Arne Bjørndal: Tradisjon frå Hallingdal  – Uppskrevne 1946

Spelemannen  Herleik Kvanneberg, Hovet Hallingdal, f 24/6 1857:

Ein heitte Fele-Torjus død for kring 50-60 år sidan, so på lag 80 år gml. Han hadde lært hjå Asle- Knut i Ål. «De va samla sjau stykkje, han Asle var no den beste tå uss» sa han Fele-Torjus. Fele-Torjus var uppalen i Ål: han var plass-mann. Asle-Knut var gardbrukar. Han gav gjerne bruri «spelpengadn».

Ola Halvorsen Lein, d for um lag 30 år sidan, var frå Hol. «Han var inkje nokon meister. Me totte han var lite slurven med stille». Bestefar til Leinin heitte Kristi-guten. Han var jeger og bar på fele med han for i fjellet etter reinen.

Guttorm Brøto, Hol: «va bra te låte». Knut Skaro-Skorin –hadde lært av han Asle-Knut i Ål. Asle-Vangen hadde og lært av han. Skorin hadde og lært ymist med slåttar av Herleik Kvanneberg. Skorin kunde truleg mest slåttar. –Dei spela på «nedstilt kvint» og nedstilt bas, vanleg stille og «trollstilt». Fyrispel: «Dei tok nokre drag før dei kom med låttn».

Til springaren «Kruseturi» dette stevet:
Hei so dansa ho Finse-Kari,
Fyrst på Kungsberg og so på Branes.

Finse-Kari var ei gamal gjenta som flaug kringo og spyta åt folk. Ho dø for kring 60 år sidan, 70-80 år gamal. Hu budde på Håkonset i Hovet. Og huset hennar stod der uthuset til Hotel Håkonset no stend.

Til springaren «Dekken» dette stevet:
Dekken han sat i ospen og gol,
Og Dekken han stel i år som i fjor.

«Spelpenga sa dei. Spelmannsløn: Leinin hadde tent 11 dalar på Berg i Hovet, kring 1874. Elles var det 5-6 dalar. Og for kring 30 år sidan 30-40 kr, eller so på lag. Spelemannslære: «Dei lærde ved høve. «Nye låttar laga ein lite; men var ein og te gjera ein lått bere, so prøvde ein då me di».

Pietisma: «Då eg var ti år gamal, laga eg meg ei fela og gøymde ho i skogen. Mor og far var religiøse. Eg spela for mykje. Og so tok far min den vesle fela frå meg og «dryste ho i veggen» so ho gjekk i mange molar.

Jau, låttane var stuttare før, hadde fåe vek. Marknadane: «På fjelltrampen» fekk eg tak i mange låtta: Det var ei viku marken stod på». Det var fyrst Branes, so Kristiania, og so Kongsberg, heile tri viku. Gjentudn hadde fri ei viku og dro til marknads her eller der. Dei dansa og tura på marknadane samen med karadn. Men det gjekk fint for seg. Og byfolki vilde gjerne læra laus og springdans.

Dansemeistrar: Ein heitte Gulsviken var umfamt «god til å gjera hallingkast. Like eins Lars Haug, Hovet og Ola Grogaren, Hol. Felemakarar: Ola Sletto i Hovet gjorde nokre felu.

«Grålsysingar» spela me, ja. Hattedansen var ein springar. Me segjer: «Eit låttevek og ristetak. Ein Skjegle-Jørn på Nes.

Det hende det var brudlaup utan spel, grunna pietisma.

Hestetaglstrengjer: «Me tvinna hestetaglet på skinnbuksun og hadde øske på: det vart betre snur og likare elles og så. Te kvint nytta me 5-6 tagl, og i dei andre 8-9-10. «Det lar mest som ei humle».

Dansarflot: Det var ein dansarflot i Hovet for vel hundre år sidan.

Der er ein stein med tryo bokstava. N.G.S.

Dans i gravferd: På Trettestøl i Hovet var det eit gravøl for over hundrad år sidan. Det var i høyonni. Og mykjen ungdom var med. Dei høya so heskeleg. Og so skulde dei få dansa for dugnaden. «Dei vilde uruoa seg når dei kom tilsaman, ungdomen, ser du».

Synet på spelemannen og yrket hans: Storparten av folket totte mun i spelemennne. Dei totte dei var noko kunstige kara.

Fanitullen: «Når dei vart drukne måtte dei ha Fanitullen. Leinin spela han. Han hadde ventaleg lært han av Skørin: Dei tok te alke me ein ann, Levor Haga og Ola Sindrol.

Gjentegjestebø: I Hol hadde dei gjentegjestebø til for kring 30 år sidan. Gjentor i grenden og andre gjentur. Og ubudne elles kom og fekk kaffi og mat. Det var um laurdagskveldane. Olav Kvanneberg.

Sander Roe, Hol, var glup te å låte på prillahødn. Han let so me høyrde han upp i slettadn; han sto i gali. Halldis Svensdotter Solheim, Ola Plasse og Kari Sletto let og fint».

Kvinfolk-halling: «Jau, dei dansa lausdans so dei kruka på golve. Tvo gjento tå Breie, Margit og Sissel, va svære te dæ. Dei vart gamle gjento. Det var i 1880-åri. Galnedansen: Dei sto i ring gutat og gjentor og tralla. Ein for ein av gutane gjekk inn i ringen og tok seg ei «fylgju», par for par. Det var slutt på denne dansen so i slutten av 80-åri. Eit gjestbø-brudlaup vara som vanleg tri jamdagar.

«Hettedansen» va det berre brur og brudgom so dansa. Spelmann let då ein av dei sværaste låttun «Skripalåttn. «Når dei let den so skripa dei se».

Etter Eivind Olson Hollebakken:

Asle Øyno hadde lært av Asle-Knut: «Å kor stygt du let», sa Asle-Knut til Asle Øyno, tok so fela og sa: «Slik skul dæ vera».

Myreguten: «Ja, Myreguten va no so som so, han budde i Torpo i Ål. Eg lærde «Kristi Vangen» og «Gro Gudmundsrud» av Asle Vangen.

Lauslåtten «Ola Vangji» og «Kjem du ruggan mæ di hit tå lova» er samme slåtten.

Likvoka: «Jau, eg hev høyrt at dei spelte i likvoka.

Pietisma: Eivind Styrkestd, Øve-Ål, var sær pietist. Han kom eingong til spelemannen Asle Øyno og ville få mala noko kønn. Fela hans Asle låg på ein hjell inni stova. Og han Asle heldt handi si slik at han ikkje skulde varta var feleskrine. Dei måtte gøyma felone burt so godt det var råd.

Hestetaglstrengjer: Dei nytta harstrå-messingtråd med, mest hestetagl. Alt ein kunne finna på, som var litt ljo i, nytta ein tel felestrengjer.  

Fyrespel: Dei hadde ikkje noko visst fyrespel. Men Asle Øyno hadde eit særs eit.

Etter Torleiv Perstølen:

Torleiv Perstølen hev Gunnar Helland-fela. Ola Reinton, Hol, hev ei av Helland; vølt av Eirik Jonson Helland 1869. Fela til Sataøen er laga av Ellev Jonson Steinkjøndalen 1862. Fekk ho hjå Olav Helland 1942.

Lars T Strand, Ål, hev ei Eirik Jonson Helland-fela. Ei Knut Ellevsen Steinkjønndalen hev Asle Strand, son til Ola Strand. Ola Strand kjøpte denne fela av Halvor Jonson Lid, som Strand og lærde nokre slåttar av. Ei Eirik Jonson Helland-fela hadde O.A. Øyno, var laga 1860. Leif Øyno, son til O.A. Øyno hev no fela. Myreguten hadde ei Trondafela, Jens Myro, Ål samvirkelag, kjenner til ho. Myreguten spela to varierte vek av Myllargutens draum. Ola Dekko lærde slåtten av Myreguten. Truleg kom slåtten til Ål med Myreguten frå Nes.

Brøta-Per var farbror til Ola Dekko. Vart vel 80 år. Han heitte Per Olson Perplassen, Ål. Same slåtten som nr 50 i Norske slåttar. Var ikkje so god spelemann. Dei spela mykje taugare fyrr.

Striden for tilværet: Myreguten var svartsjuk på dei so fekk spela i gjestebod, han fæltest for føda. Spelemenne laut tevlast um matbiten, dei med. Myreguten løynde seg langs vegen der det var ventande brurlag, som han ikkje var med i. Han skaut og skræmde hestane. Og let på fela. Han drakk lite, Dekken sa han var flink spelemann i sine beste dagar. Brøtaguten var mindre til mann soleis, sa Dekken. Det var meir som eit dalspel, hallingsepelet. Slåttekunna: Grimsgard kunde vel so kring 100 slåttar.

Når Myreguten eller andre spelemenner her i Ål spela slåttar som han Asle-Knut let, sa dei gjerne, med same slåtten slutta: «Sa han Asle-Knut».

Læra: Dei lærde frå fela til øyra, nidlydde og «stal» slåttar. I gjestbod gav dei gjerne 10 øre for tre dansar. Men meste spelpengane fekk spelemannen ved stabbedansen. Galnedansen dansa dei mest for å få umframt moro: Dansa med all slags fantefaktar, slost på lest, svansa rundt med ymse slags ting i hendene o-m.

Asle Øyno fekk eit umslag nok tidleg. Han spelte og spelte ti han var mest redd: Han spela so det nogg, -fan var faren i fela, trudde han. Slutta derfor tidleg. Han var tovrekall, stemde blod o.m.

Transkripsjon og opphavsrett til denne ved Olav Sataslåtten d.y.

Bildet er av spelemannen Knut Skøro/Skørin fra Hol, senere bosatt i Ål Bildet er fra Hol bygdearkiv, tatt av Torbjørn Arneson Trageton (også skrive Trøgaton og Tragethon) (fødd 25. februar 1840 på nordre Trageton i Kvisla, Hol, død 1893) var fotograf, lærar og bonde.

Foreldra var Arne Sigurdson Trageton (1811-1888) og Guri Olsdotter Underberg (1813-1875) frå Ål. Dei var gardbrukarar på nordre Trageton. Torbjørn var nummer tre i syskenflokken på ni. Fem av dei reiste til Amerika, mellom anna dei to eldste brørne. Torbjørn gifte seg med Guri Larsdotter Isungset (1854-1924), og dei fekk sju born.

Trageton var den fyrste fotografen i Hol. Han byrja å fotografere frå midten av 1860-åra, fyrst i Hemsedal, seinare i Hol. På nordre Trageton hadde han eit lite atelier der han fotograferte portrett og gruppebilete. Han tok også nokre bilete utandørs av gardar og landskap. Ei samling på kring 670 negativ vart funne etter han på låven på garden Trageton på 1980-talet. Sambygding og fotograf Lars Bry (1904-1988) fekk redda desse gjennom å lage kopiar, og samlinga var med på å danne grunnlaget for Hol bygdearkiv.

Trageton kom truleg i kontakt med fotografyrket medan han utdanna seg til lærar ved Asker seminar. Han gjekk ut derifrå i 1865 og starta same året som lærar i krinsane Tuv, Lio og Grøndal i Hemsedal. I 1874 overtok han farsgarden og heldt frå da fram som lærar i Kvisla og Lio fram til 1892. Ein kollega i Hemsedal, Hans Flaten, skreiv at han var «En sjelden god lærer. Stø og rolig i sitt foredrag, ikke et ord for meget, ikke et ord for lite. Solide kundskaper. En pioner på skolens område i Hemsedal». [1] To av brørne til Torbjørn, Sigurd og Arne, var også lærarar. Arne var dessutan den fyrste klokkaren i Hol.

Som gardbrukar fekk Trageton god bruk for dei praktiske evnene sine. Han hadde godt lag med ymse handverk og dreiv mellom anna med måling, snikring og smiing. Reiskap og møblar som han lagde, var i bruk på Trageton lenge etter at han var død. Det var fleire hendige folk i familien. Av syskena virka Herleik som ljåsmed, medan Ola og Asle dreiv som rokkemakarar, i tillegg til at dei dreiv gardane Fosshaugen (Ola) og nordre Foss (Asle) i Lio.

Trageton var formann i fattigstyret 1885-86.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s