Margit Tveito

Har ikkje Langeleiken livsrett? Margit Tveito er den einaste sum held oppe langeleikspelet i Hallingdal

Langeleiken høyrer til våre eldste musikkinstrument og har i mange norske bygder vore mykje brukt før i tide. Stort set har den halde same form gjennom tidene, med berre små brigde. Sjølve instrumnetet kan ein synast ser litt primitivt ut, og musikken er heller ikkje så innfløkt som på fele og andre musikkinstrument. Tonestigen er meir enkel og ikkje så rik på variasjonar i toneskiftinga. Likevel trur og alle som har litt sans for musikk må tilstå at sjølve klangen i langeleiken er vakker. Der ligg noko lyrisk over sjølve musikken – ein liten varsem undertone av draum og lengt. Kan hende er det dette sum har gjort at den kalde realismen i våre dagar har prøvt å gjeva langeleiken banesår. Det har ikkje heilt lukkast. Ennå lever langeleiken nokre få stader i landet.

Den som serleg har halde oppe langeleikspelet her i landet dei siste år er Ola Brenno frå Valdres. Ei stund var det grunn til ottast at lagenleikspelet kom til å gå i grava samen med han. Men det syner seg likevel at der finst unge krefter som vil føre arven videre, enda det er lkkje mange. Margit Tveito, Aal, er nesten den einaste i Hallingdal som dyrkar langeleikspelet, men der er ting som tyder på at langeleiken har som meir i bruk før i tida her i bygdene. I hallingdalsprogrammet i kringkastinga i fjor haust, som lærar Bekkesad styrde med, og som vart særs vellukka og gjorde stor lukke. – Har du spele langelelk alle dine dager, spør eg frk Tveito nett som ho slutter av ein vakker marsj på langeleiken sin. – Ja, det kan ein vel seie, i all fall heilt sidan eg var smågjente. – Og du er den einaste i Hallingdal som spelar langeleik? Eg er visst det. Rett nok har det vore nokre heilt unge som i dei siste ha prøvd å lære seg langeleikspelet, så spørs det berre om det held fram. -Men før i tida var det kanskje fleiro som spela? Ja, det ligg mange bortgøymde langeleiker rundt ikring på gardane. – Kan ein spela kva som helst på Langeleik? Ja då. Og så spelar ho det eine nummer etter det andre, og vi sit med ope sinn og tek imot, og synest det er vakkert! Og det seier vi høgt, sjøIv om dei skulde høyre det dei som nemner langeleiken i ein viss ironisk tone.

Det er verkeleg folkemusikk i langeleikspelet, og nett i våre dagar ser vi at del store komponistar byggjer sine musikkverk på folkemusikk og folketonar. Det er vel det beste vitnemålet om at der finst innhald er rikare enn dei fleste skjønar seg på. Margit Tveito har vakse opp i ein musikalsk heim mellom tonar og musikkinstrument. Brørne hennar både lager instrument og spelar på dei. Sjølv spelar ho både orgel og piano, men der er langeleiken og luren som er hennar spesialitet. Vi takker henne for vakthald om ein sernorsk arv.

Publisert i Hallingdølen 1940

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s