Ola Perstølen: Eit og anna um samvære med Halldor Meland

lars gjeldokk sletto perstølen
Lars Gjeldokk, Olav Sletto og Ola Perstølen

Det følgende er et utdrag fra boken «Halldor Meland : eit liv i tonar : ein bolk av soga om folkemusikken i Hardanger» av Jon Bleie, Gyldendal, 1976.

«Fyrste gongen eg kom i lag med Halldor Meland var på Voss folkehøgskule i 1905. Han var då i tjugeårsalderen, og var alt kjend som ein sers god spelemann. Og av skulekameratane på Voss var han no reint «forguda». Her på Voss møtte han då og stormeistrane, Ola Mosafinn og Sjur Helgeland, og desse søkte han gjerne lag mcd når han hadde høve til det. Eg for min part kan no takka Meland for at eg fekk høyra Mosafinn spela. Eg fekk fylgja honom inn til Finne ein gong, der desse tvo skulde møtast. Me vart fort kjende, Halldor og eg.

Eg skrapa og let på fela litegrand, og so hadde eg ei mest ny Steinkjønndalfele, og henne vart han svært vyrk for. Han hadde nok ei tolleg god fele han og, men ho kunde ikkje måla seg med telemarksfela mi. Han tok då straks til å tala på felebyte, og eg var då so kunstnar at eg gjekk med på byte. Eg tenkte som rett var, at han kunde få mykje meir ut av ei god fele enn eg kunde, so det var betre han hadde ho. Eg fekk nok noko millomlag og, kor mykje det var hugsar eg ikkje no. So svært mykje var det vel ikkje. Det var andre tider og andre prisar den gongen. Eg hadde gjeve 60, — kr. for fela, eg, hjå felemakaren, Knut Ellefsen Stenkjønndalen. Nokre år etter skreiv Meland til meg at han var ikkje meir enn so måteleg nøgd med fela lenger. Ho var for veik, tykte han, og fyllid ikkje ut i store rom. Eg hev elles gjenom eit langt liv fått tokken av at han ikkje er so heilt trufast mot si fela, han Halldor. Han hev skifta fele ofte, og um han er aldri so uppglødd for ei fele med det same han fær tak i ho, so kan ein vera sikker på at det ikkje er so svært lenge fyrr han finn lyte ved henne.

No ja, eg syrgde vel litt på «gamlekjærasten», og skreiv attende at eg gjerne vilde gjera um att felehandelen, dersom det var so at han vilde få seg ny fele. Eg tenkte meg til Amerika just då, og vilde nok gjerne ha fela med. Og fela kom sendande mcd ein gong, ho. (Um eg gjorde upp for meg ved dette nye bytet, er eg i tvil um. Eg er mest redd for at han ikkje fekk att korkje fela eller pengane.) Men attende til 1905. Same våren reiste Meland til Telemark, og var nok der i lenger tid. Det var vel særleg Torkjell Haugerud han vilde gjesta, og han hadde nok vore mykje i lag med honom på denne ferdi, og Torkjell Haugerud er nok ein av dei spelemenn Meland set høgst av dei han hev møti, etter som eg hev skyna. På heimturen frå Telemark stogga han her i Hallingdal ei tid. Han heidt nokre konsertar her i dalen, og det tok til
å gå gitord um spelemannen Halldor Meland.

Han budde her hjå meg nokre dagar, hugsar eg. Han var ungkar og spelemann som det heiter, og det var eg med, — endå eg var ikkje so ung ungkar som han, og svært lite til spelemann, målt med honom. Men me trivst i lag, trur eg eg torer segja. Eg likte i all fall sers godt å ha han til gjest, og eg trur mest han unte her, han og. Men eg hadde ingi hushjelp, so det kunde verta spørsmål um kven av oss som var mest skikka som kokk. Han trudde nok ikkje noko større på seg sjølv i den vegen, han Halldor, og eg som skulde vera liksom vert, laut sjølvsagt ta meg av matstellet, men eg tok det flo so lettvint som råd. Det vart mest kaffi, kjøpebrød og margarin, me levde på. Men det hende då at eg totte eg laut gjera meg lite meir fyre, og ein dag fann eg på at eg vi1de koka risengryngraut. No var det ikkje mjølk å få tak i her dette årsens bil. Alle buskapar var i fjellet. Men det var då boksemjølk å få hjå handelsmannen, – både sukra og usukra. Eg kjøpte sjølvsagt sukra, og kanskje eg spedde på med litt sukker og medan eg kokte grauten, for han måtte vera god, då eg hadde framandgut her. Me kom oss då til bords, men det vart smått med grautetingi med han Halldor. Eg nøydde på han, at han måtte då eta. Men han la berre frå seg skeii, og sa kort og godt at «eg likar ikkje søt graut». ja, dette vart ein strek i rekningi for meg, — men me hadde då framleides brød og margarin.

Som ein veit er det gjerne stor skilnad på spel og spelmåte i dei ymse landsluter, — ja, i dei ymse bygder dimeire. Telemarkspelet kjem nok vestlandsspelet nemare enn t. d. hallingspelet, og det hev då alltid vore dyrka av meistarhender. Det høver og sikkert godt til Meland sitt lynne, so det var ikkje det grand rart um han vart grepen av det. Men telemarklåttane, kor dårande vene dei enn er, må gjerne «støypast um» i takt og rytme fyrr hallingen vil kjennast ved dei. Eg kjem i hug etter denne fyrste ferdi Meland gjorde her. Han spelte ofte den kjende springaren «Bøheringen», og eg og ein bror min, Asle, som og tukla litt med fela, me la’rde då denne låtten i grove drag. Han Asle hadde i all fall lete låtten i ei dansemoro her, og då var det ein spelemann med der som spurde kor han hadde lært den låtten, og han fortalde då det. «Det var ein uvand lått,» sa ‘n. (Uvand vil segja pålag «simpel».) Vel let vel han Asle ikkje låttenso det var noko kyta av, men likevel då!

Som eg fyrr hev vore inne på, er han nøye på fela, han Halldor, men so er det gut som kan stella med ei fela og. Det er ein veikjend vits millom spelemenn at det er med fela som det er med gjentorne, ein må godsnakka og kjæla med dei skal dei koma i rette laget. Og Meland kan den kunsten, — mcd fela i all fall. Han stogga nokre dagar her ein gong for nokre år sedan, han kom frå Oslo. Han tok seg då so av fela mi, og hadde visst sett seg fyre at no skulde fela møykjast upp. Han tok henne att dag etter dag, flutta på ljodpinnen og på stauen, og eg veit ikkje kva velur han elles for med. Men so viljug som fela mi var etter den handsamingi, hev ho aldri vore, korkje fyrr eller sidan. Halldor Meland var godt kjend her i Hallingdal i mange år, og var alltid velkomen gjest i lyd og lag. Han gjorde fleire spelferder i ungdomslagi i dalen, og han spelte på ungdomsstemner. Alle vart nok grepne av spelet hans. Serleg var det då dei store lyarslåttane hans, «Lengt», «Vårmorgon» og fleire. Og likeeins tolkingi hans av stykke etter Helgeland, «Budeiorne på Vikafjell», «Sivlefossen», o. fl. Dette er då og meistarstykke, og Meland tolka dei med meistarhand. Ein kan likevel ikkje segja at han hev havt so stor innverknad på spelet her i Hallingdal, som han visseleg hev havt det i Hardanger, og på Vestlandet sies. Han var ikkje so mykje i lag med spelemenn her heller, og spelet hans er for ulikt hallingspelet til at det kunde verta nokon stor påverknad. Eg vil likevel her nemna ein springar han hev laga, — eg veit diverre ikkje kva han kallar han. Den låtten hugsar eg tok lyden sterkt på ei ungdomsstemna i Gol. Han var so smålåten at han nemnde låtten for «ein springar frå Vestlandet». Det var eg som styrde stemna den gongen, og eg fekk då sagt at det var Meland sjølv som hadde laga denne låtten, og det vart stor fagning.

Eg for min part vil alltid vore glad i felespel, og eg er storleg glad for kjennskap og samvær med Halldor Meland. Det er vel slik med alle store kunstnarar, dei legg noko av seg sjølv i kunsten. Dei let seg ikkje ta etter, eller «kopiera». Ein annan god spelemann kan vel spela låttane hans Halldor, med same grep og same bogadrag kanskje som han, men det vert ikkje det same som å høyra han sjølv. Det er som eg høyrde ein gamal mann her sa um ein god spelemann som let låttar etter Tor Grimsgard: «Det er nok låttane hans Tor, men det er ikkje som han Tor likevel». Men der vest er det nok fleire spelemenn som hev lært so mykje av Meland at dei vil bera spelarven vidare fram, når han ein gong sjølv må leggja fela frå seg. Eg tenkjer no på ein som Anders Kjerland. Honom nemnde Meland ofte her i samtaler um spelemenn, og eg forstod han sette honom svært høgt. Enno er då Halldor Meland sovidt eg veit i fin form, og vil vonleg veradet i mange år endå. Det er eg storleg glad for, både for skuld musikken, og for venskapen vår.»

Halldor Meland (1884–1972) var ein spelemann frå Ullensvang i Hardanger. Han bidrog mellom anna til å nytolka og fornya gamle slåttar frå Hardanger. Meland skapte og mange nye slåttar. Etter han er det ein rik arv av folkemusikk. Halldor Meland lærte mykje av eldre spelemenn i Hardanger, mellom dei Sjurd Håstabø og Olav Håstabø. Halldor råka og på Ola Mosafinn, som lærte han mykje spel frå Voss. Han førte mange av dei gamle Mosafinn-slåttane inn i hardingspelet. I samtida jamlikast han gjerne med Anders Kjerland. I 1953 vart Halldor Meland æresmedlem i Landslaget for spelemenn, og han fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1962. Folkeminnesamlaren Rikard Berge nemner Meland som ein av dei dyktigaste spelemennene i Hardanger i artikkelen sin «Spelemenner», som første gong stod i boka Norges Musikkhistorie frå 1921. Hardingfeleverket har 21 slåttenedskrifter etter Halldor Meland, ved Arne Bjørndal, Truls Ørpen, Eivind Groven og Sven Nyhus. (Eilev Grovens wikipedia-artikkel om Meland)

Ola Perstølen, gjerne omtalt som «bygdehøvding», var ein framståande leiar for frilyndt ungdomsarbeid, målsak og fråhaldssak i Hallingdal. Perstølen var fødd i Ål 26. november 1877 og døydde same staden 8. november 1969. Han var i skreddarlære hos faren og arbeidde som bygdeskreddar. Etter nokre år i USA byrja han skreddarforretning på Sundre, som han utvida til manufakturhandel og seinare bokhandel. Bokhandelen vart med åra ein av dei fremste i Hallingdal. Perstølen hadde ymse kommunale tillitsverv og var med i Ål heradsstyre 1920–1937, dei to siste åra som ordførar.

Ola Perstølen gjekk to vintrar på Voss Folkehøgskule hos Lars Eskeland og Olaus Alvestad og vart sterkt påverka av desse to folkehøgskulemennene. Han brann for tanken om ein folkehøgskule i Hallingdal og var formann i Hallingdal Høgskulelag frå laget vart skipa i 1938 og til 1955, styremedlem til 1961. Likeins var han den første styreformannen for Ål Bygdamuseum frå museet vart grunnlagt i 1924, og han sat som formann til 1957. For langt og trufast arbeid for målsaka vart han i 1964 utnemnd til æresmedlem i Noregs Mållag, og for innsatsen for fråhaldssaka fekk han Klostermedaljen. Ola Perstølen vart også heidra med Kongens fortenestemedalje i sølv.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s