Herleik Kvanneberg

«Helleik Kvanneberg, som enno lever, noko lite over dei 80, er ein fin spelemann,
trass i dei svære fjellmannsnevane. Han har grepet, kann ta det. Far hans var
lesar og vilde ikkje vita av felespel. Helleik fekk vita at den Vonde sat i fela. Likevel
lærde han fyrste låtten då han var tre år gamal: Han fekk vera med i eit gjestebod,
og der let Brøten. Helleik krabba upp i høgsetet til han, og sat der heile natta.
Når Brøten tuta med mea han spelte, trudde Helleik det var den Vonde som sat i fela og tuta. Men han vart ikkje redd; han gjekk ut frå at det skulde so vera, det. Dagen etter let han heile «Silde-Pen, – den låtten hadde han lært um natta. Då lo dei godt av han. Den fyrste fela han hadde, gjorde han sjølv, av ei fjøl som han sette strenger på. Når han sette ho inn til klokkekassa og strauk på ho, song det so det runde. Far hans gøymde fela for han, men han fann ho att. Då knuste faren
ho mot ein vegg.

kvanneberg 3

Mange år etter fekk Helleik eit trekkspel. Og det var ikkje so gale
å spela på. Han spelte endå til dans på det. Men so hende det at han hadde ei
kyr ute på leige hjå Leina, og Leinen vart skuldig honom eit pund smør. «Du kann
få felat, sa Leinen. Og då vart det speling! Det var ei god fele. Knut, son hans
Asle Vangen, hadde gjore ho. Låttane lærde han tå Brøta og Skøra, men og mange
av dei som let med kjafte. – Helleik dyrka mest musikken berre for musikken si skuld.
Han laga slåttar og, soleis ein som han kalla ~Orrhanen*. Det er ristetak og kuldringar
i han, som du høyrer orrhanen. Han laga og ein lausslått, men han har ikkje
noko namn. «Når ein går ved æna og det blæs, er lufte full av rytme og musikk; det læt rundt ein og over ein. Då er det berre um å gjera å ha fela og feste det til
strengene med ein gong, so har ein dei finaste slåttane. Nordover etter å’n i Skarsetlien
er det mykje slik fin musikk,>> seier Helleik. – Helleik har ikkje spelt so mykje
til gjestebod og dans, men t:i 30–40 lag har han nok vore i. Ein speleo1ann kunde
tene 30-40-50 kr. i eit gjestebod. I stoldansen gav folk 0,50-1-2-5 kr., –
det hende dei gildaste gav kr. 10. Då vart det ikkje so lite; for i stoldansen skulde
dei alle. Det gildaste gjestebodet Helleik let i gav kr. 87 på 6 timar. Då syster
til Helleik gifte seg, vara gjestebodet i 8 dagar. Dei hadde Leine n til å spela, so
han kunde tene dei pengane. Han tok inn l l spd. (kr. 44) i det gjestebodet.
Ola Hågensen (Viken), som no er over 80 år gamal, var heller ikkje nokon dårleg
spelemann. Han var og brukt til dans. – I seinare tid har det vore mange felespelemenn
i Hol, fleire av dei er dugande, t. d. Lars Brusletta, Olav Hanson Foss og
Kristian Øvrevollseie, o. fl. Kristian spelar både til festar og til bryllaups og har
mange premiar frå kappleikar. Han har det i blodet. Bestefar hans var Ola Lein».

Frå Folk og fortid i Hol

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s