Jørgen Husemoen einaste aktive spelemann i Nes Først publisert i Hallingdølen 1940.

Det har visstnok aldri voro svært
mange spelemenn i Nes nokon gong,
men så få som nå har det knapt vori
før. I game dagar hadde alle fall
Nes ein av dei fremste spelemenn i
dalen, nemleg Tor Grimgard. Lud-
vig Larsen har også vore ein av spele—
menno i Nes, men nå har han heilt
slutta, blir det fortalt oss. Den ein-
aste som då er att er Jørgen H u s e-
m o e n, og han driv det ikkje serleg
hardt han heller, så det ser ikkje bra
ut for den hallingdalske folkemusik-
ken i Nes. 0m ikkje nye spelemenn
snart dukkar opp.
Har du spela alt frå du var små-
gut, spør eg Husemoen.
— Nei, eg byrja ikring 17-årsalderen.
— Var du din eigen læremeister?
— Ja. heist det, men eg høyrde ofte
på Tor Grimsgard og Ludvig Larsen
i den tida-
— Dreiv du hardt på i førstninga?
— Jau, dei førsta 5—6 åra spelte eg
mykjo.
— I brudlaup?
— Av og til.
— Har det vori spoiemenn før i ætta
— Ja, — eg er forresten i slekt med
Tor Grimsgard, og elles er der sumo
andre og av folket mitt som spelar.
— Har du tevla på kappleiker
— Ja, eg har prøvt det og nokre
gonger.
— Spelar du mykje i ungdomslaget
her i Nes?
— Før spela eg mykje der, men nå
er det slutt. Ungdomen vil ha drag-
spel og runddans, det nyttar lite
å koma med fela der. Detto gjer sitt
til at eg spelar mykje mindre enn før.
Det blir litt for keidsomt å berre spele
for seg sjølv. Skal interessa halde
seg må ein ha høve te å vera saman
med andre spelemenn og læra nytt
spel.
— Så du har minka med spelinga?
— Ja eg spelar svert lite.
— Kven av spelemennene i dalen
likar du best?
— Dei har kvar sitt spel så det er
ikkje så greitt å seia noko om det.
— Er det ikkje unge spelemenn i Nes?
— Nei, det trur ikkje det finst.
— Held du dog berre halling-
Spel?
— Nei, eg har då lært noko tele
markspel og vestlandsspel, m. a. lærde
eg ein del av Lorentz Hop.
— Du får spela ein slått etter Tor
Grimsgard.
Han set seg tilrettes og spelar «Sor
tebergen» etter Grimsgard. Eg sit og
lyder, og synest det er leidt at bygda
som fostra meistarspelemannen Tor
Grimsgard ikkje lenger vil verna om
arven hans. Ja, for Jørgen Husemoen
nevner til slutt at han er i ferd med å
kvitta seg med fela, og gjer han det
blir det ingen spelemann i Nes- Men
vi vonar at nye muslkalske renningar
snart sprett opp og bergar ættararven.
S.H.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s