«Gamle spelemannsslekter i Ål, Hallingdal» av Svein  Nestegard

Innsendaren av denne slektstavla er ikkje spele­mann, men ein kjend meisterdansar. Han høyrer til denne spelemanns-slekti, men «eg har helst fått det i hovudet og tøtø, eg» brukar han gjerne å seia. Og det er so det. Han har vore ein mykje nytta ferdatalar, og kan syne mange 1. premiar for både halling og springar. Sjå dr-boka for «Vestmannalaget» 1918.

Torleiv Asleson Strand d.y. f. 11/7 1850.

Han var elt sers godt hovud. Ein som gjekk i lag med han på amtskulen Sv. St., Hol, fortalde, han Torleiv burde vore stortingsmann. Han var sers flink mekanikker og smed – og  til  å låte på fela  var han god. M. a. har han skrive upp ei slektstavle i 1880 åri over den gamle Skottebøl-Stave og Strandaætti (Den gamle og den nye Skattebølsætti var i slektskap). Men han utvandra til Amerika, der var han tilsett  på elt stort kontor i New York, teikna og fann upp maskiner. D. ikring 1932. Her kjem slutten av den­ne slektstavla med desse etterordi:

«Af Skattebølslægten har man havt de fleste av bygdens spillemænd. Saaledes (Det som er skrive i klave har eg nedskrivi.) «Vesle-Skottebøl’n” Ola Knutson Skottebøl d.y. f. 1784,  krigsveteran  frikar og god felespelar (Men so hadde han noko og briska seg tå, for «Blank-Ola». Ola  Torleivson  Uppsata var g.m. Ragnhild Villand, desse var foreldre til Villandskjempone). Blank-Ola var oldefar til «Vesle­ skottebøl’n». Det gjeng enno segner um dei kars­stykkje han gjorde. Men han vandra  ut  til  Nam­dalen og er død i Grong 1841.

Vesle-Skottebøl’n var goffa til skuleinnspektør Matias Gjørum, dotter til den siste er stortingsmann Astrid Skare.)

Erik Skottebøl fløytespiller, Svend Kjenndalen let litegrande på fele. (Desse 3 var brør) Asle-Ola let på fløyte og horn, «Tambur-Sveidn” var meister­ tambur. (Ein gong masjerte eit kompani gjennom Kristiania og då slo «Tambur-Sveidn so hart på trumma at glasrutene dirra) men på fela gjekk det seigt. «Asle- Knut” var meister-spillemand som kor veit. (Knut Asleson Strand – Asle-Knut var øvre Hallingdals finaste spelemann, f. 1794 d. 1881 bror til Tambur-Sveidn) Knut Skøro «Skørren” var inkje so innpå kar til aa laate eit bel. Ola Strand eller Sumrei’n var go» spelemann elt tak (var son til Margit Skottebøl g.m. Svein Syversen Sumbrei.)

Knut E. Strand (son til Eirik K. Skottebøl)  ein som budde på Holtegarden (Strand) og gjekk under namnet «Holte- Knut” av di at fyrste kona hans var frå  Holto”.  Han slo rettig makelaust  godt på trumma, bles fløyte og let lite på fela. Forresten leto alle dei gamle godt i luren og spelte mundharpe.

Asle Vangen eller Øyno var no i lang tid bygdens spelemand (f. 17/10 1824. Foreldri hans var Guri Aslesdr. Strand og Lars Asleaon Stave budde på Vangen.)

Asle Øyno’s yngre bror Asle Vangen (f. 14/4 1832) spilte utmerket. (Han var ein  gut  med  rike  evnor, var student. Men reiste til Amerika. Han vart ute for ein «vanlagnad” i det nokre menn hadde fått narra han til og skrive eit stykke um presten Kjel­ strup i Morgonbladet då den store «Kjelstrup­ striden stod på i Ål). Gamle E. B. upplyste i eit brev at dette bladet var ikkje so farleg, men A. V. reiste likevel til Amerika.)

Tollef L. Vangen var so almindelig spelemand.

Sjølv har e fare med flute  noko.  Og  so  han Ola bror (Ola Asleson Strand budde på Vangen  f.  24/6 1859. Gullik Sebjørnsen Reistad, Sigdal skulde vore ganske go te laate mæ.”

Til slutt nokre ord av meg um denne ætti:
Kristi Torleivsdotter Strand f. 20/8 1811 d. 1899 g.m. Levor o. Kolbotn budde på Vangen. Kristi var sers musikalsk. Det er etter henne me har denne kjende springarlåtten: «Kristi Vangji.” Det er fåe springarlåttar som har so mange  vek  som  denne lått. Då Kristi Vangen på sine gamle dagar  høyrde dei toko til å låte tok ho til å gråte, når ho høyrde tonen av denne låtten, for då minntest ho dei glade ungdomsdagar.

Kristi Vangen f. Strand var farsyster til 0. A. Strand Vangen som var rekna for si  tid  dalens finaste spelemann spelte so sylgjemjukt og fint. Men han spelte aldri for pengar. Springarlåtten «Asle Myro” er etter han Asle K. Myro f. 1811. Denne springarlåtten er ein av dei beste me har.

Far hans Asle var Knut A. Stave, som  kjøpte Myro i Hol 1799. Når han tik til å låte med «kjafte ” og klunke på denne  låtten, var  det  som  dei stemde ei fele. Systerson hans Pål  T. Rue var  sers  flink  til å låte med kjafte, han med klunka som ei fele og hadde god takt i låtten, so han var lett og dansa  et­ ter. Asle Myro var ein uvanleg sterk mann. Når han var litt på «hiven” so tok han ein stor kubbestol i millom tennene og bar rundt i stugu. Denne kubbe­ stol står på Myro og det syner etter tanngarden i kubbestolen. Asle var forresten ein vyrd mann i bygda. Forlikskommissar og mykje med i bygdens styre og stell.

To av  sønene  etter  Asle  Øyno:  0.  A.  Øyno  og bror hans Knut var flinke felespelemenner.  Av  den yngre  ættled  kan  eg  nemne  Lars  Tollefsen  Strand (75 år) han og er ein god felespelar. Men som  Iur­blåsar har han vore av dei  aller  beste.  Berre  8  år gamal  fekk  han  fyrste  premi  på  lur.  På  ei  stemne for Numedal og Hallingdal var  Lars  «Overlegen”  på lur og fekk 1. pr. Far hans Torleiv  A.  Strand  d.e.,  f. 1844 var  meisterspelar  på lur.  Fekk  1.  pr.  bl. a.  på ei stor stemne millom Valdres og Hallingdal.

«Strånd’n” Ola K. Skottebøl d.e. – bror til Vesle Skottebøl’n f. 1773. Han vart  g.m.  ei  odelsgjente (Kristi i Larsstugu) Strand. Han har mange etterkomarar som er  serleg flinke på lur og som songarar. Kan nemne ein: Helge 0. Strand – soneson hans. Han let  godt på lur. Ein av dei siste som let skikkeleg Iur’n.

Brørene Hans Jørgen f. 1885 og Torleiv Nestegard f. 1890 let både på fela. (0. A. Strand var mor­bror deira) Hans Jørgen er forresten den fyrste gullmerkemann i fri idrett i Halligdalen og flink skiløypar.  Torleiv  har   teke  mange  fyrste  premiar i skiløyping.

Etterskrift:

Det var  ivrige haugianarar  på Bjella  og då Asle T. Strand  f. 1809 vart gift  med Sigrid T. Bjella f. 1814 vart det ein hauginarheim på Strand. Men kunstnarhåtten låg i blodet til barneflokken. Under slike høve vart det lite høve til å  dyrka sin musikalske givnad.

Denne artikkelen sto på trykk i Spelemannsbladet nr 1 1953. Transkripsjon og opphavsrett til denne: Olav Sataslåtten d.y. Gjengitt på Hallingminne med tillatelse av Svein Nestegards slektninger.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s