Lykkjedansen

Lykkjedansen
09.02.2016

lykkja
Bilde: Fjellbygda Lykkja i Hemsedal

Folkloristen Svale Solheim gir i boken Norsk sætertradisjon fra 1952 en interessant skildring av spel og dansartradisjonen slik den utfoldte seg i gamle dager i grenseområdene mellom Hallingdal, Valdres og Sogn. Den såkalte «Lykkjedansen» var en av de viktigste møteplassene for dansere og spelemenn fra Hallingdal og Valdres.

I boken til Solheim heter det som følger:
«Dei fleste stemnene vart haldne i veståsen, i grensestroka mot Sogn og Hallingdal. Berre frå Halling-grensa gjev Valdres-tradisjonen opplysningar om ti stemner. Etter lægjet byter dei seg tydeleg i tre grupper. Lengst nord, på Halling-grensa mellom Nord-Aurdal og Vestre Slidre, vart Lykkjedansen halden. Om den er det opplyst: Lykkjedansen vart halden andre sundag i august på Kjøle, ein fjelirygg mellom Storevatne og hallinggrendi Lykkja. I seinare tid stod elles dansen på ein dansarfest midt i Lykkje-grendi. Kvinnor og karar kom ridande til stemna i fullt helgedagsskrud. Når hestane var avsala og slepte, bar det til å helse på kjende og vener og tala med dei om nytt og gamalt.

Snart sette spelmannen seg på Spelmannssteinen, og fela tok til å ljome. Så tok dansen til. Og brennevinsfiaska gjekk snart frå munn til munn. Det gamle vikingeblodet tok til å koke. Gamal agg livna opp att. Hemngiren kunne bli vill. Då losna ofte tolknivane i slira. Eller dei kasta seg på hestane sine og greip låsheldone og brukte dci til handyvie, medan dei reid mot kvarandre i dragande tan. Ofte flaut då blodet i straum».

På Lykkje-dansen var det serleg folk frå Vestre Slidre og Ulnes-sokna i Nord-Aurdal som sette stemne med hallingane. Og det gjekk sjeldan fredeleg for seg. I samband med dansen og drikkinga vart det nok haldi ulike slag tevlingar, og dette førde jamleg til strid og stundom blodige slagsmål. Og det er just slagsmåla og kjempene tradisjonen har mest å forteija om. Det var dette som vart haldi for å vera mest sogulegt. Bygdene kappast om kven som hadde dei sterkaste karane. Ein heimeismann
fortel: På Lykkje-dansen gjekk det ofte heitt til.

Ein gong valdrisane hadde jula hallingane, sende desse bod til Vaidres at neste sumar skulle dei vadrisane som ville på Lykkje-dansen, ta med seg likskjorte og likferdsbrennevin. No hadde dei i Ulnes den tid mange jølegode karar, slike som Elling Ulnes, Hølji på Juv’n og ein sersjant eg ikkje hugsar namnet på. Desse karane let seg ikkje skræme av trugsmålet til hallingane, men møtte opp på Lykkje-dansen. Dci hadde med seg ein fempotting brennevin og var godt væpna. Straks dei korn, krulla hallingane seg kring dei.

Han Hølji og sersjanten vart redde og tok spranget. No var Hølji så uheppen at han snuvia i ei tuve og stupte. Hallingane kasta seg over han og skar han stygt forderva. Hin kasta seg på Fløt’n og svamde over medan steinregnet suste om han. — Elling Ulnes fekk ei låshelde i hovudet, så han seig ned. Hallingane fata så trøya hans og vrengde ho over hovudet på Elling. Då vakna han Elling atti, fekk spennetak i trøya og kløyvde ho. Så spratt han opp og skalla seg plass bort til ein haug bjørkeved som låg der. Der fata han ei ræle og slo plassen torn. Så rusla han på stølen sin att. Hitt året møtte òg Elling opp på Lykkje-dansen. Då gekk den sprækaste hallingen bort til Elling og spurde om han torde fylgje han på to mannshand. Jau, e ha aldre vøre redd nokon!. sa Elling. Då karane var komne or augesyn, spurde hallingen om han kunne få dragast med Elling. Karane tok då tak, og Elling la hallingen i bakken, så det song i han. Kreis de no, so ska mø ta eit tak te!. sa Elling. Nei, når du e slik kar, so får de vara nokk., sa hallingen og baud Elling handi si, og så bad han om at dei måtte vera vener. Så skjenkte dei kvarandre, og båe vart frå den tidi dei beste vener.

Gamle Skrindsrud’n i Nordre Etnedal var slidring. Om ein Lykkjedans fortalde han: Ein sersjant Bø va ei sleto te kar; spræk, fjørin o upplagd te sløst. 0 so va’n so brennande frisk te springe. Ein summar møtte ogso han upp på Lykkjedanse, o de vart so vanle bisme o sløsting me hallingo, O juling fekk dei, dei so ybba se. Men då hyvde hallingadn se på hestadn si, rei ette hono, slo me låsheldo o prøvde o ri hono ne. Då vart de før heitt før hono; då la ‘n på sprang åver ei blaut myr, o soleis kom ‘n
undå dei. I fråsegnene frå Lykkje-dansen får vi høyra om ein kjempekar som også sies er veikjend i den folkelege tradisjonen: Røtneims-Knut frå Gol. Det er til han det vidgjetne slåttestevet er knytt:
Røtneims-Knut, leug og mjuk, det finst ikkje kar som kastar ‘n ut’.

Denne Knut gjekk frikar på fleire stemner, er det fortalt. Han hadde tilknyting til Vaidres, med di kona hans var frå Ranheims-bygda i Nord Aurdal. Han var ofte på Lykkje-dansen: Ein gong var det ei kjempe frå Valdres som ville kaste ei helle mot han. Røtneims-Knut gjekk med ei låshelde i handi. Denne kjeste han til valdrisen med og råkte han på augnebruni, så ho seig ut over auga. Han greip over augnebruni og drog ho oppatt. Då vart det så mange valdrisar om Knut at han spratt tå hesten sin og bort åt eit vedlad og tok til å kaste ved etter vaidrisane. Då kom hallingen Halvor Svang og fekk freda uroi nedatt».

Arne Bjørndal gir i sin bok ‘- og fela ho lét : norsk spelemannstradisjon’ i tillegg følgende beskrivelse av disse arrangementene: «Somme felldansar har yore meir omtykte av spelemennene enn andre, og det er særleg fire fjelidansar dei fortel om: Vasetdansen, Lykkjedansen, Raudalsdansen og Raumyrdansen. I.ykkjedansen var den mest vidgjetne av dei gamle fjelldansane mellom hallingdølar og valdrisar. Han vart halden nedafor Lykkja ved Teslien på ein plass dei kalla Dansarfeten. Det frægaste spelemenn og dansemeistrar i Hallingdal og Valdres møtte opp til Lykkjedansen. Mellom desse t.d. meisterspelmannen Jørn Hilme frå Valdres og lausdansaren Knut Rotnheim frå Hallingdal. Lykkjedansen vart halden fjerde helga etter Jonsok. Ved dugurdbel møtte folk fram, ikkje berre ungdom, mange eldre var og med. Dei sprekaste karane og kjempene kom ridande til vangs, dei brikte og bura som kom dei til hestekamp. Dei slo kvarandre med låshelda, krangla og kytte og baud seg ut; og mangt eit flekket hovud og rive kinn var å sjå før siste låten let på Lykkjemo.

Ein iligjeten Lykkjedans vart det året 1823. Alt dagen før stemna tok til, kom dei sprekaste valdrisane ridande til Lykkja. Del terga hallingdølene med å rida beinast gjennom åker og eng og senda spitord til folk dei for framom. Dette var laurdag. Sundagen då dansen tok til, bar det ihop med heile hurven. Hallingar og valdrisar gekk med kniven laus mot einannan og «merkte» motstandarane sine. Det var reint ein bardage. Hallingane jaga vaidrisane føre seg og sette manngard på dei som var det ein flokk vargar, og medan dei fælaste skjellsord og eidar susa mot dei vikande vaidrisar, hivde hallingane vedkubbar som kastespyd etter dei. Det vart ei hard ote for del som veik unna, og berre ein einaste av dei 30 valdrisane kom frå dette tåke «Lykkjeslaget» utan merkande mein. Siste Lykkjedansen vart halden den 20. juli 1851. Det møtte lite folk fram då, berre ein liten flokk. Og då spelemennene eva seg på å fara dit, vart det lått i fjella. Musikken som kveikte og hygde var borte».

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s