Litt om skipinga av Ål spel- og dansarlag og den fyrste aktiviteten fram til 1971

Hallingdølen skrev 26. oktober 1968:

«Som dei fleste er kjent med. var det meininga å få til eit lag for spel og dans i Ål, og i dette høve var det sendt 50 rundskriv til einskild-personar i Ål og Torpo. Det vart gjort greie for kvifor ein meinte at det var på tide å få til eit slikt lag. Eit lite stykke i Hallingdølen og ei lysing gjorde også alle andre kjent med dette. Møte for skiping av laget, var på Solhov sundag kveld, og der møtte 63. Det tok til med at formannen i førebuingsnemnda ynskte velkomen. så var det felespel ved Lars og Nils Gjeldokk, Leif Rygg og Olav Sletten. Vidare gjekk ein gjennom det framlegg til lover, som var sett opp, og ein fekk drøfta desse ganske godt, fordi så mange deltok i ordskiftet. Det var kaffispleis, lysbilete frå landskappleiken på Lillehammer og litt til, felespel av Leif Rygg og Jens Myro. Det vart vedteke å melde laget inn i Landslaget for Spelemenn, og heile 45 melde seg som medlemer til lokallaget.

Kva skal laget heite? Dette spørsmålet vil ein gerne drøfte nærare, og ein ynskjer fleire framlegg til namn enn dei som alt er komne. Dei som kjem på eit godt og råkande, lett namn, kan berre levere desse til Nils Gjeldokk, som bur sentralt til. Desse framlegga har me alt fått:
«ÅI spel og dansarlag», «Hallingstugu, lag for spel og dans», «ÅI norskdomslag», «Ålingen» spel og dans, «Krullafuru» lag for spel og dans», «Laget for spel og dans, Krullafuru». Laget vil setja igang øvingar med det første, og det blir også ei tilstelling Snart. Det vart valt eit styre som fekk denne samansetjinga: Ivar Kvinnegard, Ragna Wetteren, Leif Rygg, Thorleif Stave og Jens Myro, den siste som formann, med Margit Hovdegard og Tor Underberg som varamenn. Det blir også valt eit arbeidsutval, og dette er pålagt styret i laget. Så er det berre att å ynskje alle ålingar og torpingar velkomne til festleg lag!
Ref».

spel dansBak: Olav Sletten, Skrindo, Jens A Myro, Hallgrim Berg. Foran f.v.: Eilev Stave, Olav Vestenfor, Leif Rygg, Nils Gjeldokk og Lars Gjeldokk.

10. desember 1968 skriver Hallingdølen:
«Ål spel og dansarlag» vart namnet på det nyskipa laget
Festmøtet på Solhov 30/11 hadde samla om lag 90 medlemer til eit koseleg samvære, med felespelog gammaldans. Det nye spelemannslaget har hatt jamt med øvingar og kunne for første gong opptre offentleg i samspel. Laget opna med springar, bruremarsj, og springaren «Valdreskvelven». Så vart det delt ut stemmesetlar for å røyste over dei framlegga til namn på laget, som var komne inn. Det synte seg å vera stort fleirtal for: «ÅI spel og dan- sarlag», som dermed vart namnet på laget. Gjest var Jens Amundsen frå Bø, vinnar av A-klassa på landskappleiken på Nesbyen i 1961 og på Notodden 1963. Han var i fin form, og gav ein konsert som var av beste slag. Det var også eit publikum som visste å setja pris på spelet, noko som kom tydeleg til etter konserten. Så vart det servert kaffi og kvitkaku, me fekk meir samspel, denne gongen ved Jens Amundsen og Leif Rygg, som spelte eit par slåttar, klokkereint og i fin stil! 60-åringen Lars Gjeldokk fekk blomar frå laget, bore fram av Ivar Kvinnegard, som takka for alt arbeid som han Lars har lagt ned gjennom åra, både når det gjeld spel og dans. Så vart det spelt opp til dans. Laget har no over 100 medlemer.
Ref».

Spelemannslaget (2)
Øving i laget, Sundre, nok rundt 1969. Olav T hagen, Leif Rygg, Sataslåtten, Skrindo, usikker, Nils Gjeldokk og Olav Sire.

7. mars 1970 var Kringkastinga i Ål og gjorde opptak med laget. Dette vart gjort i stugu på Gjeldokk. Det vart giort opptak med samspel og av enkeltutøvarar. Det vart av dette sendt to folkemusikkhalvtimar med samspel og av enkeltutøvarar. Følgende låtteliste ble skrevet med av Liv Greni i NRK (bevart i Ål bygdearkiv):

Olav Sataslåtten:

Gudbrand Østen
Slått etter Knut Øyno.
Baustatoppen, spring-ar, laga av Sataslåtten s:ølv.
Storebråta, hailing.
Skinntrøya, springar
Sumbreien, springar
Kongelåtten, springar
Slått (på nedstilt bas) etter Ola Dekko.
Silde-Per, springar etter Ola Dekko.
Fuglen, springar.
Vesle-Dekken, springar.
Den som rulla etter golvet, springar.
Beinvegen, springar laga av Sataslåtten sjølv.
Ulrik i Jensestugu, springar.

Sigurd Skrindo:
Solve—Knut, springar. Sigurd Skrindo
Stundo er kåerringi god, springar. springar
Martha Onstad, springar.
Bråta—Per, lausslått
Kristi Vangje, springar.

Olav Sire:
Leinen.
Trulseguten,
Skutlen, springar i form etter Sataslåtten
Ha du kje hoppa

Krullafuru, springar. Olav Sire.
Sundbreien, springar. Jens Knutsen Myro.
Krullaruru, Jens Knutsen Myro.
Skripalåtten Jens Knutsen Myro.
Ulrik i Jensestugun, springar. Jens Knutsen Myro.
Fele—Jan, springur. Laga av Sletten. Olav Sletten
Springar etter Dekken, «Stor-Dekken» Eilev Stave.
Namnlaus (oppstilt ters), springar. Olav Sletten
Skriplåtten, Eiliv Stave.
Springar etter Ola Dekko. Eiliv Stave.
«Skutlen», springar. Olav Sataslåtten.
Leinen, springar. Olav Sataslåtten.

Leif Rygg:
Vossarull
Rekveen
Heimhagugen av Aslak Sandestølen
Bråta-Per

Ål spelemannslag, 10 mann:
Reiselåtten
Hallingstugu
Springar etter Ola Dekko
Baustatoppen etter Sataslåtten
Vals etter Tor Grimsgard
Ketil Geiterygg
Springar etter Ola Dekko
Springar e Ola Dekko.

Laget arrangerte Austlandskappleiken på Ål sommeren 1970.

Austlandskappleiken 1970.JPG

Den 4. februar 1971 runda Olav Sataslåtten 80 år, og sønene Torstein og Oddmund laga i dette høve til ein stor fest for han i Ål. De aktive medlemmene i Ål spel og dansarlag var invitert.

Thorleif Stave tok opp på lydband det meste som vart sagt og lete der under bordsetnaden, som opna med at Spelemannslaget let Grimsgardmarsjen og Baustatoppen.

Jens A. Myro: «Dæ æ slik at me sku ha-n Olaf som æresmedlem i lagæ, mæn me ha kji liksom noko bevis å spanderæ på de i dag som visa at du æ dæ. Mæn dæ ska bli på dæn måten at dæ æ bestilt
æi platæ som ska fæstast på maleriæ, å dær ska dæ stå at du æ æres-medlem i lagæ vårt.»

Leif Rygg bar fram helsing frå Aslak Sandcstølen, som hadde drive på med måleriet til kvelden før. Og så let Leif Rygg Storeslåtten. Leif Rygg fortalde om Aslak Sandestølen og arbeidet hans med maleriet, og deretter let han Heimhaugen, laga av Aslak.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s