Ungdomslaget Vårvon – durspelemenn, meisterdansarar, prillarhornblåsarar og felespelarar

vårvon

Fyrste rekkje frå venstre: Tomas Breiehagen, Asle Viken, Ola Skrien, Per Perstølen, Knut
Underberg — Tune, Helge Brenno, Pål Kleiven, Lars L. Strand, Hans Bekkestad,
Andre rekkje f.v.; Kristian Bakko, Tor Bekkestad, Asle Djupedokken, Asle Perstølen,
Knut Sandåker, Arnfinn Breie, Nils Sundbrei, Svein Djupedokken, Ola Storemyr, Tolleiv
Perstølen, Lars Sandåker,
Tredje rekkje f.v: Guri H, Bekkestad, Anne Teigen, Ragnhild Bekkestad, Ragnhild
Underberg — Tune, Kari Sandåker, Margit Dokken, Mari Breie — Strand, Birgit Venedokken
— Bergo, Margit Breie, Åse Viken,
Fjorde rekkje frå venstre; Anne Sundbrei — Bekkestad, Halldis Perstølen, Guri Tunehago,
Femte rekkje frå venstre: Spelemann Eivind Hollebakken, Eirik T. Breie, Ola Breiehagen,
Asle Strand, Levor Jorde, Svein Breiebakko, Lars T, Sandåker, Ola A, Viken, Syver Storestøl — Bergo,
Sekste rekkje frå vinstre: Erling H. Bekkestad, Knut T Breie, Svein T. Breie, Erling T.
Bækkestad, Knut T. Sandåker.

Meisterdansaren og foregangskvinna Margit Breie

bjørndalbreie
Margit Breie tok 2. premie i springdans saman med broren Arnfinn ved kappdansen i Bergen 1908. Frå venstre på bildet: Arnfinn Breie, Kaja Brun, Margit T. Breie, Knut Underberg, Sissel T. Breie, Sigvat Tveito, Randi Bråten Sandbakken og Torleiv Noss. Spelemann er Arne Bjørndal.

margit breie

Ola Perstølen var formann i Ungdomslaget Vårvon i 1898—99, 1900—01 og 1901—02. I 1899—00, då 0. Perstølen var pâ Voss folkehøgskule, var Torleiv E. Bækkestad for mann, og han og Margit Breie, som var næstformann, skiftest då um å styre møti. Etter jol 1901, da Ola Perstølen var i Drammen, var Margit Breie helt aleine um arbeidet som formann. — Margit Breie har gjenom heile holken 1899— 1908, medan Vårvon levde, vore ei av dei berande krefter i laget, og fungert stundom som vald formann, men oftast som «fungerande» eller «vikarierande formann. Dei andre formenn har vore: H. 0. Strand 2 år, Arnfinn Breie 1 år, Lars Strand 1 år og Sissel Breie eit halvår.

Breie, Knut T.

knut t breie

Knut spelte godt på prillarhorn.

Skrien, Ola Tolleivsson Sandåkerøyen 02.09. 1882—1935

ola skrien
Gm Guri Olsdtr. Hallingstad frå Hol. «Ola Skrien let mykji, både til dans og elles. Hadde fyrst einrader, men var den fyrste som fekk to-rader», (Sandåker).
Ola dreiv måling og rosemåling i unge år. Han kjøpte Sandåkerøyne hjå mora i 1913. Han var ihuga jeger og bar ofte vilt heim att. Frå 1900 og utover tok han del i skisport og skyting. Han dreiv postkøyring til Hol. I 1921 selde han Sandåkerøyne og kjøpte eigedomen Sundby, bnr. 137. Her dreiv Guri kafé og utleige av rom. Etter brannen på Sundre bygde Ola Skrien nytt hus i 1932, kalla Skrienhuset eller etter kvart Ål Hotell. Postkøyringa heldt fram. Ola og Guri omkom i ei flyulykke på Strandafjorden langfredag 1935. Selskapet Norsk Lufttrafikk dreiv taxiflyging med ein femsetar, ein kastevind tok flyet, og fire personar omkom. Bror til Guri, Lars Hallingstad overtok eigedomen og gjorde han om til Ål Hotell frå 1936.

Eivind Hollebakken

hollebakken vårvon
Torleiv Perstølen beskriver Eivind Hollebakken i sin notatbok «Eit og anna um gamle spelemenn i Ål i Hallingdal» frå 1946: «Det var helst Asle Øyno og Myreguten Hollebakken høyrde mest og lærde av i sin ungdom. Men han var aldro hjå nokon i lære. Asle Øyno kyter han særleg av. Han spilte fint, segjir’n. Han vart tidleg gjestebodssppelemann. Og det var for det meste han som hadde spelingi her i Øvre Hallingdal, Ål og Hol. Berre sume av dei gildaste henta Bratteste’n (Tor Grimsgard) frå Nes. Eg har høyrt sagt etter Bratteste’n at han heldt Hollebakken for å vera beste spelemannen i øvre Hallingdal».

Perstølen, Per Olsson Sundbreihaugen 01.05. 1847—1923

per perstølen
Foreldre: Ola Aslesson Sundrebråten Sundbreihaugen og Haldis Olsdtr. Bergsgard.
Gm Margit Tolleivsdtr. Bekkestad Perstølen 30.10. 1853—1941
Margit var flink til å syngje, Per spela godt på fløyte og munnharpe.

Underberg, Knut Torsson Breieøyen 21.03. 1875—1922

knut underberg
Foreldre: Tor Knutsson Lappegard og Borghild Jonsdtr. Kvamshaugen, (Hol).
Gm Ingebjørg Tolleivsdtr. Skrien Underberg 02.09. 1871—1964
Knut var ein av dei beste dansarane i dalen. I ungdomen hadde han vore to år i skomakarlære i Drammen. Knut og Ingeborg dreiv garden ei tid, men så svikta helsa hans Knut i 1914. Han dreiv med skoarbeid så langt helsa tillet det, og døydde i 1922.

Asle Perstølen

asle perstølen
Asle spilte fele

Djupedokken, Asle.

asle djupedokken

Asle var flink til å låte på ein-rader (Kilde: Sandåker). Asle Aslesson Tangeviken Skrien 08.04. 1879— Foreldre: Asle Olsson Djupedokken Tangeviken og Birgit Olsdtr. Eivindsplass (Skurdalen) Breieeie. Gm Mari Eilevsdtr. Halingstad Skrien 14.08. 1879—1953. Foreldre: Eilev Olsson Stølen Halingstad og Anne Ellingsdtr. Rueberget, Hol.
Asle og Mari hadde ingen barn. Fosterbarn: systerdotter hans, Ågot Andersdtr; Gudrun Olavsdtr. Moen f. 1920, sjå Sundbreijordet år 1913.
I 1900 var Asle skomakar. Han var i Amerika nokre år frå 1908, men kom attende til Ål
og kjøpte Skriu i 1912. Asle var fast meteorolog i Strandafjerdingen. Han las av ymse trepinnar på veggen, og hadde oftast brukbare svar når grannane lurte på kva vêr som var i vente.

Sandåker – Knut, Lars og Olav.

lars sandåker
Lars Sandåker

knut sandåker
Knut Sandåker

«På Sandåker var det tre som spelte på fele. Dei sa at Lars spelte finast. Ingen av disse dreiv det til noko meir enn husbruk, men dei kunne avløyse rette spelemannen når det kneip». (Sandåker).

Breie, Arnfinn Tolleivsson 21.07. 1883—1960
arnfinn breie
Foreldre: Tolleiv Larsson Skottebøl Breie og Kristi Eiriksdtr. Noss.
Gm Kari Syversdtr. Luksengard Breie 28.07. 1899—1978. I unge år var Arnfinn ein spretten kar som gjorde det godt både i skiløypa og på dansegolvet. Når han dansa laus, vart det stllt i stugu. Arnfinn var også innehavar av 3. premie frå kombinert renn i Holmenkollen, han var ein av dei fremste skiløyparane i dalen. I 1913 fekk han ein tur til Berlin. Lessing-theateret sette opp framsyninga Peer Gynt, og hyra Arnfinn til å danse laus og Asle Perstølen til å spela fele. Arnfinn kjøpte Tjødndalen i 1899 for kr 3600 og kår. Arnfinn var ordførar i til saman 18 år, og hadde ei rekkje kommunale verv. Han fekk Kongens fortenestmedalje i gull. I 1923 skreiv bladmannen Anders Mehlum: “Altså er tusenårsriket kommet til Aal. Ordføreren (Helgesen) er ytterste Høyre og varaordføreren (Breie) decidert Venstremand!”

Perstølen, Torleiv

tolleiv perstølen
Dei ville ha det til at han Tolleiv var den beste tå felespelaren tå Ola, Asle, Erling og han, men han var smålåten, så det var kje så jamt me fekk høyre han spela (Sandåker).

Av Olav Sataslåtten.

Kilder:
Bilde: Ål bygdearkiv
Torleiv Perstølen: Eit og anna um gamle spelemenn i Ål i Hallingdal: Notatbok frå 1946, bevart i Arne Bjørndals samling ved Universitetet i Bergen.
Ungdomsrørsla i Hallingdal: Hallingdal fylkeslag 1927-1977 : 75-års festskrift. Forfatter: Lilleaas, Olav. Medvirker: Reinton, Sigurd S. Svarteberg, Kristen. Publisert: [S.l.] : Fylkeslaget, 1983.
Ål bygdebok
Sandåker, Olav: Ei spelemannsgrend, Dølaminne 1976

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s