Spelemannslaget skipa i Ål i 1932 under ledelse av Per Moslåtten

Det er nok lite kjent at Per Moslåtten skipa eit spelemannslag i 1932, som et særlag under Samklang ungdomslag i Ål. Olav Sataslåtten var lærermester.

I boka Ungdomsrørsla i Hallingdal : Hallingdal fylkeslag 1927-1977 : 75-års festskrift, skriver Kristen Svarteberg og Lars Reinton at «frå 1930 til 1942 vart ei blømingstid for laget (Samklang). Det eine særlaget etter det andre vart skipa, og alle fekk fritt hus til møte og festar. Første særlaget var eit spelemannslag. Det kom i gang i 1932 med Per Moslåtten som formann og Olav Sataslåtten som læremeister. Det hadde øvingskveldane sine på «Liatun», og skulle til vederlag for det spela på foreldrefesten som laget hadde i jula kvart år. Laget vart seinare utvida med spelemenn frå Torpo og tok namnet Torpo spelemannslag, men laget hadde dei same rettane og pliktene i Samklang som før. Dei sju aktive spelemennene sytte for mykje god musikk til underhaldning og dans, og spela og i Norsk Rikskringkasting».

På dette biletet ser me lagsfolk i Samklang 1925. Botolv og Olav Dekko, Per Moslåtten og Olav Sataslåtten skulle alle komme til å bli aktive i Torpo spelemannslag. 1. rekkje frå venstre: Agot V. Reidarsgard, Ragnhild Vestenfor, Mattea Gundersen med småjente, Margit (?) Ellingsdtr, Moen, Olga Satalien, Turid Satalien, ? Fossgard, ? , ? Holeplass, Kari Dekko (Tveito). 2. rekkje frå venstre: Embrik Gunhildgard, Sigurd E. Moen, Håkon Torsteinslåtta, Ola Grøvo, Ola Buseth, Botolv Dekko, Ola H. Sørbøen, Olav Sataslåtten, Knut Dekko (Myro). 3. rekkje frå venstre: Ola Grasstauren, Sevat Moslåtten, Ein frå Sire, Torstein Sataslåtten (Slåtto), Lars Opsata, Arne Buseth, Torleiv Gjota, Olav L. Skrindo, Nils Roen, Per Moslåtten, Arnfinn S. Moen, Ola L. Bæra.

samkland 1925

«Våren 1950 skulle Torpo spelemannslag til Oslo for å spela inn eit program i Kringkastingen. Det var Torleiv Tveito som stod for det. Han hadde hatt fleire program frå Hallingdal i folkemusikkhalvtimen tidlegare. Dei som var med var: Olav Sataslåtten. Olav E. Sire, Vigger Liahagen, Per Moslåtten, Jens K. Myro, Herman Liahagen og Hans Lien», skriver Hans Lien i Dølaminne for 1996.

 

Bildet er bevart i Ål bygdearkiv.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s