste um spelmenn og tradisjon, alt dette kunde nok ha vore gildt å ha gøymt i dag. Me fær la dette mana oss til ettertanke. Det kan lære oss å passe på so det ikkje vert for seint ein annan gong. For det er mangt og mykje å ta vare på enno i tradisjonen som ikkje er skrive ned.

Eivind Groven
Transkripsjon ved Olav Sataslåtten d.y. Gjengitt med tillatelse fra Eivind Grovens etterkommere. Bildet er hentet fra Bjørndalsamlingen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s