«O. A. STRAND 1859-1945. Ein av dei berande spelemenner for folkemusikken i Hallingdal». Av Hans J. Nestegard.

Han vaks upp på den vakre ættgarden Strand ved Strandefjorden i Ål. Foreldri var Sigrid og Asle Strand.    Dei  var  7 syskin -derav Ola og Tolleiv som båe vart sers gode spelemenn av dei beste i Hallingdal i si tid. Men Haugianerrørsla hadde gått over Ål og foreldri var redd for at smågutane skulde verta spelemenn -dansespelemenn. Dei var ikkje trongsynte og var glad i musikk, men  det  var slik i dei dagar at spelemannen var freista med brennevin. Den fyrste Ola og Tollelv lærde av var Asle-Knut (1794-1881) uppigarde på Strand som var beste spelemannen i øvre Hallingdal i si tid. Dei var nære skyldfolk.

So var det «Skøren » (kjem  av Skard). Han for i kring og batt nett og var ein gong på  Strand i vikevis og batt not og fela hadde han med kor han for.

Men dei fekk ikkje spela inne og so bar det til fjøset, der sat Skøren i ein bås og Ola stod framan­for. Då Skøren hadde lete ein lått att so sa  han: «Slik let han Asle-Knut!» Ola var i 10-årsalderen då. Gudbrand-Østen frå Nes var mykje på Strand. Han var og nettbindar og satt som vanleg uppå «Hemsen», men når han kom i det laget so kasta han nettnåla og greip fela (dei fekk lite inn då). Han hadde god takt og trådde hardt so det skalv i taket. Ola lærde Nestninglåttar av han  m.a.  «Ha du kje hoppa».

Men det var for trongt i fjellbygda, og Ola hadde aug til mekanikk, og gjekk 3 år i lære på Kampens Mekaniske Verkstad. I 1889 fekk han off. stipend til Verdanstillinga i Paris for å vurdera vidare sitt yrke mekanikk.

Han var ein allsidig kar. I Oslo kom han saman med mange av dei beste spelemenner frå ymse kantar.

I 20 årsalderen strauk han over til Amerika etter Torleiv. Då han  skulde gå umbord i båten i Oslo, so kravde dei toll av hardingfela, men Olameinte ikkje det var noko å bry seg med. Men tollaren hadde hug til å høyra hardingfela og Ola let då «Ha du kje hoppa». Det vart ikkje nemnt meir um tolla. I New York var han og  Torleiv på eit mekanisk  verkstad i 3 år. :Men det var dårlege tider der so dei tok turen heimatt og bygde «moderne» verkstad etter den tida, på Vangen i Ål, og tok kraft frå elva Kvinna 1882. Dei hadde med maskiner frå Amerika. Men Torleiv reiste over att og Ola dreiv seinare verk­staden åleine, som no er overteken av sonen Torleiv. Hamaren dei kom med var den einaste av det slaget her i landet då og turbinen konstruerte dei sjølve.

Ola let ikkje mykje i samvere eller til dans – han hadde hardingfela som «hobbi» og for  musikken, men eit og anna samvere let han då i med han var ung. Soleis fortel ein gamal  mann at  «han  Ola  let i eit samvere med eg var rettig ung, men han fekk slikt liv i heile laget at me voro like uppunde åso. (Etter Asle Skalle.)

Eller i dei store brudlaupa på Noss som vara gjerne 4-5 dagar   (meir  um det seinare) og Tor Grimsgard gjerne var spelemann so tok Ola gjerne fela med. Tor kvilde soleis at dei byttest på. I brudlaupet til Eirik Noss og Sigrid Strand fekk Tor 400 kr. 1 spele­pengar – det var friviljugt  og kvar la i fela det dei syntest.

I fine sumardagar og bygda spegla seg i vatnet tok han gjeme ein tur på Strandefjorden og hadde fela med.Gardane ligg i rad og rekkja langs med fjorden, og han held konsert for heile bygda.

I kring århundreskifte eller kanskje noko før tok han og Ola Øyno turen på utstillinga i Bergen. Bergensbanen var ikkje komen då so dei brukte sykkel – reiste upp Hemsedal, over Filefjell til Lærdal.

I frå Bergen til Voss og vitja Helgeland og Mosafinn. Det var då Mosafinn uttala  at  «Asle-Knut var  ein av dei aller beste spelemenner han hadde råka  på. Til  Asle-Knut  hadde  han  sagt: «denne låtten let eg betre, men denna låtten let du betre.

Vidare for dei over Hardanger til Telemark og vitja dei fremste spelemenner der.

Han hadde eit individuelt spel og det kan vera nok å nemna at del fremste spelemenn har  vitja han. Soleis Arne Bjørndal fleire gonger på sine samlarferder. Truls Ørpen mange låttar og skrive upp. Torkjell Haugerud, Olav Moe, Haldor Meland, Kristine Lund og Gjermund Haugen m. fl. Alle fekk låttar hjå han.

Ein av våre fremste spelemenn no, og som vitja han ofte seier at han var Hallingdals beste spele­mann.

Men det gjekk med han som med mange andre, arven som hadde vore bygd på og vyrdsla gjennom hundre av år vart  ikkje  teke  vare  på  so  han  tok nok mykje med seg.

Men dei som har redda ein  del  skal  nemnast: Lars Tollefsen, Sevat Sataøen,  Bjørndal  og  Ørpen, og takk frå Hallingdal skal dei ha for det.

Ved å granska Strandætta so kjem  ein  fram  til det at denne ætta har vore den berande innan folke­ musikken i øvre  Hallingdal  so  langt  attende  ein kan koma –  150 år.  Det har  vore  ei dyr  eiga som  dei og har vore merksam på t.d. då Torleiv reiste til Amerika og skyssen stod ferdig (det var 8 mil til Gulsvik) so steig han or kjerra  att  og  nemnde  ein lått til Ola at den måtte han ikkje  gløyma.  Dette syner kva verd dei sette på arven.

E.S.

Her i Hallingdal brukte dei før og  i seinare  tid med og sela lått i staden for slått  som  no  brukast. Dei sa han var god til å låta –  det var  ein god lått. Slått kjem av at dei slo på harpa som er eldre instru­ment enn Hardingfela. Lat oss ta att  den  gamle forma. Ein må seia at «Spelemannsbladet har dei siste nr. vore noko halllngprega, men bladstyraren upp­ lyser at det  manglar  stoff  frå  andre  kant.ar.  Han har skrive ein heil masse brev og bede um stoff, m.en få har svara.

Lagsfolk stytt bladet og L.f.s. og send stoff. Hugs at bladet er bindeledd for heile samskipnaden.

Og bladtingarar – gjer ein innsats i det nye året og få med ein ny Ungar kvar so vert tingartalet dubla. Hermed  ynskjer  ein  elt fredsamt år!                          H. N.

Denne artikkelen sto på trykk i Spelemannsbladet nr 1 1953. Transkripsjon og opphavsrett til denne: Olav Sataslåtten d.y. Gjengitt på Hallingminne med tillatelse av Grethe Nestegard.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s