«På heimvegen i natt dansa vi på alle jarnbanestasjonar gjenom Sverige»: Arne Bjørndal, Lorentz Hop og Torleiv Nestegard fortel frå Gøteborgsferda 1923.

«Daa dei norske dansarane og spelemennene kom heim att fraa Gøteborg, var eg so heppen aa raaka paa spelemannen Hop og hallingdansaren Torleif Nestegard fraa Hol i Hallingdal — to representantar som eg var viss um hadde gjort rett for seg paa kvar sitt umkverve, slik at Noreg kunde hevda sin plass.
— No, Hop, sa eg, korleis gjekk det?
— Aa, det gjekk støvande godt, gut
— Noreg greidde seg?
Ja, det er no ikkje so godt for oss som var med aa segja noko um det; men vi gjorde det so godt som vi makta alle saman, baade vi som spela og dei som dansa. Og eg har all grunn til aa tru at det gjekk bra, for leidarane vaare, dosent Midttun og kaptein Os, dei skiftest um aa dansa halling paa stasjonane paa ferda attende fraa Sverike, og det tok vi som eit merke paa at dei var nøgde med oss og med turen i de! Heile. Du kan elles faa sjaa kva Gøteborgs-avisone sa um oss; eg har med meg nokre nummer. Av dei kunde ein sjaa at Noreg nok hadde gjort rett for seg. Serleg var Hops spel av «St. Tomas-klokkene», Bjørndals av Budeione paa Vikefjell» og so hallingdansen rosande umtala.

nestegard hop
Av dei utanlandske spelemenn kunde Hop ikkje nok fullrosa den 70-aarige Berntson fraa Skaane, og sjølvsagt hadde dei svenske avisor ogso mykje ros um honom og um sine eigne dansarar, men det saag ut som um danskane hadde kome meir i bakgrunnen.
— No, korleis likte du aa dansa der burte? sa eg til den spreke og spenstige 33-aar gamle Torleif Nestegard.
— Aa, du veit det var litt tungt aa dnnsa paa grasbakken; men vi spente daa i det vi orka alle saman, og du ser at avisone har daa ikkje lasta oss. Paa heimvegen i natt dansa vi elles paa alle jarnbanestasjonar igjenom Sverike; men nokso rart du, daa vi kom til Fredrikshald; daa fekk vi ikkje lov til aa dansa meir. Men det var ein morosam tur, og eg trur det gjekk bra i det store og heile».
LARS OSA. Avisen Den 17de mai 09.08.1923.

torleif nestegard.JPG
Torleiv Nestegard til høgre

I følge boken Stemneskrå : 1923, Noregs ungdomslag, 1924, deltok følgende spelemenn:

«Spelmenner:
Arne Bjørndal, Gunnulf Borgen, Torkjel Haugerud, Lorentz Hop, Olav Moe, Sevat Sataøen».
Følgende dansere fra Hallingdal deltok:
Hallingdal ungdomslag: Kristi Sataøen, Andres Sundre, Borghild Noss, Tor Myhre, fru Myhre, Torleiv Nestegard, Sigvat Torsteinsrud.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s