Truls Ørpen intervjuet i NRK på sin 70-årsdag i mars 1950

Transkripsjon av Olav Sataslåtten

Kyvik: Truls Ørpen er 70 år i morgon, 27. mars. Han har vore lærar i 40 år, og bonde 46 år, i den kjære heimbygdi si, Krødsherad. Men, kor lenge har du
vore spelemann, Ørpen?

Ørpen: Spelemann og spelemann. Eg fekk den fyrste fela i 7-8 års alderen.Før den tid hadde eg sage og filt på ei trespildre. Med den fekk e ein gong ei heil krone i spelpeng, og då var eg fælt te kar.

Kyvik: Du lærde vel av andre spelemenn i yvngre år?

Ørpen: I dei fyrste år lærde eg mest.av Johan Kleven, heime i Krødsherad. Johan var son til meister—spelemannen vår, Ola Kleiva, eller Gamle-Kleven, som han vart kalla. Johan var skomaker, og for frå gard til gard, og eg for etter og vilde høvra på
når han tok fela fram i skreddartimen. Johan Kleven kunde so mange gode slåttar etter faren, som hadde fare vidt og lært slåttar, m.a. av Gudbrand Skjellerud frå Nes i Hallingdal. Eg har hug å spela ein Kleiven—slått. T.d. Kleivens Halling.

Det spilles opptak av Ørpen: Klevens halling.

truls ørpen 5

Ørpen: Men so fekk eg høyvra Wilhelm Sorteberg. Det tok reint motet frå meg. Det eg hadde å fara med, var ikkje noko mot han. Men so fekk eg den heppa å vera mykje saman med Sorteberg dei siste leveåra hans, Og eg må segja at eg har mykje å takke for at eg vart spelemann. Derfor har e hug å spela ein slått etter han og, ein springar frå Krødsherad.

Opptak med Ørpen der han fremfører Gamal springar frå Krødsherad.

Ørpen: Og sumaren 1912 tok eg ein tur øver fjellet til Voss, til Ola Mosaf inn, og den turen har eg aldri angra på. Det klåre, fjellfriske spelet til Mosafinn gjekk sterkt inn på meg, og har nok sett varig merke på spelet mitt. Me kunde kanske ta ein
rull etter Mosafinn.

Ørpen fremfører Rull etter Mosafinn

Kyvik: Var det so at spelemennene i dei dagar var betre
enn no?

Ørpen: Eg trur ikkje nett det. Før vart slåttane meir brukt å danse etter, og da var det om å gjera å spela høgt og med god takt. Mykje av det småfine i spel og foredrag kom da ikkje so godt fram, som no da slåttane meir vert bruka til å lyda på. Men
det kan sakte vera fårar her og. Takt og rytme kan bli forflata, og den tonale lina verta broten og drukna i teknikk og smakløyse. Det kan bli for mykje fingrar i spelet”, sa Sortebergen ein gong.

Kyvik: Når du spela på kappleik, hadde du nokon serleg slått du gjerne tok med?

Ørpen: Nei,—— det vart ofte å ta i fleng. Det var mang ein gong eg kom fram og visste ikkje kva slått eg skulde spela. Men då var Sortebergslåttane gode å ta til. Dei låg meg kanskje nærmast i hugen. Wilhelm Sorteberg har forresten laga ein
slått som heiter “Gubben i Norefjell”.

Opptak med Ørpen: “Gubben i Norefjell”.

Kyvik: Du har og vore domer på so mange kappleiker at du ikkje er fri for minne frå slike stemner?

Ørpen: Fyrste gongen eg var med som domar var på landskappleik i Oslo 1920. Sea har det etter kvart vorte mange stader; Bergen, Molde, Oslo, Drammen,
Hallingdal, Numedal og Telemark. Eg hugsar serleg kappleiken i Molde 1925. Eg var då domar saman med Henrik Gjellesvik og dr. O.M. Sandvik. Det var visst 45 spelemenn, som kvar spela 4 slåttar, i
2 omgangar. Det vert i alt 180 slåttar å høyre på. Dei spela frå klokka 10 fm. . til i 7 tida om kvelden, berre med ei kort kvild. Premielista skulde kunngjerast på festen om kvelden. Då skulde dr. Sandvik dessutan tala. Etterpå førde me protokollar til klokka 2 om natta. Då var eg ør.

Kyvik: Ja, det segjer eg ingen ting om. Men,— eg vil gjerne spyrja deg, Ørpen: Har slåttespelet sett sine beste dagar?

Ørpen: I ei slik ramme som slåttemusikken har, er det ikkje godt å skapa noko nytt. Tradisjonen er ført frå spelemann til spelemann. Men sume kan i lykkelege stunder skapa nye tilskot og mønsterformer. Fykerudane, Sjur Helgeland, Torkjell Haugerud o.a. har sprengt den trange råma og laga
tonestykke med naturlyrikk og innlagde folketonar. Eg kunde kanskje spele Huldreslått etter Sjur
Helgeland.

Opptak med Ørpen: Huldreslått etter Sjur
Helgeland.

Kyvik: Du som har lage fleire ting sjølv, får ta ein av dei med det same.

Ørpen: Det kunde vera moro å spela Seteråsen, det er ein gangar.

Grammofonopptak av Ørpen: Seteråsen

Kyvik: Men Truls Ørpen har og gjort eit anna arbeid, som kanskje ikkje er so godt kjendt: Innsamling av folkemusikk.-— Kor lenge har du balt med dette?

Ørpen: Eg tok visst til i 30—årsalderen,so det blir vel om lag 40 år no.

Kyvik: Er det berre i Krødsherad, eller—————?

Ørpen: Nei, eg har reke litt i andre bygder og, mest i Sigdal, Numedal, Telemark og i Hallingdal.

Kyvik: Har du noko tal på det du har samla gjennom åri?

Ørpen: Å,— det kan vel vera vel ein 400 stykke, mest springar, Halling, Gangar og bruremarsjar.

Kyvik: Det er ikkje smått til verde du hyser på, då.

Ørpen: Å, eg har nok ikkje alt heime. Universitetsbiblioteket har fått det meste til samlingane sine. Det har vore eit gildt arbeid, og eg vonar at dette vesle tilskotet mitt vil få litt verd i framtida.

Kyvik: Då vil eg få lov å takka deg, Ørpen,——for alt du har gjort, og ynskja deg enno mange gode arbeidsår for folkemusikken. Ogso vil eg gjerne høyra om du sjølv har noko framtidsynskje å bera fram.

Ørpen: Det er so store omskifte i våre dagar. Utanlands musikk trenger på og breider seg over bygdene. Me har alt mist og gløymt mvkje folkemusikk. No gjeld
det å redde det som reddast kan. Det hastar med å få festa på papir det som er igjen av den gamle kulturarven, og dei unge spelemennene må læra seg notar, so spelet kan bli meir medvite og frigjort
for smakløyse. Det er svært viktig at Kringkastinga tarBfolkemusikk opp på grammofon. Ungdomslag må ta oppatt
den gamle dansen. Me må i det heile ta godt vare på detBsom sermerkjer oss som nordmenn.

Kyvik: Og so,—— vil me la Truls Ørpen tala med fela si Han spelar fyrst,—Fa’n på bordstabelen etter Wilhelm Sorteberg.
Kyvik: Den neste Truls Ørpen spelar er ein GangarBetter Wilhelm Sorteberg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s