Spelemenn frå andre dalføre som besøkte Hallingdal i perioden 1916-1940

Av Olav Sataslåtten d.y.

Når vi tar for oss aktivitet knytt til spelemenn frå andre dalføre som har gjesta Hallingdal i eldre tid er det med det for øye å kunne peke på mulig samkvem med spelemenn frå Hallingdal, og der i gjennom danne oss et inntrykk av mulig utveksling av slåtter.

Både ut frå jubileumsboken til Hallingdal fylkeslag, andre bøker, tidsskrifter og avisreferat kan det virke som det var en svært lav frekvens av spelferder med spelemenn frå andre distrikt til Hallingdal i perioden 1917 til 1950. Frå boka ‘Ungdomsrørsla i Hallingdal : Hallingdal fylkeslag 1927-1977 : 75-års festskrift’ vet vi at Fylkeslaget har sendt ymse spelemenn på spelferd kringum i einskald lagi. Soleis Lars Osa, 1908. Arne Bjørndal, 1916. (med foredrag um norsk folkemusikk), A. Viken, 1919, Kristiane Lund, 1920, Per Berge. 1920 og Kjetil FIatin i 1927. Frå skyldfolket til den svært innflytelsesrike tradisjonsbæraren Ola A Strands veit vi at følgjande spelemenn var innom hos Strand: «Mange kjende spelemenn var innom på Vangen og lærde låttar. Lars Osa var der fleire gonger og likeeins Kristiane Lund, Torkjell Haugerud, Olav Moe og Truls Ørpen». Det er nærliggande å tro at i alle fall Bjørndal, Lars Osa og Kristiane Lund vitja Strand på dei årstala som er nemde i Hallingdal fylkeslags sin bok.

 

bjørndal hallingdansere to
Springardansarar frå Ål som var med i Bergen på kappdans i 1900. Frå venstre:
Arnfinn Breie, Kaja Brun, Margit T. Breie, Knut Øyn Underberg, Sissel T. Breie,
Sigvat Tveito, Randi Bråten Sandbakken og Torleiv Noss. Spelemann er Arne
Bjørndal.

Den 10. april 1917 spilte Arne Bjørndal på en tilstelling i regi av Ål mållag. Det heter i referatet at han også song en del av skjemtevisene sine. Ut frå korrespondanse mellom Bjørndal og Erling Bækkestad på Ål (bevart i Ål bygdearkiv) ser vi at Bjørndal fattet interesse for hallingspelet og tradisjonen i dalen i alle fall så tidlig som i 1916, om ikke før. Magne Myhren skriver at Sevat Sataøen utvekslet låtter med Bjørndal:»ein som fekk mykje av Bjørndal, men som gav mykje au, var Sevat Sataøyn.

sataøensanderstølenresize1
Sevat Sataøen mala av Aslak Sandestølen

For kvar slått Bjørndal skreiv opp etter Sataøyn, laut han læra frå seg ein slatt i byte. I godt lag spelte Sevat desse slåttane: «Lurheimen», «Toloen», «Fjellmanngjenta», « Bjølleslåtten», «Sevlien» o fl.»

Den 17. juni 1918 spilte Haldor Meland på en fest på Gol i regi av Hallingdal fylkeslag.

Asbjørn Storesund skildrar i sin bok ‘Høyrer du Tårån? : meisterspelemannen Torkjell Haugerud’ et møte mellom Haugerud og spelemannen Ola A Strand i Ål. Dette skal ha vært i i 1932, men allereie 13. juni 1920 spilte Torkjell Haugerud ved Hallingdal fylkesslags Årsstemne på Ål. Det heter i referatet at «Ved nonsbil samla mange menneskjer seg på stemneplassen (ikring 800). Veret var framifraa. Dr Torstein Høverstad tala djupt og alvorleg um nasjonal uppseding. Dertil var det foredrag av høgskolestyrar Jakob Naadland og presten Andersen. Baae to vart høyrde med stor interesse. Innimillom spela Torkjell Haugerud paa hardingfela».

haugerud 9
Torkjell Haugerud

Storesund har ikkje funne dokumentasjon på at Haugerud spilte i Hallingdal etter 1932. Han skildrar i boka at Haugerud verkeleg ønskte å spille igjen i dalen, og lagsprotokollen til Ål spelemannslag 1932-1938 viser at Haugerud spilte på Solhov søndag 4. februar 1934: «Sundag 4. febr var det møte att. På dette møte var ikkje S Sataøen tilstades, so det vart då berre øvd på nokre av dei slåttar me før hadde lert. Etter møtet helt Torkjell Haugerud frå Telemark konsert på Solhov. Lagets metlemer nytta da høve til å høyre denne meisterspelemannen».

strand
Ola A Strand

Frå avisa Den 17de mai kan vi lese at mesterspelemannen Olav Moe frå Valdres gjesta dalen med konserter i april 1920. Han spilte på Nesbyen den niende og på Ål den tiende april.

olav moe 4
Olav Moe

I forhold til Steingrim Haukjem ser vi frå avisreferat at Hallingdal fylkeslag hadde formannsmøte 10. og 11. april 1923. Det heter frå dette referatet at «Laurdagskvelden var sendemennene gjester hjaa ungdomslaget Fram. Fru (Kaja) Bruun ynskte møtelyden velkommen. So les E. Ellingsrud upp det handskriven bladet. So var det kveld med rikeleg mat og kaffi, hugnadleg svall, og slaattar fraa haringfela av Steingrim Haukjem fraa Numedal». Senere fikk alle appelsiner, og Kristi Perstølen spilte noen slåtter på langeleiken. Festen sluttet ikke før ut i de små timer. Søndag kveld spilte Sevat Sataøen på Solhov.

haukjem ludvig larsen
Steingrim Haukjem og nesningen
Ludvig Larsen under en kappleik
i Oslo i 1923

Det må ha vært kontakt mellom den kjende numedalsspelemannen Steingrim Haukjem og storspelemannen Eivind Hollebakken i Ål. Torleiv Perstølen skriver i sin notatbok frå 1946 kalt «Eit og anna um gamle spelemenn i Ål i Hallingdal» følgende om kontakten mellom Hollebakken og Haukjem: «Men kring 1890 slo ungdomen i grendi seg saman og tinga fele åt han hjå Knut Ellefsen Steintjønndalen på Telemarki. Ho kosta 90 kronur. Perlemor på butt og kantar og elles so blank at det glitra. Den fela krasa’n aldri. Men då han tok til bli gamal og dreiv minder som spelemann let han ein av sønene sine få fela i pant for noko pengar. Guten selde fela seinare til ein spelemann frå Numedal, Steingrim Haukjem. Men han gamle Eivind syrgde og lengta etter fela si. Han var då å segja utan fele i fleire år.

hollebakken utsnitt
Eivind Hollebakken kring århundreskiftet.

Ein son hans som er heime og fer med å spelar hadde nok ei fele, men det var som so like med ho, totte gammalen. Ein gong han skulde spela i eit gjestebod fekk han låne fela mi. Den likte han so framifrå godt. «Det er fele, det» sa’n. Han vilde fått kjøpt ho. Han Knut, son hans, skreiv til Haukjem for ei 2-3- år sidan um han kunna få kjøpe att fela. Han svara at det er beste fela han har, men då det er han gamle Eivind som ynskjer å få att fela si so lyt han vel la ho gå, lell. «Men ho vert dyr, eg har kosta ho 1000 krunor”, skreiv han. Då sa’n det han gamle Eivind: «Ja, hadde eg so sant ei kyr som eg kunna selja for 1000 kr, so selde eg ho, og kjøpte att fela». Det var ein 82 år gamal spelemann som sa dette. Eg kom i hug han «Per Spelemann». Men sonen kjøpte fela so no hev då gammelen fenge sett att gamlekjærasten sin, iminsto».

I 1926-27 gjesta Kjetil Flatin frå Seljord og Telemark mest alle laga i dalen. Vi ser også frå et bilde tatt på Ål i denne tida at han helt spelkurs der. Bak frå venstre: Håkon Jonseth, Aslak Sandestølen, Olav K. Lien, Hermann Liahagen og Lars Skardet. Foran instruktør  Kjetil Flatin.

flatin kurs

Festskriftet til Hallingdal fylkeslag viser elles at disse spelemenna gjesta dalen i frå 1927 til 1940:

1927-28: Arne Bjørndal, Ola Brenno og Lorentz Hop
19-29: Gunnulv Borgen
1933-34: Torkjell Haugerud
19-35: Arne Bjørndal
1935-36: Haldor Meland

Det fremgår av møteboka til Ål spelemannslag for 27. april 1937 at Gjermund Haugen hadde konsert på Solhov den kvelden: «Den 27/4 hadde spelemannslaget møte at på Solhov. Det vart ingen øving då, for Gjermund Haugen kom dit og han sat å spelte i over to timar».

hop feleskrin
Mesterspelemannen Lorentz Hop frå Fana med feleskrin laga av nesningen Ole Isakbråten (1889-1965).  I et intervju i Buskeruds blad i 1956 forteller Isakbråten:
«For endel år tilbake, var den landskjente felespilleren Lorentz Hop fra Bergen innom meg,» forteller Ole. «Jeg hadde da to feler liggende og Hop prøvde begge. Han sa at mine feler «låt» like godt som den han selv hadde, men han var jo en spillemann som fikk det til å «låte» godt på hva slags fele han tok i. Ole viser meg en av felene han selv har laget, og at Isakbråten også behersker felebyggingens vanskelige kunst, er det ingen grunn til å tvile på. Foruten at denne fela er kunstferdig utført, har den også en ren og melodiøs klang. Også feleskrinet har han laget og i lokket er det utskjæringer etter dragemønsteret. Dette mønsteret som han har tatt ut av sitt eget hode, og som han har preget inn i lokket, virker litt innviklet ved første øyekast. Enkelte ville kanskje synes at det er for innviklet, sier han, men det hele er jo en smakssak.

Da den samme Hop bestilte en kasse av meg i sin tid, så spurte jeg ham om jeg skulle gjøre utskjæringene enklere. Til dette svarte han at det måtte jeg under ingen omstendighet gjøre. Skulle jeg gjøre noen forandring, måtte det være å lage mønsteret enda mer innviklet. Det gjaldt en av de feler han hadde laget. Efter en hel vinter å ha holdt på å arbeide med denne så titt en leilighet gas, solgte han den da den blev ferdig for 45 kroner. At den senere ved et da foretatt salg innbragte sin eier flere hundre kroner, er for så vidt «en annen historie». Men det meste Isakbråten har fått for en av sine hardangerfeler, er 150 kroner, og han regnet at det vilde ta en 6-7 ukers stadig og iherdig arbeide å gjøre en sådan fullt ferdig». En av Ole Isakbråtens selvlagede hardingfeler med tilhørende feleskrin skåret av Ole ble i sin tid gitt som gave til kong Haakon».

I 1937-38 var Kjetil Flatin igjen på spelferd i dalen, og i 1938-39 hadde Sigbjørn Bernhoft Osa både spelferd og hardingfelekurs.

bc3b8ygard-1937-osa.jpg
Osa med spelemenn frå dalen i 1939.

I løpet av 1939-40 var også Signe Flatin og Torbjørg Aas på spelferd i dalen. På dette bildet er de fotografert av Sigvat Tveito på Ål i november 1945.

signe flatin 45

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s