«Danseplassregistrering i Ål kommune». Utført av Harald B Knutsen juli 1996

Skannet og konvertert fra originalen. Gjengitt med tillatelse. Opphavsrett: Harald B Knutsen

Dette er ei fortløpande nummerisk liste, ikkje inndelt i krinsar

DANSEPLASS:

  1. Brattebakkjin.
  2. Hovda.
  3. Kroko.
  4. Helsingsetberget.
  5. Vesleberg.
  6. Brugutun/Bruhaugji.
  7. Bomberudflåte.
  8. Sandehussletta.
  9. «Salen» v/Halvorstølen.
  10. Iversenstugu.
  11. Langero.
  12. Kolsrudflaten.
  13. Oppheimstuften.
  14. Kleivahaugen.
  15. Danseplass v/ Perstølen.
  16. Tangen i Kleivi.
  17. Dynadansen.
  18. Urholtgeilen.
  19. Skrindoflåte.
  20. Dansargolvet ved Bakkeplass.
  21. Knauseberget.
  22. Langelandsøyne.
  23. Storehovda/V esledalhovda.
  24. Siregolvet/Golvet.
  25. Maureteigen.
  26. Danseplass v/ Torpo barnehage.
  27. Dansarfeten (Volelivegen).
  28. Danseplass v/ Lyahuset.
  29. Torkelsmoen.
  30. Hovdegardhaugen.
  31. Gunnarhaugen.
  32. Holto (Kvinnegardslie).
  33. Rudshaugen i Kvinnegardslie.

KRINSINNDELING:

  1. Kleivi og Breie.
  2. Grånhaga og Noss.
  3. Vestlie og Veståsen.
  4. Sundre, Øvre-Ål og Kvinnegardslie.
  5. Sando og Liagardane.
  6. Nordbygdane og Votndalsåsen.
  7. Oppheim og Oppheimsstølane.
  8. Torpo og Torpostølane.
  9. Kleivi og Breie:
    1.1 Kleivahaugen.
    1.2                 Tangen i Kleivi.
    1.3                 «Salen» v/ Halvorstølen.
    1.4                 Danseplass v/ Perstølen.
  10. 1.1                 Kleivahaugen:Her var det golv under krigen. Illegalt. Plassen ligg rett opp for industriområdet i Kleivi; opp vegen mot lysverket sine boligar, so til høgre til ein velteplass, der går det ein traktorveg vidare. Danseplassen ligg rett opp for velteplassen, ova bruket Storemyr. Ein skal og kunne følgje ein stig som går rett opp ved vegskillet inn til industriområdet. Det vart her bygd danseplass. Ein Sæterstøen som tjenestegjorde i Søre Breie skaffa material og la golvet. Det var mykji festing her, bla.a. ein stor frigjeringsfest etter krigen. Paul B. sin informant her, er broren Sigurd Breiehagen. lnformantar: Steinar Breie, Paul Breiehagen.

1.2                 Tangen i Kleivi:

Nevnt som «nord i Tango». Her var det dans under krigen. Folk kom også frå Hol (bl.a. Liengutar). Ein frå Trøen spelte, og Lars Haugen (trekkspel). Informant: Paul Breiehagen .

1.3                 «Salen» v/ Halvorstølen:

Dansargolv i skogen mellom Halvarstølen og Tangenviken, omlag 200m. opp frå riksvegen. Her samlast ungdommen mest kvar helgekveld til dans. Dette var ein ordna, tillaga plass, med ein fin voll til å stå på. Spelemenn  her var bla.a. Herleik  Tunehago  og Levor Jorde. Det var tre karar tå Bekkestad som vart kalla Hansegutadn, då far deira heitte Hans. Desse var svært påpasselege med at festen slutta klokka tolv. – Noe» det slutt, for noe» klukka te Hanseguto  tolv, sa ein tå dei då. I dag er denne plassen heilt attgrodd, og vanskeleg å finne. lnformantar: Asle 0. Viken, Paul Breiehagen, notatar etter Torleiv Perstølen.

1.4                 Danseplass v/ Perstølen:
Synst for Perstølen, necla Venedokken var det ein danseplass. Det finnest ei kontrakt om plassen, truleg skrive av Ola Perstølen, som tek for seg deling av utgiftene ved bygging (og vedlikehald(?)) av plassen. Dette skjedde i 1890-åra. Plassen vart omtala som svært “inngjengd”. Her spelte nok durspelemenn blaa. frå Djupedokken og Halvorstølen. Informant: Paul Breiehagen.

  1. Grånhaga og Noss:
    2.1 Iversenstugu.
    2.2                 Brattebakkjin.
    2.3                 Knauseberget.
    2.4                 Langelandsøyne.

2.1 Iversenstugu:
Etter at han vart enkemann, sette Ola Iversen (spelemann og felemakar) seg opp ei stugu attmed vegen ved Langeland. Ungdomen samlast til dans i Iversenstugu mest kvar helgekveld. Då var det helst iversen sjølv som var spelemann. Ein unggut vart iheislegen i slagsmål ved ei slik dansemoro. Då vart det slutt på dansing der. Sjølve slagsmålet foregikk litt lengre sør. Ein som heitte Kolbein Stavehaug skulle skilje dei som slåsst, men vart sjølv råka av ein syl (slik som var på lommekniven) i tinningen, og døydde. Ola Iversen bar seg svært då’n læt, og iblandt køyrde han bogen innunder strengjene so stolen på fela datt ned. Då læt han på kjafte. Informantar: Paul Breiehagen, notatar etter Torleiv Perstølen.

2.2                 Brattebakkjin:

Denne danseplassen ligg rett ova Noss (Knutsgarden), på ei flat slette, neda vegen ved Rudningadn.Det var her ein stein som spelemannen sat på, og denne vart også brukt som eit lyft, som karane kunna bryne seg på.Laurdags- og sundagskveldane kunna ein høyre låtten frå dansplassen, og ungdomen møtte då opp. Dei brende bål midt i dansarringen. Louis Noss (hardingfele) og Råenkaradn (durspel) spelte nok mykji der, ellers var det mange spelemenn i denne krinsen.Plassen var jamnt i bruk til rundt 1930, og sporadisk fram til 1945. lnformantar: Nils Noss og Sevat Teigen (f. 1918).

2.4 Langelandsøyne:

Dette var ei øyn i Strandafjorden, men då kraftverkstunellen mellom Al og Nes vart bygd, fyllte dei på so mykje tunnelmasse her, at øyne no er landfast. Her var det vanleg med St. Hans fest. Då var det stort bål, og fleire båtar som rodde folk til og frå. Ellers om sommaren var det sjeida det vart dansaher. Det var dans på Langelandsøyne under krigen, men etter den tid vart det slutt. Det var dei same spelemenn her, som på Knauseberget. Informant: Sevat Teigen (f.1918).

2.3 Knauseberget:

Rett neda tuftene etter bruket Knausen ligg Knauseberget. I dag har Svein Søndrol sett opp hus der (Tjørndalsvegen 18), men på baksida av huset ser ein enno noko av berget. Det er no fyllt på jord her og laga plen, men den tid dei dansa her var dette ei slett bergflate. Det var mest under krigen det vart dansa her, men plassen var noko i bruk både før og etter. Spesielt under krigen, då det var forbod mot dans, kunna ungdommen føle seg nokoleine trygg på ein sapass skjerma og avsides plass som dette var på den tida. Det var helst laurdagane det var dans her, og dei som møtte opp kom stort sett frå den lokale krinsen; Grånhaga/Noss -området. Spelemenn her var bla.a: Eilev Stave (durspel). Ole Stavehaug (durspel). Einar Einarsen (femrader). Sevat Teigen (durspel). Informant: Sevat Teigen (f. 1918).

  1. Vestlie og Veståsen:

3.1                 Dynadansen.
3.2                 Sandehussletta.

3.1                 Dynadansen:

I Ål bygdebok, under Rimehaug, vert det nevnt at Trulseguten (som var bonde på Hove) og ein til, møttest på denne danseplassen for å gjera opp noko uvenskap. N.Noss meiner denne danseplassen må ha ligge oppå sjølve Dyna, då dette var ein samlingsplass i dei tider det vart støla der. Til Dyna var det ikkje so lange vegen korkje frå ålings- eller nesningsstølane. lnformantar: Ål bygdebok -under Rimehaug, Paul Breiehagen, Nils Noss.

3.2                 Sandehussletta:

Olav Sataslåtten namngav ein springar han laga til minne om denne danseplassen.Truleg låg plassen på det noverande stasjonsområdet, då det der heitte Sandehuset. Det var og ekserplass der. lnformantar: Nils Noss.

  1. Sundre, Øvre-Ål og Kvinnegardslie:

4.1                 Urholtgeilen.
4.2                 Holto.
4.3 Rudshaugen.

4.1                 Urholtgeilen:

Midt på Sundre, framma Urholtbygnaden (Kr. Urholt), vart det dansa 17. mai. Informant: Paul Breiehagen.

4.2                 Holto:

På Holto i Kvinnegardslie (Kr. Haugen) var det ein gama! samlingsplass der det brukte å vera dans om helgedagskveldane. Denne plassen er no arbeidd bort; eit loft er flutt dit, og ein veg er lagd om her. Spelemann her var helst Aslak Holto. Informant: Guri Haugen.

4.3                 Rudshaugen:

På Rudshaugen i Kvinnegardslie var det ein danseplass som var mykje brukt i gamal tid. Spelemann var bla.a. Aslak Holto. Informant: Kristian Haugen.

Sando og Liagardane:

5.1                 Brugutun / Bruhaugji.
5.2                 Bomberudflåte.
5.3                 Hovda.
5.4                 Langero.
5.1                 Brugutun:
Denne plassen låg rett sunna Ungdomshuset Liatun. Plassen gjekk også under navnet Bruhaugen. Det var vanleg at ungdommen i Sandokrinsen samla seg ved Kvelperudhuset om kveldane. Dei gjekk då berre over brua, so låg det ei fin slette på venstre sida der. Anna J. Myro kan hugse at systrene hennar fortalde at dei hadde dansa i Brugutun. Brua ligg idag noko lengre ned enn den gamle, slik at danseplassen må ha vore omlag der vegen går no. lnformantar: Anna J. Myro (f.1912).

5.2                 Bomberudflåte:

Anna J. Myro fortel at syster hennar, Birgit, hadde dansa her. Frå den tid då foreldra til Anna  var i Teigo, kan Anna hugse  at ho såg røyk i frå Bomberudflåte. Nils Noss kan hugse at han spende fotball her i ungdommen. So, ein samlingsplass var det her iallefall, og då er det truleg at det ogso vart dansa. Anna meiner det var jonsokdans der. I dag er det her sværtattgrodd, og det går ein liten veg over plassen. lnformantar: Anna J. Myro (f.1912) og Nils Noss.

5.3                 Hovda:

Denne danseplassen ligg på eit hovda i Sandokrinsen. Dette var og er ein svært fin danseplass. Det var rydda rundt, og sett opp steinar til å sita på.Nils Noss har vore med på å rydde plassen no i nyare tid, slik at han er fullt brukbar framleis. Ola Sata var ein svært ihuga ungdomslagsmann, han var ein av dei fyrste medlemmene i Samklang ul.. Han eigde grunnen her, og gav tillatelse til å rydde danseplass. Anna J. Myro seier det var ein kolut stein her, som det vart kokt kaffi på, og seld (sjå bilete). Gunhild Strenda hadde visst ansvaret for dette. Det er eit stykkje til vatn, so det måtte ho slite og bera på. Det vart dansa her til under krigen. Spelemenn her i nyare tid var Olav K. , Jens K., og Jens A. Myro. Jens A. fortel at han var med og spelte her 17. mai i 1941. Helst sundagane det vart dansa her. Ola J. Myro (Myreguten), var tambur, og det hende han tok med seg tromma og sette seg på Hovda til å slå på denne. Me veit han samla ungdommen til eksersis. Soleis har plassen iallefall vore i bruk sidan 1860-åri. Eit gamalt bilete som finnest i bygdearkivet, syner at det kom ungdommar både frå Votndalen og Sundre for å vera med på Hovda. l dag held ungdomslaget plassen vedlike, etter avtale med grunneigaren. Informantar: Nils Noss, Anna J. Myro (f. 1912) og Jens A. Myro (f. 1921).

 5.4                 Langero:

Dette var ein attlagd husmannsplass uppi åskanten i Liagardo. Her dansa ungdommen i låven. Dei treftest gjerne ved Kvelperudkafeen, og fann ut at dei skulle på Langero å danse. Det var nok helst ein torader som vart med. Anna J. Myro fortel at syster hennar, Birgit, var på dans her. Det var svært vanleg at ungdommen reiste til slike attlagde bruk, og dansa i dei tomme husa som stod att. Informant: Anna J. Myro (f. 1912).

  1. Norbygdane og Votndalsåsen:

6.1                 Vesleberg.
Skrindoflåte.
Dansegolvet v/ Bakkeplass. Kroko.
6.5                 Gunnarhaugen. Hovdegardhaugen.
6.7                 Torkelsmoen.

6.1                 Vesleberg:

Sunna Sehlsberget, norda Kleivstølen er det ein nedlagt husmannsplass som heiter Vesleberg. Denne ligg på ei fin flate i berget, med flott utsikt. Her samlast Ungdom frå Votndalen og Sandokretsen. Ungdommen i Sanda samlast vanlegvis ved «Husa» (Kvelperudkafeen) om laurdagskveldane og sundagane. Om det då begynte te å ryke frå eit bål på Vesleberg, og dei høyrde trekkspel og huging, so tyda det på at no var votndølidn komne dit. Då var det berre å ta beina fatt uppover bakkadn. Denne danseplassen var i bruk fram til krigen (ca. 1940). Anna J. Myro fortel ei historie frå den tid mor og far hennar brukte plassen Teigo, og det kom innom to jentu frå Øvre-Ål som verkeleg gjekk ein lang veg for å koma på dans: Desse hadde då gått frå Øvre-Ål, over Nerset, uppat i søre Votndalen, frå Halvorgard upp berget forbi Nereskår, og om i Teigo for å få drikke før dei gjekk opp på Vesleberg. Anna seier at dei må ha gått godt, om dei gjekk denne turen på to timar. Nils Noss hugsar at Torgeir Sehl spelte durspel her. Informantar: Nils Noss og Anna J. Myro (f.1912).

6.2                 Skrindoflåte:

Denne danseplassen ligg i Søre-Votndalen, på eigedomen til Hermann Skrindo, ca. 200 meter opp frå bygdevegen. I dag er det beitemark her. Dette er ei fin grasslette, med ei storslegen utsikt. Det vart dansa her frå slutten på 30-:talet, og fyrste halvdel av 40-talet. Etter krigen vart det slutt med dansing her. Her kunna det vera dans både laurdagar og sundagar, og kanhende midt i vikun og, då dette var ein vanleg samlingsplass for ungdommen. Her samla det seg helst folk frå Søre- og Nødre-Votndalen, men det kunna og koma folk frå Liagardan. Om sumaren var det mykje utanbygds slåttefolk her, som då ogso vart med. Det hende jamvel at desse hadde med seg besøk frå sine heimbygder. I nordre enden av flåte er det lagd ei helle over nokre steinar, denne sat spelemannen på. Spelemenn her var bla.a.: Torgeir Sehl, Jakob Bakkeplass, Knut Gunhildgard og Asle Arnegard (alle desse spelte durspel). Informant: Knut Gunhildgard (f. 1922).

6.3                 Dansegolvet v/ Bakkeplass:

Sommaren  1940 og utover på sommaren  1941,  vart det dansa kvar helg i låva hass Jakob Bakkeplass. Utpå sommaren 1941 vart det so bygd eit dansegolv med rekkverk, i skogen ved Bakkeplass. Golvet vart lagt oppå nokre steinar som enno synest på plassen. Ungdommen hadde no eit eige skikkeleg golv å danse på, og her vart det dansa mykje under krigen. På denne dansplassen møtte det nok opp fleire folk nordante Votndalen, enn det gjorde på Skrindoflåte. Etter krigen var golvet berre ei sjeldan gong ibruk, og fyrst på 1950-talet var det so rote at det måtte rivast, for at ikkje buskapen som beitte der trødde igjennom og øydela seg. Knut Guhildgard var med både på å byggje og å rive golvet. Spelemenn her var dei same som på Skrindoflåte; T. Sehl, J. Bakkeplass, K. Gunhildgard, og Asle Arnegard. Informant: Knut Gunhildgard (f. 1922).

6.4 Kroko:

Dette er ein danseplass på ei slette, der elva Lya gier nokre store krokar. Plassen ligg neda Nystøladn og Hellebu, rett vest då ein har køyrd brua over Lya. Det er mange stølar her, desse er slåttestølar, og den heigji slåttefolket var til fjells, so var det dans i Kroko. Her møttest ungdom frå Kråkhamarstøladn i nord til Oppheimsstøladn i sør. Informantane meiner ikkje at det var dans her andre gonger enn kun denne slåttehelgji. Denne danseplassen har iallefall vore ¡ bruk sidan midten på forrige århundre, og fram til krigen. Lars SehI forte! om denne plassen, og nevner at Haigrim Skjervheim som hadde løyve til å seija brennevin hadde med seg ein kaggji til Kroko, som han seide tå då det var dans der. L. SehI nevner vidare at det kom folk hit helt i frå Hemsedal. Det vart brent bål midt i dansarringen, og Jens A. Myro fortel at dei såg røyken tå dette heilt i frå Veståsen, der han var på stølen (Hagastølane).

Torgeir Sehl,Jakob Bakkeplass, Asle Adngard og Per Sataslåtten vert nevnt som nokre av dei som spelte her. Informantar: Anna J. Myro (f. 1912), Nils Noss, Olav H. Sletten (f.1913), Jens A. Myro (f.1921) og opptak av Lars Sehl.

6.5                 Gunnarhaugen:

Denne danseplassen ligg i det som no er vorte byggefelt i Leveld. Plassen var i bruk under krigen. Det vart laga golv til å danse på. Spelemenn var bl.a. Ola S. Oleivsgard d.y. (Vesle-Ola) og Embrik Bergaplass. Informant: Embrik Bergaplass.

6.6                 Hovdegardhaugen:

Denne plassen ligg oppå berget rett ava Nødre-Hovdegard. Den gamle grendevegen mellom Søre- og Nødre-Vats gjekk over her, og dette vart ein møteplass for ungdommen. Det er no attgrodd med skog her, men i gama! tid var det flott utsikt både sørover og nordover herifrå. I 1938 el. 1939 var det eit svært ungdomsstemne i Vats. Dei var då oppe på Hovdegardhaugen, der det bla.a. vart orientert om den gamle danseplassen som var her. Ola Ellingsgard fortel at dei då vart synt ei bergskorte, der ein kunna sjå at spelemannen hadde siti og trødd takten. Ingen av informantane kan hugse at det vart dansa her, so det er nok lenge sidan plassen var i bruk som danseplass. I gamal tid stod det tre avlange steinar på høgkant oppå berget her.Eit sagn fortel om at det var nokre kjempu som hadde fått desse steinane hit, og reist dei upp. To av desse har vorte velta, medan den eine står att (sjå bilete). lnformantar: Ola T. Skarsgard (f. 1919) og Ola Ellingsgard.

6.7                 Torkelsmoen:

Dette er ein gamal danseplass som har vare svært mykje brukt. Plassen ligg på nedsida av køyrevegen i Nødre-Vats, ca. 30m. sør for vegskillet opp til Nygard (Nedre Torkelsgard). Det var her ein samlingsplass for ungdom frå Nødre- og Søre-Vats, og det vart gjerne dansa både laurdag og sundag.

I dag er plassen grodd til, mens det var ei stor danseflat her før. Danseplassen var mykje i bruk under krigen, og delvis seinare. Men, då vart det meir idrettsaktivitetar som overtok. Sindre Turkarstad spelte mykji einrader her. Den låtten han starta med var som oftast valsen; «Husker du den gangen vi møttes du og jeg?». Andre spelemenn var Ola S. Oleivsgard d.y. (Vesle-Ola), og Embrik Bergaplass: Det var helst vals, reinlender og springar som vart dansa. lnformantar: Ola T. Skarsgard (f. 1919) og Embrik Bergaplass.

  1. Oppheim og Oppheimsstølane:

7.1                 Oppheimstuften.
7.2                 Helsingsetberget.
7.3                 Storehevda/Vesledalhovda.
7.4                 Kolsrudflaten.

7.1                 Oppheimstuften:

Dette var ein opparbeidd danseplass,  som stadig vart vedlikehalden. Plassen låg i skogen til Lars Teigen, men ved utskiftning er han no tillagd Oppheimsjordet. Plassen er pløygd ned, som delaveit nybrottsstykkje. Plassen låg rett vest for garden Haugen (22/63), tett ved bygdevegen øvst i Oppheim. Her samlast det svært mykje folk frå heile Torpo, men ogso frå Gol, Rotnheim og Liagardane (dei gjekk over åsen). Under krigen då det var forbod mot dans, samlast det mange her, då Oppheim låg noko avsides til. Harald Haugen fortel at det var heilt tettpakka med folk her. Plassen var i bruk heilt fram til 1960. H. Haugen forte! at dei om våren maka vekk snø, slik at plasen turka fort opp, og vart klar til og dansast på. Informant: Harald Haugen.

7.2                 Helsingsetberget:
Helsingset er eit stølslag med heimstølane til Oppheim på Torpo. Rett ova støladn er det eit høgt berg som er nokså flatt uppå, her vart det dansa. Her har det nok også vare dansa sidan godt ut i forrige århundre. Lars Sehl forte! at det her var ei bergskorte som dei hadde ein brennevins­ kaggji i. Det var visst ein god del ulivnad her (sjå vedlagd kopi). På biletet sit Harald Haugen i Dansarskorta. Goffa til Harald fortalde at det var eit par som holdt på å danse utover her ei gong, og etter dette vart det slutt på dansing her. Då denne Dansarskorta er ikkje so stor, og det sjølvsagt var farleg å danse i den, er det vel mest truleg at sjølve dansinga foregikk på flata midt oppå berget. Det kan ha vore denne skorta som vart brukt som brennevinsdepot. I Harald sine ungdomsdagar,var dette ein plass kor dei samlast om kvelden etter slåttearbeidet; praten gjekk, og mange gode skrønu vart fortalde her. Dei brukte då å brenne bål, so han fortel at det var snautt med vegetasjon uppå berget. Det vart ikkje dansa her på den tida. lnformantar: Opptak av Lars Sehl, Nils Noss, Harald Haugen.

7.3                 Storehovda/Vesledalhovda:

Dette er eit hovda på nordre Oppheimsstølane. Uppå denne ligg ei flate,  og det skal ha vorte dansa  her i gama! tid. Hovda ligg rett bak vollen til Erling Oppheim. Denne vollen har vorte kalla Vesledalvollen (ein tå Vesledalen har mogeleg rudt plassen), og hovda har soleis også vorte nevnt som Vesledalshovda. Harald Haugen fortel at då han var ung, so var dette ein mykje nytta samlingsplass for stølsfolket, både kjeringane og gjesleungane.H.Haugen hadde med seg trekkspelet på stølen, og sat ofte her og spelte om kveldane, forte! han. Men, det vart ikkje dansa her på den tida. Dei brukte å brenne bål her, so hovda var heilt snau for brisk. Når dei skulle flytte ned til heimstølane om hausten, var det vanleg at gjesleungane laga til eit stort bål, dei kalla det bufarverme. Alt stølsfolket møttest då her den siste kvelden dei var på stølen, og tok slik avskjed med fjellet for denne gong. Informant: Harald Haugen. 

7.4                 Kolsrudflaten:

Denne dansplassen ligg ved Kolsrudstølane; rett vest for stølen til Nødre Kolsrud, og rett neda/sør for Søre Kolsrud sin støl. I dag er plassen noko attgrodd og tubbut. Spelemannen hadde sin eigen «spelemannsstein» å sita på (sjå biletet). Det var den tida dei slo på stølane at det var dans her, og då ofte to helger etter kvarandre. Det var dans både laurdag og sundag. Her samlast det svært mange folk frå stølane rundt, men ogso langvegs­ farande, både frå Gol, Grønlio, og frå stølane på Votndalsåsen. Danseplassen har vore i bruk i fleire generasjonar, heilt fram til ca. 1945. Spelemenn her var bla.a.: Harald og Arnfinn Haugen (femrader), Asle og Tor Kolsrud, og Henrik Medhus (torader), og Wigger Liahagen (hardingfele). Arnfinn Haugen har laga ein reinlender som heiter «Slåttefest på Kolsrudflaten», til minne om all moro som var her. lnformantar: Harald Haugen, Halvor og Olav Kolsrud.

  1. Torpo og Torpostølane:

8.1                 Danseplass v/Lyahuset.
8.2                 Danseplass v/Torpo barnehage.
8.3                 Siregolvet / Golvet.
8.4                 Maureteigen.
8.5                 Dansarfeten.

8.1                 Danseplass v/ Lyahuset:

Då Lyahuset vart bygd, og Sigurd Magne Sato dreiv med kafe og overnatting, vart det arrangert jonsokdans her. Dette var før krigen. I dag driv Ola Skrindo-Tveito antikvitetsutsalg her. Informant: Olav Sveinsgard.

8.2                 Danseplass v/ Torpo barnehage:

Rett framma Torpo barnehage, der kor vegen ligg, var det ein danseplass. Her var det før ein gama! gjennomgangsveg, og i denne vegen var det ei nedtrødd flate/ sirkel, der det vart dansa om kveldane. Denne plassen var i bruk fram til krigen. Då det var forbudt å danse under krigen, vart det nok for åpenlyst å drive med slik aktivitet her midt i bygden. Informant: Olav Sveinsgard.

8.3                 Siregolvet / Golvet:

Dette dansegolvet eksisterte berre under krigen. Det vart bygd i 1941/42, og material vart skaffa av ein som arbeidde på Tretterudsagen. Det var nokso aktiv hird på Torpo under krigen, og ein haustkveld det var dans der, kom dei og hogg opp golvet. Folk sprang til skogs då dei høyrde at  det  var hirden  som  kom. Torstein Juven, som var spelemann den gongen, fekk 75 kroner i bot. Ungdomslaget samla då inn peng, slik at dei i fellesskap betalte denne bota.Nokre av ungdommane tok og sette spiker framma dekka til den eine bilen hirden hadde, so då dei kom til samvirkelaget, stod bilen på felgen. Spelemenn her var bl.a. Arnfinn Haugen, Hermann Kvam og Arne Grov (alle trekkspel). I dag er denne plassen svært attgrodd, og det er vanskeleg å sjå spor etter slik aktivitet. Om ein følgjer ein stig som skrår innover i skogen rett ova huset til Knut Haugen, so låg danseplassen der kor denne stigen kjem fram til Sireåne. lnformantar: Olav Sveinsgard.

8.4                 Maureteigen:

Denne danseplassen låg ved den gamle Sirevegen. Rett sør for huset til Ove Thorshaug, står det ein gamal gråsteinsmur. Omlag i enden av denne, framma murane etter eit gamalt hønsehus, skal danseplassen ha vare. Dette stykket høyrde til Nødre Sveinsgard. Dette har vare danseplassen i gamal tid her oppe, helst frå før århundreskiftet. 0. Sveinsgard kan ikkje hugse at det har vare dansa her i hans tid. Ei historie forte! at plassen vart tilsådd for å få slutt på dansen, men om hausten so dansa ungdommen ned åkeren i protest. Dette var også ein vanleg samlingsplass. Informant: Olav Sveinsgard.

8.5                 Dansarfeten:

Når ein køyrer søre stølsvegen til Volelie, kjem ein til ei flate som heiter Dansarfeten. Det er i dag svært attgrodd med brisk her, men Olav Sveinsgard fortel at dette var ei snau grasslette den tida han var gjeslegut her. Sletta var svært stor, so det er vanskeleg å påvise eksakt kor det vart dansa. Helst kan dei vel ha dansa fleire plassar på denne sletta. Det er antakeleg denne danseplassen som er omtalt i Boka om Gol, band 1, s. 552 (sjå vedlegg). Ei soge fortel om eit modig kvinnfolk som kom ridande hit, og slo rundt seg med ei låshelde. Informant: Olav Sveinsgard og Boka om Gol, band 1.

Bildet er en del av samlinga skapt av Tormodsgard og Opsato -nå i Ål bygdearkiv.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s