Meisterdansaren Arnfinn Breie frå Ål

Spelemannsbladet nr. 1, 1953: «Kva namngjetne menn seier om folkemusikken i dag»

«Ja, bladstyraren for «Spelemannsbladet» vil gjerne nemne kva eg svara på eit spursmål då tvo kjende hallingar – ein spelemann og ein kåsør – hadde hatt ein halvtime i kringkastinga: No greidde de opp for kringkastingsavgifta eg betalte her ein dag. – Og det er so. Eg lyer jamt på desse 1/2-timane, og jamt nyttar eg høve til å høyra fela. Best likar eg meg då eg høyrer den rotekte takten i halling- og valdresspringar, eller i lauslåtten. Det er vel det at dette har eg frå barnsbein av, då eg som ung gut høyrde Tor Grimsgard (Brattesteden), Dekken og Eivind Holebakken. Det var karar som ikkje bytta takt. Flinke dansarar var dei, og kjende nok til kva slags spel og takt hallingutar og gjenter vilde ha.

Det var elles rart at Tor Grimsgard brukte so ekte hallingtakt, for han spela mykje i lag med Lars Fykerud på marknadene (Kongsberg og Drammen) – Denne ha eg lært tå «Fikerue». – Han var nesning og brukte gjerne i istaden for y. Då eg seinare har høyrt låttar etter Fykeruden kan nok ikkje eg kjenne att, korkje takten eller låtten. Men det kjem seg vel av at eg ikkje skjønar meg vandare på spel, og gløymer gjer ein vel og på 50-60 år. Men ei bøn har eg til hallingspelemennene: Hald på rytma, hald på takten. Byter ein inn noko anna, so taper ein dette eggjande, dette lyftande, dette som er sermerkt for dalen, og som gjer at ein snautt kan sitja i ro sjølv om ein vert rekna for å vera «ein gamal mann.» Hallingspelet er sovist ikkje simplare spel enn spelet åt andre landsluter, og det som er sermerkt for dalen, på same måten som telemarkingane og vestlendingane rekk til topps med det framifrå fine spelet som gjerne er sermerkt for desse bygdene. På same måte er det med dansetakten. Mister ein dansar takten, anten det er i springar eller halling, so er det eit stort minus for dansaren.
Jamvel i hallingkast som ifrå gamalt har vore og skal vera ein del av dansen, må dansaren vera i takt snøggast mogeleg, då han kjemned frå lufta. Og ein god dansar vilde jamt ha ein god spelemann, ein som ikkje bytte takt, til å spela. Ja, sjølv om det gjalt berre kastet, måtte dette flettast inn i takten, spelet og dansen.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s