Um spøkeriet paa Tunehago og spelemannen Tambur-Svein,Svein Aslesson Strand

Svein Aslesson Strand vart fødd 1797—Ug. Innerst på Strand i 1865. Ikkje død i Ål.Svein vart kalla Tambur-Svein. Han deltok i slaget ved Matrand i 1814, men var lite lysten på å fortelja då han kom heim att. “Gu’ bevare deg for krig. Då kan dauen koma fort!” sa han. Då krigen var slutt, marsjerte dei gjennom gatene i Oslo, og Svein slo på tromma så rutene dirra. Han var bror til Knut Aslesson Strand 1794—1881= Asle-Knut. G 1838 m enkje Jørand Torsdtr. Bekkestad Strand. Meisterspelemann. De var brødre av
Guri Aslesdtr. Strand Vangen 26.12. 1791—1862G 1812 m Lars Aslesson Stave StoreVangen, gnr. 115/5a.«Guri Aslesdotter, syster deira. g.m. Lars Stave 1791. Ho spelte fele, utan at ein har nærare kjennskap til det. Hun var mor til spelemennene Asle Larsen Øyno, f. 1824 og Asle Larsen Vangen. d.y. f. 1832».

I forhold til speltradisjonen i Ål er følgende historie av Erling Bækkestad som sto på trykk i Dølaminne en gang på 1920-talet av stor interesse:

«Tunehagane er eit litevore bruk, som ligg uppmed Stranda­ fjorden i Aal. Den gamle retti fraa Tunehago er no burte, men den gamle tvihøgda loftsstugo, der det vidgjetne « Hagospøkeriet» gjekk for seg, den staar der enno.

Det har vore skrive fyrr um dette spøkeriet, millom andre av S. Reinton i «Den 17de Mai» for lenger tid attende, men ymse trekk staar att, som eg her skal ta fram, det meste etter forteljing av gamle Lars Tollefsen Sandaaker, som no er over 80 aar gamall. Forresten var det mange i mitt uppvekstre som visste aa fortelja um spøkeriet paa Tunehago. Det er soleis ikkje so overleg gamalt. Mange av dei som hadde «vore med, d.v. s. hadde høyrt og sett dette, levde og var i full vigør i min ungdom. Det har visst gange for seg so i umkring 1840 aari, tenkjer eg.

Det likna kje det dei aalment kalla «spøkri-», det at aander etter avlidne menniskje, gaar att etter seg, slike som av ein eller annan grunn ikkje fer fred i gravi. Dei likna kje heller heilt framferdi aat haugafolki, millom anna soleis at dette gjekk for seg heime, medan haugafolki heldt seg helst til stølen eller aasen. Forresten ser det kje ut til at det var staden det heldt seg til. Det ser ut til likeso snart det var folki dei skulde plaga. Soleis høyrer me dei er framme paa Nedre-Sundbrei – i same grenden som Tunehagane – og paa Helling i Hol, daa folki fraa Tunehago flutte dit. Ja, det ser ut for det at det var paa Sundbrei det synte seg fyrst.

Det gaar segn um at i gamle tid vart det burte ei liten gjente etter vegen i bufaringen fraa Fetjastelen til Klyvset paa Stran­ daaasen. Eg veit ingen sted det har halde seg so mykje hauga­ folk eller underjordiske som paa dei aaser, d. v. s. aasen millom
hovuddalføret i Vats. Denne gjenta heitte Helja Tune, og dei trudde helst det var etterkomarane hennar som gjorde uppstussen paa Sundbrei og Tunehago.

Paa Nedre-Sundbrei budde i dei tider eit par gamle folk, Svein og Margit. (Svein Sundbrei og Margit Knudsdr. Skattebøl). Dei hadde hjaa seg ein godson sin som var fraa Rudningen i Hol og heitte Lars. Denne vesle guten kom ein dag innleg­gjend til desse gamle og sa: «Gommo, her kjem fryaa kara som har trysnytutte hatta!» Det saag ingen kor det bar av med dei fryaa karane. Folk tok daa til aa meine at desse var av Helga Tune sine etterkomarar. Ho hadde sjølvsagt vorte ”innteken” og hadde si ætt etter seg. Trast etter at desse tryaa karane hadde synt seg, tok det til aa bli urolegt paa Sundbrei. Desse gamle folki budde uti klæva i dei øvre stugun paa Sundbrei. Denne stova staar enno. Nedre deilen eller sjølve stova var kje ferdig endaa. Det var kje innsett glas, anna det var spikra nokre fjølar attfor glasgluggane. Ein dag vart nokon som var ute var at dei heldt paa aa skulde faa rullastellet ut gjenom rivorne millom dei fjelene som var spikra over glasgluggi. Dei som var ute vilde daa skuve det innatt, og dei som var inne vilde ha det ut. Dei saag kje noko anna enn noko raude nevar som heldt paa med dette rullestellet. Kven som vann kunna kje forteljaren segja noko um.

Ein gong sat han Tolleiv Sandaaker – far hans Lars, han er fyrste upphavsmannen til desse segnene – uppi kløva hjaa desse gamle folka. Han gamle Svein sat aa bles paa vermen med pusten og hadde ei sid skinntrøye paa seg. Rett som det var fekk han eit slag over ryggen, berre so det skrala i skinn­trøya. «Nei, sjaa no daa, no taka dai atte!, sa’n Svein og heldt fram med aa blaase. Det var so vanlegt det aa faa ein dask so av og til. Umlag paa same tid byrja spetaklet paa Hago.Det vara vistnok lenger og tok grøvre former der enn paa Sundbrei.

Det var vanleg at mange av grendens folk – helst vaksne og uredde karar -gjekk til Hago for aa sjaa og heyre noko av spetaklet. Og paa jamnan hadde dei eit eller anna for vegen. Det var daa heist um kveldane dette vart drivi. Ein gong han Tolleiv Sandaaker sat paa benken nedved glaset der paa Hago, kom det fram for glaset paa utsida ei haand, som heldt i eit handyvle. Dette saag ut som eit skaft med taggar rundt um i enda. Handi slo so til glaset med dette handyvlet, so glasspruten stod innover golvet, like ned der han Tolleiv sat. Noko anna enn handi og det handyvlet saag han ikkje. –

Ein annan gong vert mjølkekjeraldi rivne ned taa hylla, so mjølki fløymde utover golvet. Han Nils Larssen Sandaaker, bror hans Tolleiv, var slik ein spretten kar, fæl til aa danse aa gjera kast. Han var reint ein meisterdansar. So var det eingong han kom paa Hagadn og so gjorde han eit hallingkast uppunder himlingen for aa sjaa koss det vart uppteke. Med det same fekk han ein eisestein i skrotten so berre det klass. Steinen datt ned, men kven som kasta saag• dei inkje. Det var ikkje ilt. Det var aa kjenna til berre som han hadde faatt ein ladd kasta paa seg, verre var det ikkje. Han Tambur-Svein – Svein Aslesen Strand var spelemann. Han kom paa Hagadn med felun aa til aa laate, for aa sjaa koss det vart uppteke. Men daa vart det reint ille.

Han Eivind Sveinson Sundbrei tok det paa ein annan maate. Han les gudsord og song salmar, men like ille var det. Spjeldet i peisen fekk no aldri staa ifred. Kor godt dei sette staven under so kom det nedatt. Um dei so sette tvo staver under, so var dei like nær, nedatt kom det. So var det eingong han Tambur-Svein vilde rettig gjerast paa for aa sjaa um det kje ein gong skulde staa. Sette det (spjedet) so i fyrst ein gong, men so kom det att. Andre gongi likeins. Men so segjar Svein: «He – he – he. Jamen ska dæ no vel endele staa, lel,» aa spente staven under. Men nedatt kom det likevel, og han Svein, som forresten ikkje var noken tung kar, vart kasta burti døri so berre det song. Det var forresten ikkje so at det gjorde ilt, eller at dei fekk mein av det, um dei fekk ein klass eller eit slag eller noko sovore.
E. Bækkestad»

Svein Aslesson Strand vart fødd 1797—Ug. Innerst på Strand i 1865. Ikkje død i Ål.Svein vart kalla Tambur-Svein. Han deltok i slaget ved Matrand i 1814, men var lite lysten på å fortelja då han kom heim att. “Gu’ bevare deg for krig. Då kan dauen koma fort!” sa han. Då krigen var slutt, marsjerte dei gjennom gatene i Oslo, og Svein slo på tromma så rutene dirra. Han var bror til Knut Aslesson Strand 1794—1881= Asle-Knut. G 1838 m enkje Jørand Torsdtr. Bekkestad Strand. Meisterspelemann. De var brødre av
Guri Aslesdtr. Strand Vangen 26.12. 1791—1862G 1812 m Lars Aslesson Stave StoreVangen, gnr. 115/5a.«Guri Aslesdotter, syster deira. g.m. Lars Stave 1791. Ho spelte fele, utan at ein har nærare kjennskap til det. Hun var mor til spelemennene Asle Larsen Øyno, f. 1824 og Asle Larsen Vangen. d.y. f. 1832».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s