Hulda Garborg om folkemusikken i Hallingdal

Fra Den Norske turistforenings årbok for 1927.

«Store stemne med tevling i spel og dans, dragsmål og mang ei drug moro vart i gamal tid haldne på «Branes» og Kongsbergmarknaden. Der møttest då hallingen med valdreskarar og Numedølar og då var hallingdansen den gjevaste. Han vart dansa i mange bygdir, men ingen vann på hallingen i den leiken. Å vera meistardansar var likso gjevt som å vera meistarspelemann, og det var nøgdi av båe slag. Småguten tok til å freiste seg i kast og sprett og mjukt ganglag alt frå han var reint liten. Det skulde både tame og tolmod, sprekleik og mjukleik til å bli ein fullgod hallingdansar. Men so kom pietismen dersom so mange andre stader og fekk burt all moro; sjølvsagt kom då ei nedgangstid for folkemusiken og dansen. Men i si beste form er denne dansen ein god leik for frisk ungdom. Framifrå både som moro og idrott. Det som skjemde dansen var drikken. Fulle folk vart ville i leiken som i alt anna. Som vel er hev mykje av den beste ungdomen no lært, at det gjeng an å vera både stordansar og storspeleman utan å drikke seg galin i brennevin.

Av dansar der kvende er med hev Hallingdal ein god springar, fast og stilfull til slåtta sonersemerkte for dalen. I seinare åri trivst songdansen godt i dalen, og det er sumt som tykkjest tyde på, at det hev havt stevdans i Hallingdal i eldre tid. Soleis fortel den svenske forfatterinna Fredrika Bremer i «Strid och Frid eller några scener i Norge» (Stockholm 1849) frå ei vitjing i dalen: «Knappast kommo flickorna in på dansplatsen, förrän tvänne bönder i hallingkoftor och breda bälten om lifvet kommo dansande fram imot dem i det alla söngo följande bygdevisa:
Å eg æ ungkar og eg æ ærleg
å eg æ sonen hans Gullik Bø,
å vil du væra meg tro og kjærlig,
så ska du verta mi ægta mø.

Den unge bonden fattade glatt och artigt flickans hand og förde henne upp i en munter springdans som dansades under song.» Denne «visa» vert plent eit stev, segjer R. Steffen, når ein byter um andre og tridje lina, og liknar på dette steve frå Telemarki:
Å eg er ungkar og eg er ærlig
og vil du ha meg so er eg færdig;
og vil du ikkje so råd deg sjølv,
eg hev sit finare gjente førr.

Men stevjing høyrer ein no aldri i Hallingdal; eldre folk som er fødd i dalen segjer at del aldri hev høyrt likt til det. Heller ikkie folkevisor finn ein der; so det synest soleis som hallingen er mindre lyrikar enn Teler og Setesdøler. Fru Kaja Bruun, doktorfruva i Ål, som hev budd i dalen mest heile sitt liv skriv i brev til meg: «Samla stev frå Hallingdal finnst ikkje. Eg hev aldri høyrt dei stevjast her uppe.» —Men vonleg hev Hallingdal havt meir av visur og stev enn me no veit um. Ei stor vise, «Torekall», som Ivar Mortensson hev teke inn i merknadene til umsetjingi si av Trymskvida er funne i Valdris skrive på Hallingmål. Kvar ho er dikta veit dei ikkje. Allvisst er det i segnir frå Hallingdal i eldre tid merke etter stev. Um stavelofti i Ål finnst eit vers som lyer slik:

Når Stavekjelda bi turr
å Stavekamaren full
ska verdi gå urnsull.

Og da «Aksisen» på Branes tok smørlasse til Håkonsgarden og kjøyrde på «råstugu», av di han var so dum at han vilde kjøyre framum del (for å sleppe bytoll) fysste marknadsdagen, og han dagane etter fekk sjå ein «aksisebetjent», kunde han ikkje få gjort dei anna prette, enn han kvo eit stev aat dal som lye so:
Å trettan pund og fjortan merk
de føngo dæi Posekikaradn i sin sekk.
Ein hailing som hadde skamslege ei kjempe på Branes-marknaden avdi
denne hadde stege den magre merri hans ikolt «kvo alt stev som detta va i:
Men mi rauk fyr de,
men so rauk du, Ryte! atte fyr me.
Desse små provi syner godt nok at alivisst nidstevdiktingi hev vore levande i Hallingdal som elles i norske bygdir. I det heile, «Gamalt mål og felelåt, dikt og hallingdans» — som Vinje segjer, hev vonleg høyrt i hop i dalen. Men, liksom «inkje all tanken kjem i pungen», so kjem ikkje heller all dikting i bok. Wergeland gjekk i si tid og undrast på um ikkje Norig åtte ei folkedikting. «Skulde en slik malende folkemusikk være uten tilsvarende ord?» sa han. Det same kann ein idag segja um Hallingdal. Me veit det ikkje. Men heile folkelive i dalen syner oss at hallingen ikkje hev vanta diktarhug og skapande kunstnarevne».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s