Truls Ørpen: Hos Ola Mosafinn i 1912

Den fyrste som fortalte meg om meisterspelemannen Ola Mosafinn på Voss var Wilhelm Sorteberg i Krødsherad. Frå ei spelferd vestpå var Torkjell Haugerud fra Telemark kome til Sorteberg. sjuk og nedfor. Han blei der ein 14 dagars tid, og da han kvikna til, måtte fela fram. Haugerud hadde spela saman med Mosafinn og lærd slåttar av han, og no fekk Sortebergen nokre av han igjen. Serleg var det vosserullen Toleslåtten, eller Mosafinn, som han sea vart kalla, som han lika svært godt. Ein har der Mosafinn og vossalynnet så å segja i et nøteskal. Da Anders Hovden i 1905-åra var prest i Krødsherad, vart systersonen hans, Rasmus Strømme, tilsett som lærar i bygda. Han hadde i si tid vore lærar i den krinsen (Bulken) der Mosafinn held til, ja, i 3 år budd i same huset og dagleg hørt han spela. Mosafinn kunne iblant snu vrangsia til. Det var dei som var komne langvegast frå og ikkje fekk ein tone av han. No skulle Strømme heim til Sunnmøre i ferien og samstundes vitja Mosafinn. Eit betre høve kunne ikkje bydast, og eg vart med han.

Ved olsoktid 1912 gjorde me innstig hos Mosafinn på Saue, Bulken, der han hadde kaupt seg livøre. Med sine 83 år såg han staut og vyrdeleg ut. Det var beina som slo fell. Han subba og gjekk i labbar; men auga var like blanke og kvasse. og ein skyna snart at her hadde me ein klok og inteligent kar fyre seg.

Etter at innleiiriga var fråseggjort. måtte fela fram. Det gikk ein ljos smil over andletet hans da han stod og venda på den fine, nye Klevfela mi. Han hadde det med at den framande skulle spela fyrst. Eg var ikkje høg i hatten da eg strauk opp ein Sorteberg-slått. men han let vel, og motet vaks. Han tusla so ut i kammerset sitt etter si eiga fele. No eller aldrig, tenkte eg og strauk opp med hallingen Ha’ du ‘kje hoppa i Mosafinns form. Det er det beste eg har hørt nokon spela den slåtten, sa han da han kom innatt.

Eg hadde nista meg godt ut til ferda, studert noge del 17 slåttane som Mosafinn hadde spela inn på pathefon og lærd deim best mogleg, og no spela me saman. og det læt som ei fele, og han var glad for at slåttane hans kunne attergjevast so korrekt. Me vart gode bussar og skildest som dei beste vener. Eg vil skriva til deg, sa han. Men det blei ikkje noko av. Han vart straks etter innlagd på sjukehus og døydde like før jul same året.

Med han gikk ein sermerkt spelemann bort. Han var ein representant for det gamle vossespelet. kvasst og bråhuga, skirt og blenkjande med bråe vridekast, perlande reint, med fyreslag og triolar som det finaste filigran innimillom og framifrå modulering. Fingrane var like mjuke og viljuge, men bogehanda var ikkje so hug som i yngre dagar, og fela hadde ikkje godt for å finne stodugt feste på bringa. Meda fela kvilde, gikk praten om spelemenn, slåttar og felur, og spitug og ord hittug som han var satt me i ustanselig lått.

Mosafinn levde i ei blomningstid for felespelet på Voss og i Hardanger. Spelemenn som Nils Rekve, Lars Lofthus, Ivar Rokne, Hans Skutle, Per Bulken, Nils Gerde o.fl. er uløyseleg knyte til den tida. Mosafinn held Ivar Rokne og Lars Lofshus for sine beste læremeistrar. Mosafinn og Sjur Helgeland var dei siste store spelemenn på Voss og Vestlandet. Men dei hadde det på kvar sin måte. Mosafinn var virtuosen som skirsla og reinska ut ugraset og skapte ei konstant form i samsvar med den gamle tradisjonen. Helgeland var lyrikaren og drøymaren som kom med nytt tilfang, sprengde den gamle råma og fekk utløysing i skapnad av tonestykke, der naturstemning og huldrelyrikk var grunntoet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s