«Raudalsdansen» av valdresen Mikkjel Fønhus. Meld av ein Svein Nestegard.

«Det er ei kvik og morosam bok aa lesa dette og eg vil faa lov aa segja forfattaren takk. Men det er daa eit og anna som eg vii faa peka paa og som eg meiner er urett hermt og skildra. Han hermer ein gamal lausslaatt soleis: Og du skal faa rompa taa røyskatton du —. Og du skal faa rompa taa røyskatten du! Desse orda er bokstavrim og lyder retteleg soleis: Dei rikka ‘kje rumpa paa røysekatten du!
Dei rikka ‘kje rumpa paa røysekatten du!

Skildringi taa lausdansen som Sevat Angeset dansa — er rett skildra i fyrstningi; men slutten av dansen er feil og misvisande, med di han let dansaren gaa burt og vil faa med seg fylgje—ho Kjersti Høve—i denne dansen. I lausdaansen eller hallingdansen har eg aldri fyrr høyrt gjete at det har vore dansa med fy]je eller pardans—i alle fall ikkje i Hallingdal. Dette skulde daa liggja i sjølve ordet: lausdans! Kjem til aa danse laus — aaleine.

Lausdans er heller ikkje vanleg dans, det er i grunnen ein idrottsleik! Og for folk som ikkje kjenner til lausdansen so maa dei med aa lesa «Raudalsdansen» faa eit vrangt bilete av denne. Dette dramaet naar Brettangen kjem ridande til Raudaldansen er levande skiidra. Men eg tykkjer dette dramaet fell noko i stavar naar Brettangen — kjempa fraa Valdres — brukar laashelda for aa slaa ned Augeseten, som inkje verje har i handi. Det var daa ikkje noko karstykke — dette kunne ein skarv ha gjort — aa slaa ein mann med eit so stygt vaapen som ei laashelde!

Det er i grunnen Augeseten som ber prisen heim fraa denne leiken endaa han taper baade gjenta og slagsmaalet. For det har daa alltid fraa eldgamal tid vore rekna for eit karstykke — naar to kjempor møttest for aa mæla krefter, at dei banka einannan upp med turre nevar!

Det at den eine parten brukte kniv eller laashelde eller i det heile handylve har alltid vore set paa som eit skarvetykke, og den som brukte slike tølor vart daa med sedd paa somi ein skarv! At forfattaren let valdresen vinna baade gjenta og slagsmaalet paa Raudalsdansen og at det er berre hallingen som brukar kniv — valdresen er no vel heller ikkje so heilt tollfri i so måte?—er av del ting eg skal lata liggja. Men og kan ikkje fri meg for anna eg i dette høve og maa tenkja paa det gamle ordtaket «at blodet er tjukkare enn vatn!» So til slutt dette. Eg er ikkje i tvil um at den mest vakne ungdomen utover landet vilde setja endaa større pris paa bøkene aat forfattaren, dersom dei var skrivne paa heiilnorsk. Og serleg burde ei slik bok som «Raudalsdansen» vore skrivi paa heilnorsk, som skidrar sammøtet millom valdres og hailing — for baade Valdres og Hallingdal har daa dei aller beste bygdemaal i landet. Å skriva heilnorsk skulde daa falla sers lett for forfattaren, som sjølv er valdresgut. Gjer eit forsøk med næste bok, hr. Fønhus?

Halingdal i mars 1925,
SVEIN NESTEGARD.»
-hentet fra avisen Den 17de mai, 1925.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s