Thor Brattested Grimsgard

Magne Myhren skriver i boken «Arne Bjørndals hundreårs-minne: seminar i Bergen 3.-5. mars 1982»: «Sidan me er på eit minneseminar for Arne Bjørndal, har eg hug til å nemna noko Sevat kom innpå ein gong me svalla om å læra slåttar. Ingen av dei gamle spelemennene i Hallingdal kunne læra frå seg på fela. Dei unge laut få tak i slåttane med auga og øyra så godt dei kunne. Ofte laut dei stela seg til å læra, for sume spelemenn, t.d. Tor Grimsgard, var livande redd for å læra frå seg. Han ottast m.a. at unge spelemenn skulle gå honom i næringa, for Grimsgarden hadde i stor mon felespelet som levebrød. Den fyrste som hadde lært Sevat noko frå fela, det var Arne Bjørndal. Det var der Sevat Sataøyn fekk læra denne pedagogiske metoden. På den måten fekk Mosafinn og Bjørndal positiv innverknad på spelemannsopplæringa i Hallingdal».

Arne Bjørndal forteller i boken «Og fela ho lét: norsk spelemannstradisjon» følgende: «Mellom kunnige spelemenn var brennevinet vel omtykt som godtgjersle. Kunne ein by fram noko av det, var dei fleste viljuge til å læra frå seg, – jamvel til medtevlarar. Spelemannen Tor Grimsgard frå Nes i Hallingdal fortel: «Det var den tid det var brennevinshandel på Nes. Den kjende spelemannen Gudbrand Østen gjekk her og drakk. Så spurde eg han ein gong om han ville læra meg ein springar som heiter «Sumbrein». Ja, så framt eg kjøpte honom ein peil brennevin kunne det nok lata seg gjera, let Gudbrand. Eg så gjorde, og me hadde kvar si fele. Men det vart snart for lite av det som sterkt var. Og eg måte gå etter 3 peilar til, så literen vart full. Men då det var ende, hadde eg lært slåtten, og me spela han saman, fortel Tor Grimsgard».

Bjørndal skriver videre: «For di spelemennene trudde det var trollskap, nytta dei gjerne hekse·råder for at strengene skulle halda. Dei tok måling or kyrkjestolen og slepte inn i fela, då heldt strengene og dei skulle verta frikarar i spel. Eller dei stakk ein fjørstilk inn i fela. Det skulle vera eit probat middel. Somung gut sprang nokre strenger for Hans Skutle. Gamle Johannes Skår,«Skåren»  dei kalla han, knytte strengene for han. Men først las han einhekseform el og så spytta han i skøytene. «Ja, no våga eg dei ska halda, vetlegut,» sa han. Og det gjorde dei og. Tor Grimsgard fortel at han for ein pel brennevin kjøpte ei råd han kunne nytta om han kom i lag med trolldarar. Han skulle ta ein stubbeav kvinten, ein av kvarten og ein av tersen. Desse tre Strengstubbane skulle han pakka i eit papir, stikka det heile inn i venstre skjorteermet når han gjekk til alters. Etterpå skulle han sleppa strengstubbane ned i fela,og då kunne han vera overtydd om at strengene ville halda».

nestegard strand grimsgard brudlaup olav reinton

Tor Grimsgard  er spelemannen t.h, Ola A Strand
den t.v. i Hans Nestegards bryllup

Utøveren Herbrand Hagen fra Numedal skrev i 1956 om felemaker og utøver A.C Kleven følgende om Tor Grimsgard: «Hans verksted og leiligheten ved siden av stod alltid åpen for venner og bekjente, og selvfølgel ig for alle spelemenn. Det var her jeg stifiet bekjentskap med mange av de gamle spelemenn, hvoriblandt Fykerudkarane Hans og Lars. Det var jo på denne tid disse og mange andre reiste rundt og holdt konserter. Det var smått for spelemennene i denne tid. Ofte kom de til sin gode venn Kleven, og hadde hverken mat, penger eller nattlosji. Men Kleven hadde alltid en utvei. Blant de mest bemerkelsesverdige spelemenn jeg traff sammen med hos Kleven var ved siden av Fykerudskarane Wilhelm Sorteberg, Svein Londal, Nils Beitohaugen fra Østre Sl idre, og en rekke andre. Så kom de yngre med Torkjell Haugerud i spissen, Olav Moe, Ola Okshovd, Tor Grimsgård fra Nesbyen,Torstein Odden fra Nore i Numedal, og ikke å forglemme storbonden Halvor Borgja (Borgen) fra Bø, med sine to sønner Halvor og Gunnulv. Men det var ikke bare spelemenn, men elskere av hardingfela og folkemusikken en jevnlig traff hos Kleven «.

grims2grimsgarduheldig1

Det gikk galt for Tor Grimsgard på landskappleiken i Oslo 1919 (Fremtiden 1919.06.28). Det er i seg selv svært interessant at Grimsgard har deltatt på en landskappleik.

Om Martin lvarsgard ( 1872-1946) forteller Olav Myyran i et brev bl a.:

«Martin lvarsgard, Nore, var frå Nes i Hallingdal, men kom hit i unge år og gifta seg her. Han kjøpte det vesle bruket Ivarsgarden som ligg på høgda ovanfor Sevle. Han lærte seg blikkenslagerhandverket og dreiv der som attåtnæring. Han var spelemann på Nore skyttarhus og hadde ein knakande god takt. Han kunne spela vals, hamburgar. polsdans, reinlender attåt springar og halling. Han hadde mykje hallingspel og hadde lært av Tor Grimsgård». (Fra Bygdehistorie for Nore og Uvdal. B. 2 : Frå 1800 til 1940 av Solhjell, Kåre Olav , Nore og Uvdal kommune, 1995).

 

grims jan

Tor Grimsgard spilte tromme i janitsjarorkesteret i Nesbyen, det samme gjorde sønnen Helge. Tor ytterst t.v.,1. rad, Helge   ytterst t.h.

Svein Moren skildrer Tor Grimsgard  i Ferdabrev fra Hallingdal (publisert i avisen Den 17de mai): «Seinare sat eg såg på springaren. Han var friskare, kåtare, djervare enn nokorsinne. Dei slo i heiane, dei trampa i golve, dei lyfte gjentune høgt til vers so sylgjune rasla som ospelauv i storm. Hau ! Dølann er det som rår. Hau! Bondemål kvasst som stål gjev ikkje lenger tål! Av skal ho hivast lurvehetla. Gullhjelm lyser i morgongletta. Bondemål – kvast som stål – gjev ikkje lenger tål! Det var meisterspelemannen i Hallingdal, Tor Grimsgard, som spela. Tonane reiv seg laus frå fela hans og hogg seg fast i kvar bloddrope – mana, minna, drog- attende til det gamle, fram mot det nye. No sat gjentone andslopne kring veggene. Og gutane stima ihop ved døri. For no kom lausdansen. Tonane hauka under loftet, eggja, reiv og sleit i kvar sen og tåg. Og gutane klemde seg saman. Og spaningi auka. Ein hadde ei kjensle som fyre eit torever. So med ein gong sprang ein gut or flokken og tvinna seg inn i tonane, lett som ei fjør og fast i veden som ei eik. Svein Nestegard, kviskra felagen min. Fyrstepremivinnaren i Vestmannalaget.  Men der sprang doktoren*) inn i flokken og slengde fram ein til: Arnfinn Breie. Folk klemde seg inn mot veggine og stirde. Augo lyste. Munnane stod opne. Ingen rørde so mykje som ein finger. Berre spelemannen stod i si krå og risle tonar or fela si so det båra gjenom salen»:

* H. Bruun.

I boken Buskerud og Telemark i nær fortid fra 1983 skildres en histore fortalt av Knut Sorteberg fra Ål: «Den fyrste somaren eg var heime som slåttekar, hadde far lova den leigde slåttekaren vår at ungdomslaget skulle fa ha pakkefest i stova vår, men på det vilkår at dei tinga dalens beste spelemann, Tor Grimsgard frå Nes. Han kom, og det vart dansa til sola spratt sundagsmorgonen. I denne tida var det forbod mot kjøp og sal av brennevin. Likevel var det mange som hadde med seg ej lommelerke for å kveike på humøret sitt. Under skuronna fann vi i åkerkanten tomflasker av alle slag, og eg minnest ein kar som song: «Det kan vel hende det luktar litt av ein heimelaga dram, men eg går like stram.»

I Boka om Gol. 7. bind : Gards- og ættesoge Øygardane og Grønliane gjengis følgende fortalt av Olav Sire: «Ambjørg Olsdtr. f 1865 d 1929 g 1886 m Sander Sanderson Tufto, Torpo (1853- 1900), dreiv krambu på Torpo. Då Ambjørg og Sander gifta seg stod laget her på garden, og Tor Grimsgard var spelemann. Som skikk og bruk var vart det noko ut i laget stabbedans, og for kor dans Ambjørg gjorde la ho to kroner ifela til spelemannen. Dette var mange pengar og gjorde sjølvsagt inntrykk».

grimsgard stevne 1923

Grimsgard spilte på et stevne på Nesbyen i juni 1923 (Kilde: Fremtiden 1923.06.30

 

børtnes grimsgard

Grimsgard er spelemannen til høyre i svalgangen, rundt 1890.

grimsgard på trappa

Grimsgard og kone på trappen til huset deres. Svenkereud hotell under oppføring på høyre side.

Ola Perstølen gir en interessant refleksjon omkring låtteformer i en fortelling skildret i boka «Halldor Meland : eit liv i tonar : ein bolk av soga om folkemusikken i Hardanger, av Jon Bleie: «Eg for min part hev alltid vore glad i felespel, og eg er storleg glad for kjennskap og samvær med Halldor Meland. Det er vel slik med alle store kunstnarar, dei legg noko av seg sjølv i kunsten. Dei let seg ikkje ta etter, eller «kopiera». Ein annan god spelemann kan vel spela låttane hans Halldor, med same grep og same bogadrag kanskje som han, men det vert ikkje det same som å høyra han sjoøv. Det er som eg høyrde ein gamal mann her sa um ein god spelemann som let låttar etter Tor Grimsgard: «Det er nok låttane. hass Tor, men det er ikkje som han Tor likevel»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s