Myllargutens brudlaupspel i Setesdal

«Eg hev snart aIdri vore i so greidt eit Brudlaup som i Breivi, hjaa Salmund Breivi. Han hadde skipa til so kongeleg: der var fem Tunnor Øl og fire Ankarar Brennevin.
Eg fylgde fraa Kyrkja. Me venta paa Praamen eit Bil med Breivivatnet. Daa høyrde me «Myllaren» av Lengdom, koss han fela i Tunet. Me drakk i tri Dagar og tri Næter samfelt. Der stod Øl og Brennevin paa Bordet Nott og Dag. Det var so stort eit Brudlaup. Dei var bedne av Austlandet og av Nordlandet og
or Sætesdal”.

Frå boka «Gamalt or Sætesdal. 4 : Bygdeliv»
av Johannes Skar, Kristiania, Norli, 1909.

„Myllaren».
Dei kom fraa Byen, Gunnar Homs-ækre og Olav Napper og nokre andre med dei. Daa var dei inn til Myllaren og vilde faa han til aa fela. Men han vilde inkje.
«Aa ja, me tarv inkje lysta aa høyra Myllaren heller,» sa Gunnar; „me hev likso god Spelemann sjave,» sa han — det var det, at «Napperen» var med. Daa tok Myllaren Fela.
«Nei, eg er forlite drukken,» sa han.
«Aa er det inkje anna!» sa Gunnar og kom med ein Buttel. Myllaren drakk og stillte, stillte og drakk att, og heldt det so til Buttelen var tom. Daa la han til. Du og du som han fela! Ljodet tottest koma or
Tile og Skjaldtile og Veggjer — slikt Ljod hadde dei aldri høyrt. Dei torde inkje sitja inne; Napperen tok paa Dyri, og alle dei andre etter. Myllaren var Bruksmann eit Bil paa Everland. Daa kom Olav Bergsland og vilde kappfela med han.
«Eg kann «kje fela,» sa Myllaren; «eg er «kje noko til Spelemann,» sa han. Til ørare vart Olav. Myllaren heldt sitt same. Daa fekk Harald Aasovsson han med seg og skjenkte han. Og Myllaren tok Fela. Han sette seg paa Bordet jamsids Olav. Dei skulde fela
same Slaatten; men Myllaren spela so haagt, at ho kom burt Fela hans Olav. «Nei, du hev reist for tidleg fraa Meistaren!» sa Myllaren, sveivde med same si Fele
hityver Fela hans Olav, og gjorde noko Drag so alle Strengjerne paa hans Fele sprang.
Her var so syndleg ei Røde um ei Gjente dei kalla Skuldal-Bruri. Dei nøydde henne til aa taka ein Gut ho inkje vilde hava — han het Steinar Aasen. Daa
dei so rodde til Kyrkja, la ho til med eit Vers:
„ Mykji ti Mann
aa mei ti Gut
va Steinar Aasi,
ha an kji legje
me Fante-Fjaasi,
ha an kji stole
den Tobaksdaasi,»
sa ho og sprang i Vatnet og kom burt.
So var Røda. Daa gjorde Myllaren ein Slaatt og kalla han «Skuldal-bruri» etter Gjenta. Fyrst dei tralla den Slaatten, tralla dei han fyrst so langt Verset rakk, og so gjorde dei han ut noko meir med Tullar og Lillar ut-um Verset. Dei dansar etter den Slaatten enno; han er so lett aa dansa etter».

Or «Gamalt or Sætesdal. 5 : Folk fraa bygdom»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s