Langeleikspel i Valdres og Hallingdal av Lars Reinton.

rudi

Første gang publisert i avisen Den 17de mai i 1917.

Det er truleg mange av dei som les Den 17. Mai som ikkje hev set ein langeleik. Mange hev kanskie set han, t. d» paa musei, men ikkje høyrt han. Sume hev kanskje trutt som ein trudde, at det var eit slag vanleg leik, folkeviseleik eller sovore. Folk vert alle stader forvåna over det merkelege instrumentet, og endaa meir naar dei fær sjaa og høyra det vert spela paa det. Men det er ikkje berre for di det er sjeldsynt og merkelegt, men fordi det eig tonar som kan trylla, naar det vert godt spelt. — Og det kjem av at det er nationale tonar, med ein djup, heimleg klang.

 

Langeleiken er det norske nationalinstrumentet fram um noko anna. Kanskje ogso det eldste. I alle fall i austlandsdalarne, Hallingdal og Valdres. «Det var ikkje anna enn leik til aa spele paa førr, sa ein  langgeleikspelar i Valdres. Han fanst i mest kvar ei hytte. Og so lerde dei av kvarandre.» Um langeleiken hev funnest over heile landet i gamle dagar, er ikkje so godt aa vita. Men etter som det lydest hev han ogso funnest i sume bygdelag paa Vestlandet, t. d. Hardanger. Men det er serleg paa Austlandet langeleikspelet hev vore dyrka. Vistnok noko i Telemarki og Gudbrandsdalen, — Paa dei Sandvigske samlingarne paa Veslehamar finst og eit par langeleikar fraa Gudbrandsdalen, men serleg er det Valdres og Hallingdal som hev vore heimstaden for dette spelet, og daa fyrst og fremst Valdres. Langeleiken var fraa fyrst av gjord utan botn. Bordet han stod paa tente som sovore. Men i seinare tid hev dei teke til aa laga botn og, so han vert heil. Vanleg er det 8 strengjer paa han, og desse er stilt saman slik, at det vert den finaste samklang. Eitt einaste slag over strengjerne er nok til aa faa fram det venaste samspelet. Ein merkar med ein gong nationalklangen. Under fremste strengen ligg tangentarne og einast paa den er det ein prillar. Dei andre strengjerne kling attaat. Tonarne vert ikkje so sterke som paa hardingfela, men mjuke og fine, og dei hev noko av same klangen som dei, Det er den same djupe, vene underklangen, som ein fær fram paa hardingfela ved aa lata understrengjerne tona med. Her er det alle strengjerne som tonar med.

 

Langeleikspelet er vænt. Ein gamall landskjend mann sa fyrste gongen han høyrde langeleikspel: «Det er det finaste eg hev høyrt».Det var lydarstykket «Livet fraa vogga til gravi», som vart spela. Folk som hev fare i Skotland og hev høyrt den skotske nationalmusiken segjer at han hev noko likskap med sekkepipespelet. Det er ikkje utrulegt. Det er kanskie likskap i huglyn det hjaa dei tvo skylde fjellfolki som hev skapa spelklangen deira lik. For um langeleikklangen hev likskap med den skotske musik, so er han fyrst og fremst norsk. Det er berre norske slaattar, springarar og hallingar, eller lydarstykke som «Tomasklokkurne paa Filefjell», som vert spelt paa langeleik. So var det i alle fall fyri. Men no, i seinare tid spelar dei ogso av dei innkomne framande slaattarne, og sångar.

 

For di det er eit sernorskt in- strument med sernorsk klang, og for di det vert spelt nationale slaattar av dølefolk i Norig, so hev langeleiken og av same vorte teke som merke paa det sernorske og nationale. Soleis Henrik Wergeland i stykket sitt «Vinægers fjeldeventyr». Der let han langeleiken vera bilæte paa den sernorske nationalaand. Han hev gjeve gaum paa «langelegklangen av det nationale vemod». Vinæger misunner og vert harm for at Leontodon, poeten (Wergeland) hev «langelegklangen i sine sange», d. v. s. hev funne den nationale tone, den egte norske klangen i sine songar. Um denne nationale musiken er baade veneog sværende høve- leg til aa hyggja seg med innandørs, so er han likevel paa dei fleste stader der han hev vore kiend og bruka no utdøydd.

 

Som nemnt fyrr er det no berre i Valdres og Hallingdal det er noko av langeleikspel aa tala um. Av desse tvo dalarne ser det ut til at det er Valdres som hev mest av gamal god musik, — langeleik-, harpe- og felespel og song — folketonar og segner. Valdrisarne hev vore eit musik

elskande folk. Difor er det naturlegt at langeleikspelet hev halde seg best i denne dalen. Endaa er det der mange glupe langeleikspelarar, baade unge og gamle, karar og kvinnur. Etter som det lydest paa Hallvard Bergh, («Spel og dans i Valdres i eldre tid», i «For Bygd og By») so var det berre ein hende gong, at kararne tok i langeleiken. Han var helst instrumentet aat kvinnurne. Det er vistnok so. Men dei mest kjende langeleikspelarane i Valdres no, dei er karar. Av di det høvde so til at eg i sumar kom til aa fara i gjenom Valdres, so vilde eg ogso nytta høvet til aa gjera meg kjend med langeleikspelarane og spelet deira.

 

Dei tri mest kiende langeleikspelarane i Valdres er vel Ola Brenno i fraa Bryn, Johannes Halden i N. Aurdal og Kari Rudi paa Fagernes. Eg kam farande nedantil dalen i gienom Bognsbygdi. Eg hadde faatt spurlag at langt uppe i åskanten der i Bogn, bud de ein som spelt langeleik. Det var Ola Brenno eg skulde vitja. Eg gav meg paa veg upp gjenom lidi, rett vest for «Fjellheim» skyssstation og hotel. Vegen steig fort, og gjekk millom velstelte gardar. Eit ovfagert utsyn fer ein naar ein kjem upp i gjenom her. Det er dalen, som hev ord for aa vera den finaste i Norig, ein hev fyre augo. Endeleg kom eg til ein liten plass som ligg inne i skogen, nett der lidi laagnar av. Her var det langeleikspelaren buddé.

 

Ola Andressen Brenno er ein aldrande mann, burtimot dei femti. Fødd paa ein husmannsplass under Jukone. Han byrja visst i smaae kaar, og sluttar i smaae kaar. Langeleiken hev ikkje hjelpt han, endaa han hev fare i kring og spelt noko i si tid. Han laga seg leik sjølv fyrst, fortalde han. Daa var han i 17—18-aarsalderen. Han var ikkje so aller verst, og han greidde seg lenge med den. Slaaterne lærde han paa den maaten, at han høyrde dei, og tekk dei inn i hovjudet, og tok dei so att an att paa leiken. Ein gong var det kappleik i

langeleikspel paa Fagernes. Kyrkjesongar Berg i Gol var daa med som prisdomar. Ola Brenno var med i kappleiken. Han fekk 4. pr. Men ein av prisdomararne sa til han: «Du kar lyt faa deg ein likare leik, og stilla han betre, so skal du nok faa betre premi med tidi». Daa fekk han Østen paa Røs- haren i Øystre Slidre til gjera seg leik. Han var langeleikma kar, og gjorde mange leikar. Og den vart god. Den hev han endaa. Ola Brenno hev gjort eit par ferder inne til Oslo ogso og spela paa langeleik. Og so hev han spela aat forvitne byfolk paa sanatoriet der i Born og paa hotelli. I 1914 Var han inne til Oslo paa utstelling. Der var daa kappleik paa lengeleik. Han fekk der 2. premi.

 

Ola Brenno spelar mjukt og ikkje so verst fint„ men han er ingen kar til aa faa klang, i leiken. Det vil stundom verta litt veikt og ujamt. — Han hev heller ikkje so svært mange slaattar. Den gjævaste laatten hans var «Tomasklokkelaatten». Men den spelte han noko «kunstig» og tungvint, annleis enn eg hadde høyrt han av andre, t. d. Kari Rudi. Men han var fin, og den vemodige klokkeklangen i laatten kom vent fram. «Tomasklokkelaatten er ein dei finaste ein kan høyra paa langeleik. Eg tykkjer han vert sannare og tek seg betre ut paa langeleik enn paa fele. Men skal ein skyna» han, so maa ein kjenna segni. Den segni er ven. Ola Brenno fortalde ho soleis: Uppe ved Nystuggu paa Filefjell laag det fyre svartedauden ei bygd. I den bygdi stod Tomaskyrkja. Daa svartedauden kom døydde folket ut, og bygdi vart lagd i øyde. Etter svartedauden vart bygtdi uppattbygd, men lengre nede.

 

Men ved jonsokleite var det stor marknad kvar einaste sumar, folk møttest fraa mange bygder der uppe ved Tomaskyrkja. Men livet paa marknaden var ofte villt, med slagsmaal og mykje spel. Segni segjer at «der vort mang ein bra kar dengd, og mång ein bra hest sprengd». Marknaden vart difor forboden, og Tomaskyrkji nedrivi og seld til Danmark for 40 dalar. Klokkurne vart førde til Øye kyrkje i Vang. Men dei hadde mist mælet, dei vilde ikkje laata som dei hadde gjort. So vart dei køyrde lenger ned i dalen, men dei var so tunge aa køyra at det var so vidt 3 hestar drog dei. Men til lenger ned i dalen dei kom, di daarlegare klang vart dét, og di tyngre vart dei. Til slutt laut dei snu. Uppover att drog ein temjing dei. So vart dei upphengde i Øye kyrkje. Og der let dei den vemodige syrgjelaatten som er vorten kalla «Tomasklokkelaatten». Slaatten hans Ola Brenno høvde godt til segni. Og han sa dette var den beste. Han hadde lært han medan han var ung av ein gamall mann som heitte Halvor Langedrag.

 

Ola Brenno hadde ogso tvo-tri andre laattar som var vene, og som han hadde sine segner til. Ein av dei var «Huldrevalsen». Ein fin mjuk lett hudldredans, som og Ola Brenno spela godt. Der høvde det at det ikkje var hardt og sterkt. Segni um den var soleis: Paa fjellet imillom Etnedalen og Torpen laag tvo stølar jamnsides, fyrst paa sumaren var det alltid turne som sat paa stølén der, fyrst naar det leid paa kom sjølve kjerringi. Gjenturne paa desse tvo stølarne laag saman. — Ein dag kom so kjerringi paa stølen. Ho var ill og sinna paa gjenturne. Dei haddo ikkje gjort rett det dei skulde. No skulde dei gaa ut etter vatn, medan la kona seg, ho var trøytt etter turen. Daa gjenturne kom til brunnen byria dei leika seg med vatnet. Dei tok vatnet i bytturne og svinga seg i kring og dansa rundt paa marki. Daa med eitt fekk dei burtanfraa haugarne høyra so undersven ein laatt. Gjenturne stansa og berre einlydde. Daa var det Huldrevalsen vart spela der burto i haugarne. — Kjerrinri hadde i medan vakna og kom ut.Ho skyna det var noko paa ferde og spurde kva som var tids. Men dei maatte ikkje fortelja det fyrr dei hadde sove, elles gjekk det gale. Men kjerringi gnaala og vilde endeleg ha greide paa det og  til slutt var den eine ikkje god til aa halda seg, anna ho fortalde kva dei høyrde. Men den gjenta vart med det same klen. —

 

Ein annan han spela var «Langebergslaatten». Um han gjang denne segni: I Aurdal er eit berg som heiter Langeberget. Kyrkia stod den tid paa Uegjordet under Langeberget. Ein dag det var messe i kyrkja, tok det til aa stuta so vent ute (spela paa prillarhorn). — Folket vart forvite, og ein etter ein smette seg ut for aa sjaa kva dette var. Til slutt stod presten att aaleine paa stolen. Daa for han ut han og. Daa vart han var at høgt paa Langeberget der stod ei hulder. Ho tralla so ven ein slaatt paa hornet sitt, medan folket hadde byrja dansa paa vollen framfyre kyrkja. Daa vart presten harm, or mulla nokre ord for seg sjølv. Med det same kom det ein stor svart ver farande attantil og stange til huldri so ho for utover nedi urderne. Beingrindi or hornet fann dei seinare att. Hornet vart upphengd i kyrkja. —

 

Ein fjorde slaatt som han spela var «Kjednbalen» (tiukk l). Segni til den fortallde han soleis: Ein stad paa fjellet millom Hallingdal og Valdres ligg det ein støl som heiter Kjednbalen, for di han ligg attmed ei tjønn. Der uppe budde ein mann som vart kalla Kjednbalen. Han var der baade sumar og vinter. Um sumaren fiska han og um vinteren drev han med lagging og veiding. Han var og spelemann. Ein fager vaarkveld sat han nede ved tjørni og leika paa fela. Daa laga han denne slaatten. Han vilde spela korleis bøljudn blaska paa kjedne, og vinden suste i tøppo». Slaatten vart ogso kalla «Kjednbalen». Han var fin men svara mindre godt til segni, tykte eg. I Hallingdal hev eg ogso høyrt ei onnor segn til denne slaatten: Kjednhalen var paa vegen til   byen med varur. Men den gamle gampen hans vilde ikkje gaa. Kjednbalen jaga paa, og smatta paa hesten det han kunde, og hesten humpa paa. Kjednbalen smatta og hesten humpa. Og denne smattingi og humpingi laga seg umsider til ein slaatt, og slaatten vart kalla Kjednbalen.

 

— Eg hadde ofte undrast paa um langeleiken var brukt til aa dansa etter, og eg spurde Ola Brenno, um han vista noko um Det. Jau, det hadde han sikkert vore. Han hadde sjø1v spela til dans med langeleik fleire sumrar burte i Tonbygdi paa Nes i Hallingdal. Det var um sumaren, og han laag burte paa stølarne der og slo. Og ungdomen var dansegalen, men dei hadde ikkje spelemann. Men so fekk dei greide paa at han spela langeleik. Dermed maatte han i veg. Dei dansa og han spela. Det var sumar etter sumar det. «Men kunde dei som dansa

høyra leiken daa?» spurde eg. «Ja, um dei høyrde han det veit ikkje eg, men naar eg slutta aa laata, so slutta no dei aa danse med,» svara Brenno. I gamle dagar var det nokre som gjekk i kring med leik, fortalde Brenno. Soleis ei som heitte Kleiva-Siri, og so var det ei fraa Etnedalen. Den siste som gjekk slik var vel Berit paa Pynte i Vang. Bestemor til Ola Brenno fortalde at bestemor hennar att, som livde i kring 1750, var flink til aa spela langeleik. Det var soleis mange fyrr. Men ogso no er det ikkje so faa. Uppe i Øystre og Vestre Slidre er det og nokre, umframt dei eg hev nemnt Johannes Halden i Aurdal og Kari Rudi paa Fagernes.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s