Sigurd Teigens hallingkast sendte Sigbjørn Bernhoft Osas hatt ut i forsamlinga i Royal Albert Hall 1935

Disse to artiklene av Paul Breihagen sto på trykk i Hallingdølen i 1976 og 1980

Det var ein kald vinterdag, 11. februar for sytti år sidan, at det på Teigen i Gol kom sprettande ein liten småkar, som ved eit seinare høve i Gol kykrje vart kalla Sigurd. Han vaks opp i eit syskenlag på ni, tre gutar og dobbelt så mange jenter. No lar me den vesle guten få ha nokon år for seg sjølv, og treffer han att fjorten år seinare. Då er han ferdig med folkeskule og prest, og skal då som så mange på den tid, alt i konfirmasjonsalderen, ut i livet for å stå på eigne bein.

img_6708

— Det var ikkje slik for ungdomen den gong som no. I dag står ungdomslivet ope med eit godt utval av vidaregåande skular. Dei får Lån og stipend. ja, dei kan til og med få løn i læretida. Skal tru om ungdomen i dag forstår kor godt dei har det? I 16-års alderen byrja Sigurd Teigen ved Vegvesenet, men der var det som regl arbeid berre sumarhalvåret, og ein måtte skaffe seg anna arbeid resten av året.

I 1935 kom han inn ved utvidinga av Ål Kraftverk, og 1946 byrja han som kontrollørved oppsetjing av master for Oslo Lysverker. I den seinare tida arbeidde han med linestrekk og vedlikehald av linenettet. Han slutta ved Oslo Lysverker etter oppnådd aldersgrense. Sigurd Teigen har hatt fleire hobbyar. Han var ivrig skiløypar, både langrenn, kombinert og hopp, og var heller ikkje borte når det galdt friidrett. Ein kjær hobby hadde han i femraderen. Han vart mykje nytta som spelemann på festar, og spela også til underhald og dans på turisthotella. Han har vore, og er framleis flink i springdans og haling. Når han gjer hallingkast heng nok hatten utryg på staven, for det blir som oftast fulltreffar. Dessutan har han vorte mykje nytta som domar ved dans- og spelemannstemner.

I 1935 var det internasjonalt dans- og leikarstemne i London. Heile 18 nasjonar deltok og Noregs Ungdomslag sende om lag 50 stykker. Sigurd Teigen var utvald til å vera med som dansar. Som partnar i springdansen hadde han Sissel Hovdegard, seinare gift Bråten. Denne storstemna var i Albert Hall i London, som råmer 10.000 menneske, og han var fullsett i tre kveldar. Sigbjørn Bernhoft Osa var med som spelemann og Klara Sem var leiar for leikarringen. Siste kvelden mista Osa hatten sin ved eit durabelt hallingkast. Sissel heldt hatten og Sigurd gav den ein omgang så den fauk lang inn i folkehopen, og vart aldri funnen att. Truleg var det ein engelskmann som tok vare på den til minne om eit ekte hallingkast, — Dei fekk handhilse på den dåverande engelske kongen, kong George.

img_6709

Sigurd Teigen, Torpo, har vore pensjonist i ti år, men er framleis så ansam at han rekk ikkje på halvparten av det han gjerne ville. No er han mest opptatt med å lage hardingfeler. Elles har han drive med treskjering, men det var slik golde på det han laga at han måtte gje seg. Så tek han toraderen under armen, han skal underhalde snart her, snart der. Eller han skal instruere i hallingdans. Alderen? Berre 75 år.

Dei fleste i dag har vel ikkje sett eit ekte hallinkast, eit såkalla stemplakast. Det blir helst til at ein rek eine foten så høgt som mogleg for å prøve få ned hatten på stonga. Det er eit syn å sjå eit hallingkast på den gamle gjerda: Friskt opp, og medan kroppen ligg nokonleine vassrett i lufta, så ut og opp med foten sp hatten fær som eit skot veggimellom. Og dansaren kjem nedatt på begge føto, etter kvelven. Sigurd flutte til Torpo i Sigurd flutte til Torpo i 1929 då han vart gift med Guri, fødd Sire. Far til Sigurd spelte fele, ogSigurd tok til å lære, men slutta. Det irar han på. Han tok heller til å spela femraders trekkspel, og syrgde for musikken på ei mengd festar og tilstellingar, hotell og bryllup. No har han gått over til torader, og det manglar ikkje på oppdrag. Han jobba i 25 år for Oslo Lysverker, til han gjekk av med pensjon. Det var då han fekk tid til å ta opp det han så sterkt hadde interessert seg for: Treskjering. Han laga seg ein verkstad i kjellaren. Der har han fått ein koseleg stad å vera på, med mykje fint verktøy. Det vart ei travel tid. Han skar det han makta, men det han gjorde gjekk unna som røyk. Særleg peispustar var i vinden. Det vart lange ventelister. Han skar mangletre, i mange slags mønster, ofte kopi av gamle mangletre. Hjå ein nabo fekk han låne eitt frå 160- 0-talet, med ei heilt sjeldsynt mønster, rokkokko-inspirert , i djup utskjering. Han laga ein tru kopi. Dette er noko av det artigaste mangletre me har sett. Men so fekk han slik hug til å laga hardingfeler. Dette hadde nok ligge der og freista ei tid.

Han las det han kunne få tak i av litteratur, og var hjå felemakarar for å få tips. Men det er det med ein del av desse at dei gøymer særlege løyndomar, som dei nødig vil ut med. Men han sette i gang, og det var litt ekstra spenning fyrste gongen han strauk på strengene. Jau, det let. Det er greitt at det fyrste produktet måtte bli eit eksperiment, og dei deretter og. Men etterkvart får ein røynsle. Då Hallingdølen  var innom hjå han, dreiv han på med fele nr 19. På veggen heng ei rekkje halvferdige lok og bottar, og der låg emne til hals og hovud. Særleg hovudet er ei utfordring for ein treskjærar. Men elles rosar han og sjølv.

Dette å laga feler er vove saman med noko mystisk og opphøgda. Det er meir enn dyktig handverk. Lykkast ein skal det bli ein brukbar tone i fela. Er ein isærlag heldig vil fela få ord på seg som noko særs. Men det er med tela som med menneska, ingen er like. Dei kan ikkje bli det sjølv om dei vorte laga nøye likt i utforming. Voksten i treet, den minste ulikskap i tjukkleiken i bott eller lok gjer sitt. Og lakken skal spela ei vesentleg rolle. Blir det hevda. Og dette med lakken har gjennom tidene kanskje vorte omspunne med det mest mystiske. Det er uråd for ein lekmann å ha nokon formeining om slikt.

img_6710

Hallingdølens medarbeidar er og ein sokalla briskjispelemann, og kan i alle høve stryke på strengene. Då me klunka på ei Sigurd hadde hangande, måtte me vedgå at det var ein interessant og god lyd i fela. For å veta sikkert noko meir har me spurt spelemenn som både har prøvd og kjøpt desse felene. Ein av dei sa som så at det er nok dei som har laga feler i mange år som ikkje har fått til so bra instrument. Sigurd Teigen maktar å få ein god tone i instrumenta sine. Men som sagt før, ingen er like, og de, som er interesserte i å få seg ei fele, må sjølv vurdere slikt. Men likevel, det er med dette sagt så mykje av fleire at det er ei hyggeleg attest å få for Sigurd Teigen. Her i dalen er det ikkje mange som har drive med felemakararbeid. Nokre har hatt det som hobby, og det er meir ein slump om det kan bli eit godt instrument om handverket elles kan vera førsteklasses. Som det vil gå fram av dei som her er skrive: Sigurd Teigen er eit menneske med overskot og mange interesser. Og han her eit so godt humør at det fall oss i tankane: Sanneleg, det har smitta over på felene hans. Det tottest å vera eit gladverugt ljø i dei.

Transkripsjon og opphavsrett til denne: Olav Sataslåtten d.y.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s