Knut Knutson Skøro – Skøren

skøren bilde

«Handverkar av eit anna slag var Knut Knutson Skøro frå Sudndalen i Hol, fødd 1822. Han var av gammal Skottebolætt og gift med Anne Sveinsdotter Sundbrei. Knut var ein sorglaus kar, og det gjekk ut med han som bonde på Skøro. Så kom han til Ål, og ei tid heldt han til på Grøvo. Der vart han utkasta fordi han ikkje betalte leiga. Så fekk han eit gammalt eldhus på Sata, og der sette han opp i skogen ikkje langt frå nordre Satalia. Det vart kalla «Skørastugu», og der budde han sidan. Sjølv vart han kalla Skøren. Han var selamakar og for omkring på gardane med selaarbeid. Og så var han så flink til å fortelja. Men skulle han få til ei god soge, så råka det han måtte pynte på ho litt, hermer dei etter han. Difor vart ikkje sogene hans alltid så litande. Andre kona hans var Ingebjorg søre Satalia. Ho var dotter til Guri, som vart gift med Embrik Herbrandson på hans eldre dagar. Guri hadde denne jenta før ho vart gift. Faren var ein dei kalla Skruven. Rette namnet hans var Ola Arneson, og han budde i Skruvedalen, også kalla Svartedalen. Skruvedalen ligg hogt oppi lia vest for Satalia.

Dette om Skøren var heller ikkje stort å fortelja om. Men han var spelemann, og det er difor han blir hugsa. Enno lever det slåttar etter han, ein av dei heiter «Skøren». Det var fela Skøren levde for, ho tok all hans hug. Men ho kasta ikkje stort av seg, og så vart det ofte smalhans heime. Men kona hans, ho Skøralngebjørg, var så flink ei kone. Om haustane skar ho mæling pågardane Då hadde ho borna med seg i åkeren. Den minste sat inntulla i nokre ploggefjugger Når han skreik, var ho borte og roa han med ein vasskvett av brynebutten. Skøren sjølv tok alt med godt humør. Det er fortalt at då han vart utkasta på Grøvo, sette han seg på ein stein ved stuguveggen og strauk opp ein lystig slått på fela Ein gong spelte han i eit gjestebod i Gudmundsrud. Så skulle han oppi taket og kvile seg lite, hadde vel vorte trøytt og mødd etter all spelinga. Men då han var komen mest opp, der ramla han med bulder og brak ned troppa. Folk strøymde til, meinte han hadde slege seg i hel. Skøren låg litt og rådde seg til att «,AIt i orden», sa han, «hovudet er fyre.»

Lars Opata i ‘Den gamle garden’

«Den beste spelemannen i Hol i førre hundreåret var Skøren, Knut Knutson Skøro, f. 1822, son til Knut Helgeson Skøro, som var med i krigen 1807-14. (Hol I, s. 533.) Han var mykje brukt til å låte i samvære. Han var so mjuk i fingrane, han spelte so fint, men fekk likevel godt mål i fela. Mange av dei gamle spele mennene var so fæle til å bruke føtene og trødde takten so det smala. Det gjorde ikkje Skøren. Han sat still, han. Han lærde å spela av Asle-Knut på Strond i Al, dei var so gode vener. Den Stranda-ætta i Ål fostra mange gode spelemenn. <<AsleKnut- låtta>> svalla dei um, – dei voro bra. Sume av dei mest kjende låttane hadde namn: Fanitullen, Grålysingi, Silde-Per, Jørenvrengja, Skjegle-Jøren. Dei to siste var uppattkalla etter ein skjegløygd spelemann på Nes, som heitte  Jøren. Denne Jøren var so fæl til å spela slåttane vrange, so dei var vanskelege å spela etter. Fanitullen har dei no visst laga um i det siste, – dei let han annleis før. (Helleik Kvanneberg.)

Skøren hadde ei mengd slåttar. Og mange av dei hadde han fått hjå Strandakarane.Det var fleire av dei. Og det var no ikkje anna enn fela med alle dei. Skøren var ofte på Strond hjå dei med fela. <<Ho bli no elda storstugu med, når eg kjem!» sa han. Ola og Tolleiv Strond reiste til Amerika. Skøren var på Strond då dei reiste. Ola hadde sett seg i vogna og heldt på køyre av stad. Best det var steig han ut og kom attende, – dei trudde det var for å seia noko viktig til sine. Nei, han gjekk burt til Skøren og nemnde eit par slåttar, at dei måtte han lære i frå seg, so dei ikkje vorto gløymde! Og so for han – til Amerika! Skøren hadde gard og var selemakar, men han var ingen arbeidskar. Han for-sømde reint garden. Han gjorde lite ute, vilde helst sitja og spela. So kom han til å flytja frå Skøro, han sette seg ned på eit bruk vesta Sataøyne i Ål. Han varkring til å svalle og ein framifrå forteljar. Som eldre mann vitja han Sudndalen. Då var han burte hjå Helleik Kvanneberg og dei sat og spelte heile natta. Dei heldt seg vakne med gode kaffedokterar. Helleik lærde mange låttar av han då.Og so sat dei og rødde og fortalde. Det var ei nyting å høyre Skøren fortelja. (Helleik Kvanneberg.)»

Folk og fortid i Hol. 2 : Frå 1815 til vår tid, 1943

«Frå Sataøyen er frådelt [….] Grøvo bm. 23, skyld 47 øre er eit småbruk som ligg einbølt i skogen i Vestlien. Dyrka er omlag 10 da. Grøvo var utan veg til omkr. 1962, då det vart arbeidd veg frå Slåtta til Grøvo. Grøvo var husmannsplass og 1865 var Knut Knutson (Skøro fd Hol), f. 1822, husmann. Knut vart kalla «Skøren», og var spelemann. Han betalte ikkje leiga for bruket, og vart ut kasta. Då sette han seg på ein stein og låte på fela, er det fortalt. So fekk han seg opp ei liten stugu i Sataskogen og budde der». Aal bygdesoge. 3 , 1968

«Knut Skøro var frå Hol, men slo seg ned i plassen Satalie i Al. Han hadde lært mvkje av Asle-Knut, og var sjølv ein læremeister for Ola og Tolleiv Strand. «Skøren var ofte på Strand med fela si. «Ho bli no elda storstugu med, når eg kjem,» sa han. Ola og Tolleiv Strand reiste til Amerika. Skøren var på Strond då dei reiste. Ola hadde sett seg i vogna og heldt på å køyre av stad. Best det var, steig han ut og kom attende, dei trudde det var for a seia noko viktig til sine. Nei, han gjekk burt til Skøren og nemnde eit par slåttar, at dei måtte han lære ifrå seg, so dei ikkje vart gløymde». (Hol Il). Skøren sat tungt i det. Han var sa borte i fela at han lite dugde til noko anna. Det hende han lyste ut at det skulle vera dans heime hjå seg. Han sytte for musikken, og kjerringa selde kaffi og kaker. På den måten kunne det bli nokre skjellingar på ei natt. «Som spelemann  var han vel ikkje av dei beste. Han brukte fingrane godt, men hadde ein heller dårleg boge, og fekk ikkje spelet heilt reint. Han hadde ein del originale slåttar. Det er nokre etter han som me ikkje har hørt frå nokon an» kjelde, så kanskje det er han som har laga dei. Slattane er iallfall gode», fortel  S. Sataøen».

Aal bygdesoge 2, 1955

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s