Kristian Øvrevollseie

Kristian Øvrevollseie var ein av dei beste og mest serprega spelemenn Hallingdal har hatt gjennom tidene. Han var fødd 11.5.1910, men gjekk burt berre 63 år gammal.

Kristian var den yngste av sju syskjen, av foreldra Ola Larsen Odden-Øvrevollseie og Anne Olsdotter Odden. Far til Anne var Ola Lein, eller «Leinen som han vart kalla i byg­da. Han var spelemann, om ikkje av dei store, han vart nytta både i bryllaup og lag. Ein sermerkt mann som har fått sitt namn i bygde­ soga. Mange av slåttane han kunne. hadde han lært av mor si, Anne Dengerud frå Ål, som var vide kjend for å kunne «låte på kjafte», tralle og synge. Dette blir nemnt med dei ein då tenkjer på røter til talentet.

Paul Breihagen hadde en artikkel om Øvrevollseie i Spelemannsbladet. Breiehagens artikkel er en av de få kildene til informasjon om lærer-elev-forholdet mellom Eivind Hollebakken og Øvrevollseie. Låtten Gro Gudmundsrud vet vi finnes i to hovedformer, hvor Hollebakken lærte den ene til Øvrevollseie og Ola A Strand den andre til i alle fall Sevat Sataøen.

Breihagen forteller: «Som seksåring fekk Kristian høyre fela for fyrste gong, fortalde han. Det var «sjølvaste» Eivind Hollebakken frå Ål som hadde sett seg i vegkanten nær heimen deira, for å stemme fela og spela seg opp til han skulle i eit bryllaup i grenda. Han og broren gjekk opp til og fekk lye på meisterspelemannen, og ungguten vart heilt trollbunden av felespelet. Det var det finaste han til då hadde høyrt.
– « Vil du bi spelemann du, kansi», spurde Hollebakken. – Ja, det ville Kristian gjerne…
-«Då må du berre koma til meg, så skal du få lære,,, sa Hollebakken. Og slik vart det med. Kristian fekk ikkje fela ut or hugen, det tok han berre meir og meir, og vart det sentrale i hans liv. Nokre år seinare hjelpte han til hjå ein granne, som og spelte fele, og fekk han til å spela for seg. So fekk han si eiga fele og tok til å lære. – Og han spelte ustanseleg, fortel bror hans, han Ole. Han drøymde seg heilt burt, mang ein gong».

Kristian var fleire gonger i Krinkastinga og spelte inn mange slåtter. Magne Myhren har samla av det beste han har spelt, og dette kjem som kassetttil landskappleiken. Kristian spelte og inn omlag 40 slåttar til Hol museum, og han har elles spelt inn mange gode opptak for private. Spelet til meisterspelemannen Kristian Øvrevollseie lever difor vidare og kan inspi­rere yngre spelemenn i ettertida.

Øvrevollseie spilte inn fire låtter i 1948. Iflg Odd Bakkerud var disse platene grunnen til at Bakkerud oppsøkte han.

Rolf Myklebust skriver i boka ‘Femti år med folkemusikk’ følgende om dette: «Etter vanleg orientering på førehand, reiste vi i slutten av mai en ekspedisjon på tre mann til Hallingdal og Numedal for å gjere opptak av folkemusikk. Vi starta opptaka i Nestegardsstugu på Hol Museum. I denne Stova hadde det lydd mykje felespel før ho hamna på museum. Kristian Øvrevollseie (1910—1973) frå Hovet i Hol var førstemann, og spelte på ein dag femti gamle slåttar i tradisjon frå Hallingdal. Øvrevollseie var ikkje nervøs for mikrofonen, han sat åleine i den skume stova, der veggene liksom lydde. Han klunka, stilte og småøvde, og sa ifrå når han var klar til opptak av neste slått. Han spelte på ulike felestille og var godt førebudd; slåttane kom som perler på ei snor, og han trong ikkje ta noko opp att.

Øvrevollseies innspillinger i NRK

Kristian Øvrevollseie hadde musikken i slektsarv. Morfaren, Ola Halvorsen Lein, fødd 1845, Leinen dei kalla, var spelemann. Mor hans att, Anne Olsdotter Haugen, fødd 1812, var flink til å kvede og kunne også «låte med munne». Og 0m farmor til Ola Lein, Helga Olsdotter, fodd kring 1770, er det fortalt at ho bles på bukkehorn. Kristian Øvrevollseie var gjetargut hjå Guro Myrvold, morsøster til Olav Sletto; ho tralla slåttar som guten lærde etter øyra. Det var sjeldan at kvinner i Hallingdal spelte fele; deira instrument var langeleik, bukkehorn Og lur. Øvrevollseie var sedd opp til, både av spelemenn og av folket i heile dalen, for si spelkunne og personlege musikkutfalding. Han hadde godt utvikla fingerteknikk Og flytande bogeføring. Slåttane fløymde fulltonande frå hardingfela i spontan musikkglede. I motsetning til spelet, var mannen smålåten og «lite føre seg», som vi seier i Nordfjord. Han var ungkar og budde åleine i ei lita stove ved kraftstasjonen til Hols-anlegget».

Øvrevollseie gitt ut på kassetten Hardingfelelæte under Halllingskarvet – Heilo 1986

Bygda sette stor pris på Kristian og synte dette ved å bruka han som spelemann. Då han tok til som best på kappleikane spanderte bygdefolket ein hallingbunad på han. Dette betydde mye for han.

Det hadde ei tid vore på tale at han burde lå ei kommunal kunstnarløn. Saka kom opp i kommunestyret, som samstemmig beslutta at han skulle få 5000 kroner i året. 

rustprog
Programrapporten fra radio 1934 med Øvrevollseie, Arnfinn Rustberggard og Jørgen Husemoen

Breiehagen skriver: «I Hovet var det spelemenn, Lars Holestøl og Herleik Kvanneberg. Kristian var hjå dei og lærde. Men vinterdagen tok han skiene og gjekk til Geilo, eller sykkelen om sumaren og drog til Ål, til Sevat Sataøen, eller til Nesbyen til Jørgen Husemoen. Heile tida fekk han med seg slåttar og merkte seg utforming og tak.

Kristian heldt seg heile sitt liv til hallingspelet, gjennomført, med sin personlege framføring og utbrodering «. Wigger Liahagen gir i et intervju gjort 1991 følgende interessante, utfyllende fortelling om Øvrevollseie og Sataøen: «Så var det ein gong dei hadde spelt uppe på Ål, og so var han Sevat Sataøyn der. Så sa han det at no følgje dei med heim. Det var eg og han Per Moslåtten og Øvrevollseie. Og Øvrevollseie let, veit du. Men så veit du han Per Moslåtten….. Han let ein del Telemarklåtter ein tid, han Øvreollseie. «Eg trur du har vore i Telemarken og kjøpt kalva», sa’n. Men det likte ikkje Øvrevollseie –han vart forbanna. Men so vart det vel prata bort att dette der. Me vorte sitandes der te morgon, me. Dei lete om kapp der, han Sevat og han Øvrevollseie. Så då fongo me månge gode låttar».

Hellandfela
Briehagen fortel vidare: «Me veit at ein god spelemann må ha ei god fele. Av dei mange spelemenn som gjesta dalen var også Gjermund Haugen. Og dei fekk mange gode stunder saman. Gjermund sa at han burde få seg ei betre fele og skaffa han ei frå Olav G. Helland, ei han gjorde i 1939. Det var «syster til fela Gjermund sjølv hadde. Det vart eit vidunderleg instrument, mørk og mjuk i tonen.

Kristian utvikla seg mykje då han fekk denne fela, som han brukte resten av sitt liv. Hellandfela skal Hol bygdamuseum ta vare på, men slik at ho skal kunne nyttast av spelemenn i bygda. Det var mange premiar etter kappspeling, og premiesamlinga har hans etterlatte gjeve til museet, der samlinga har fått sin plass. Hol vil soleis halda minnet til meisterspelemannen Kristian Øvrevollseie levande.

øvrevollseie bakkerud plate enTakk til Grethe Nestegard som lot meg fotografere omslaget på lp’en.

Diverre hadde han fått eit varsel om at hjarta hans ikkje var so sterkt, og brått fall han om iarbeidet, og døydde før han fekk veta om kunstnarløna.

Det hadde ei tid vore på tale at bygda burde reise ein minnestein over spelemannen sin. So var det nokre som tok dette opp for at dette skule bli noko av. Det vart sett i gang
ei pengeinnsamling, og det kom straks inn omlag 30 000 kroner som grunnlag for detvidare arbeid. Ei nemnd arbeidde med å få ein bilethoggar til å utføre arbeidet. Steinen står i Hovet, nær heimen hans.Det var Ola, bror hans som budde i stugu Kristian vart fødd og vaks opp i. Ole gav stugu for at ho skal takast vare på for ettertida».

øvrevollseie1945
I forbindelse med kappleiken i Ål november 1945

Spelemannen Per Lilleslett i Hol kjente Øvrevollseie godt, og lærte låtter av han. Han forteller følgende om Øvrevollseie i en utgave av «Under Hallingskarvet», tidsskrift for Hol historielag. «Då eg lærde Kristian å kjenne, budde han i det vesle huset han hadde sett seg opp neda Håkonset, etter at huset til broren Jens brann, der Kristian hadde budd i andre høgda. Nokre år seinere brann det hjå Kristian og. Alt han hadde gjekk opp i røyk. Det einaste han berga var fela. Det var eigentleg bror min, Sander, som fyrst va interessert i felespel. Han kjøpte ei Kjetil Flatin-fele som Halvor Haakonset hadde hangande på veggen. Den lukta det fin sigar av. Men han syntest ikkje han fekk det til og overlet fela til meg. Så skulle eg prøve. Det gjekk ikkje så rart. Kristian hadde eit vanskeleg spel og så spelte han låtten ulikt frå gong til gong. Men eg prøvde då å hengje meg på så godt eg kunne.

Eg øvde nok alt for lite. Eg hugsar eingong han let ein springar etter Myreguten, «det er førgale at ålingadn ha slutta å bruke denne gode låtten! E ha sjøl høyrt Gamle-Dekken ha lete’n. Denna må du ta vare på, Per!» Det vart eit slit. Kristian forsto sikkert at eg ikkje greidde låte låtten skikkeleg, men han heldt på til eg i alle fall hadde låtten i hovudet. No — 55 år seinere — forstår eg kva Kristian meinte når han var så bestemt på at eg måtte lære låtten. [..]

Å lære av Kristian var som sagt ikkje lett. Eg lærde nokre, prøvde meg på fleire og fekk høyre mange, — seinere fann eg ut at han hadde lete over 50 ulike låttar åt meg. I blant fekk eg stryke på fela hans. Då hende det han gjekk ut og sto uttum veggen og lydde. Fela let aller finast på avstand, sa han. Det var ikkje berre hardingfela Kristian var oppteken av. Klassisk fiolinspel var favorittmusikken hans i radioen og han kjende godt til dei store fiolinistane. Mozart heldt han for å vera den største blant komponistar. Ei gong eg kom ned til han hadde han nettopp høyrt ein av komponisten sine fiolinkonsertar med ein verdskjend fiolinist som solist. Kristian verka stille og sat og såg ned på hendene sine. Så kom det: «Det vart ikkji rare greiudn detta e fekk te». «

Om hvordan Øvrevollseie først lærte å spele forteller Per Lilleslett: «Den fyrste spelemannen Kristian Iærde av var Lars Holestøl. Lars budde ikkje så langt unna, på Solum. Eingong Lars hadde øydelagt seg i ein fot og for det meste heldt senga, fekk han hjelp av Kristian med noko vedkløyving.

Kristian var då ein 10—12 år gamal. Lars var såpass at han kunne spela litt og medan han sat i senga og let, høyrde Kristian ute ved hoggestabben at det let inne og at det let fint! Freistinga vart for stor, han stiltra seg inn i gangen for å høyre betre. Men så vart han redd for at Randi skulle oppdaga at han ikkje passa jobben sin og så smatt han ut att. Men så vart han beden inn og så fekk han lære Iåttar hjå Lars. Den fyrste låtten han fekk Iære vart kalla «Siri spillemann». (Ei noko enklare form vart seinare kalla «Låtten hass Tor».) Låtten er ein god danselått og Lars var god til å spela, — serleg til dans. Sidan vart det «Å det me gjorde å det me gjorde det va um lurdagen ette none» og mange fleire.

Seinare lærde han av mange andre, han saug til seg felespel overalt der han kom. «Det skal vera dårleg spelemann um det ikkje skal vera noko å Iære tå o» sa han ein gong (Det gjaldt Vilhelm Isungset frå Hol, Hallingspels bm). Han heldt Sevat Sataøyn gjev. «Sume sea at» n spela so turt og det kan vel hende det Iæt noko snarpt, men dei kun sea ko dei vilja, detta æ ekta hallingspel!»

Om Herleik Kvanneberg forteller Per: «Helleik Kvanneberg lærde han mykje av. Han hadde godt, gamalt spel og kunne mange låttar han hadde frå eldre spelemenn. Låttane etter Silde-Per hadde nok Kristian derifrå. Attpå til var Helleik ein flott valsespelemann. Ein dag under andre verdenskrigen tok Kristian på seg Skia og gjekk opp til Helleik. Helleik dreiv og laga på ein lått, men hadde ikke fått til meir enn eit par vek. «Du far gjera låtten ferdig du», sa han .Kristian så giorde og låtten vart av hans mest kjende. Då dei skildest ute på trappa, nemnde Helleik fleire låttar til som matte takast Vare på. Han måtte vore svært musikalsk, – «Dæ so mykji fin musikk i å n nordte unde Slutebergo», sa han eingong. Og så lærde Kristian mykje av å spela til gode dansarar.

«Det var når e let åt o» Ola Grogard at e fekk skikkele tak på lausen», sa han. Favorittdansaren hans var Tor Underberg. «Da ingen som folgji fela som Tor. Det han e spela åt når han på gølvet, — dei andre få greie seg som best dei kun.» Og beundringa var i høgste grad giensidig. «E syns e høyre omen tå o» Kristian!» sa Tor. Spelet hans kravde at det vart dansa skikkeleg: «Det går ikkji an å horsedanse ette o» sa han eingong. Fyrst på 60-talet vart det halde eit springdanskurs på Fjellheim i Hovet med Tor som lærar og Kristian som spelemann. Det vart fullt hus og stor suksess og ingen som var med gløymer det! Alt han lærde av låttar støypte han i si eiga form, – det vart Øvrevollseie-spel av det.

Han laga eingong ein springar som han kalla Vestreimsfossen, som han spelte mykji til dans. Eg kjenner ikkje til at han nokongong har spelt inn låtten», skrev Per.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s